KVAR EINASTE AV OSS TEL:

SORG: Det er 25 år sidan Linda Aaland mista faren sin. No har ho funne roa på Gvarv etter mange år med sorg.

– Eg har det ikkje lenger vondt med at pappa tok livet sitt 

I år er Linda Aaland like gammal som faren var då han tok livet sitt. I mange år har ho kjempa med sorg og psykisk sjukdom.

Publisert Sist oppdatert

– Eg var veldig sint og kjende meg forlaten, men eg tenkte aldri at handlinga hans var egoistisk. Han hadde det openbert vondt, seier Linda Aaland.

Då ho var 16 år gammal, mista ho ein av dei viktigaste personane i livet sitt. Faren, som berre var 41 år, valde då å avslutte livet. Det sette djupe spor hos dottera.

Tapet av faren kom to år etter Lindas første skikkelege angstanfall, som ho fekk under konfirmasjonsundervisninga i Nes kyrkje. Angsten forplanta seg etter kvart til skulen.

– Samstundes byrja eg med dei aller første rispene eg laga på meg sjølv. Eg visste ikkje kva det heitte den gongen, men kjende ei umiddelbar skam over kva eg hadde gjort og vart oppteken av å skjule det fordi eg mangla kunnskap til å forklare kva som rørte seg på innsida, seier Linda.

BILETE: Linda har nokre bilete av faren som ho held kjær.

Ein god mann

Faren til Linda, Halvor, dreiv bensin­stasjonen på Gvarv i mange år.

Gjennom jobben vart han eit kjent andlet i bygda. Han var stort sett godt likt og hadde omsut for dei som ikkje alltid hadde det så lett. Han sørgde òg for at alkoholikarane ikkje fekk kjøpe raudsprit, og baud dei heller på pølser som var til overs rundt stengetid.

Linda skildrar faren som ein bra mann, men ein som også openbert bar på vanskelege kjensler.

Då Halvor tok livet sitt heime i romjula 2001, kom det likevel brått på. 

– Då pappa vart funnen, hadde eg etterpå stort behov for å kome meg inn i heimen hans. For meg var det ein måte å vere nær far min på sjølv om han ikkje var der, for han hadde jo vore i live der i huset berre nokre timar før. Eg la meg i senga hans og nekta å bli med då bestefar min kom for å hente meg heim. Eg ville berre sove der, i sengekleda hans, i lukta av han, seier ho.

Etter dette trekte Linda seg stadig meir vekk frå familien, både frå mora og store­systera. Mangelen på ord var stor og dei vanskelege kjenslene og tankane endå større.

Ho søkte nærleik hos vener, og då ho skulle sjå far sin i kista, klarte ho heller ikkje å dele opplevinga med familien. 

– Eg måtte ha med nokon andre, så eg tok nok veldig avstand, seier ho.

I gravferda makta ho heller ikkje å sitje saman med familien.

– Heldigvis hadde og har eg ei raus mor som såg at behovet mitt for avstand var stort. Ho både godtok og støtta meg då eg søkte støtte hjå andre enn henne og familien.

Sorg og store kjensler

Linda leita etter svar og informasjon om angst og sorg, sjølvskading og sakn, men tilgangen på informasjon var annleis tidleg på 2000-talet enn no. 

På biblioteket på den vidaregåande skulen i Lunde fann ho eit blad eller to om sorg­reaksjonar. Biblioteket på Gvarv var uaktuelt, der kjende ho seg for synleg dersom ho skulle be om hjelp til å finne lesestoffet ho trong.

Samarbeidsdesken


Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.

– For meg var det vesle eg las om reak­sjonane på sorg viktig, og eg er framleis oppteken av å kunne ha tilgang til og tileigne meg kunnskap om det ein måtte vere midt oppe i, seier ho.

På skulen fekk Linda god kontakt med både helsesjukepleiar og PPT-rettleiar. Ho fall likevel stadig meir av i faga og var tydeleg prega av det ho gjekk gjennom.

– Det er synleg på karakterane mine frå det skuleåret. Det er eit veldig fall på få månader, og i fleire fag enda eg med stryk. Det er tapet av pappa svart på kvitt, frå bra til toppkarakterer til ok og stryk ved neste termin.

Eit halvt år etter farens død blei Linda køyrd frå skulen og tvangsinnlagd for første gong. Det tok heller ikkje lang tid før ho sjølv prøvde å ta livet sitt.

– Eg var framleis 16 år, og då var det nok. Det er tidleg å møte veggen i sjølve livet, seier ho.

I ettertid tenkjer Linda òg på kva familien må ha stått i.

– Å stå i dette så kort tid etter at pappa døydde, var veldig vanskeleg for dei. Eg kjenner framleis på ansvar for kva eg har utsett vener og familie for av redsle gjennom mange år. Samstundes kjenner eg òg på forståing for den ungdomen og den unge vaksne eg var.

PROSJEKT: På folkehøgskulen redesigna Linda ein sko. Med utgangspunkt i sorga blei den høghæla skoen til ei kiste.

Fekk sørgje

Fredrik Walby er forskar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging. Han peikar på at etterlatne etter sjølvmord har auka risiko for sjølve å ta livet sitt.

– Etterlatne etter sjølvmord har om lag tre gonger så høg risiko for å ta sjølvmord samanlikna med menneske som ikkje er etterlatne. Ein hadde kanskje aldri tenkt på sjølvmord, og så finn ein plutseleg mannen eller sonen sin død. Det er ei stor livskrise, seier han.

For Linda enda det første sjølvmords­for­søket med ei innlegging som varte i ni månader.

Ho lærte litt om sin eigen sjukdom medan ho var innlagd, men blei ikkje særleg mykje friskare. Sjølvskadinga blei meir alvorleg, og tilhøvet til mat blei gradvis vanskelegare.

Skuleåret ho gjekk glipp av, gjorde det òg vanskeleg å halde følgje med jamn­aldr­ingar.

– Eg var allereie ganske langt bakpå, så sjølv om eg prøvde å kome tilbake på skulen, fungerte det ikkje. Ungdoms­psykiatrisk avdeling var den gongen nystarta i denne regionen, og skulegang var ikkje etablert som ein del av tilbodet til avdelinga, fortel ho.

Då Linda hadde vore utskriven frå ung­doms­avdelinga ei lita stund, byrja ho på folkehøgskule på Bømlo. Det blei det siste skuleåret ho fullførte. Då var ho 18 år.

– Eg hadde aldri klart eit ordinært skuleløp det same året. Fordi det var folkehøgskule, og fordi den er lagt opp som den er, klarte eg det. For livet mitt og sjølvkjensla mi var det viktig. Det gav meg stor meistring. Eg synest derfor det er veldig viktig at tilbodet rundt folkehøgskulane blir verande slik at andre får same moglegheit, seier ho. 

På folkehøgskulen fekk ho òg ei anna ro til å ta inn over seg noko av sorga. Ho kunne sjå videoar av faren og endeleg klare å gråte.

– Der kjende dei ikkje meg og eg kjende ikkje dei. Vestlandsøya Bømlo inneheldt ikkje utløysarar frå livet mitt. Eg fekk litt ro til å sørgje, seier Linda.

Vendepunkt i sjukdomen

I åra som følgde etter folkehøgskulen blei det ikkje så mykje betre, og Linda var stadig innlagd, om ho ville eller ei.

Ei av fleire viktige endringar kom då Linda, etter ei lengre innlegging, søkte om leileg­heit som 19-åring. Ho fekk ja og blei buande der i åtte år.

– Ein både les og høyrer om vanskar for dei med stram økonomi med å få bustad. Mange utleigarar godtek ikkje depos­itums­garanti frå Nav, og nokre kjenner skepsis i møte med psykisk sjukdom. Men det slapp eg å møte, og eg fekk leilegheita, seier Linda, og legg til:

– Eg måtte ikkje tvinge meg på eller kjempe for å få leige der, det gav meg ei kjensle av verdigheit som menneske og det gav meg ein god heim.

Ho blei verande mykje i leilegheita i åra som følgde. Angsten var så sterk at ho i fleire år ikkje klarte å gå ut for å hente post i dagslys eller handle sin eigen mat.

– Dei siste åra har eg ofte tenkt på kvifor nettopp eg klarte meg, og kvifor eg ikkje enda som ein del av den vonde statistikken som far min vart ein del av. Det er ikkje til å kome frå at ein god dose heldige tilfelle bidrog til at eg overlevde forsøka mine på å døy. Det er sterkt å kjenne på i dag. I tillegg til desse tilfeldigheitene hadde eg noko å tape, noko som gjorde at eg hadde noko å kjempe for. 

I tillegg til ein god bustad blei stabil økonomi i form av uføretrygd, saman med nettverket hennar, òg viktig.

Med venene kunne Linda vere ein ungdom og ein ung vaksen, medan sjukdommen kunne bli att hos dei profesjonelle. Det vart ein viktig balanse.

At storesystera blei gravid, skulle likevel bli eit avgjerande vendepunkt. Nyheita kom rett etter Linda sin første og siste psykose, som vart utløyst av ein tung depresjon.

– Det dukka opp ei kjensle av ansvar. Viss eg heldt fram med å gjere familien min uroleg, ville det gå utover korleis dette nye mennesket blei teke vare på. Viss alle skulle vere redde for meg, ville dei ikkje ha nok plass i hovudet til å ta vare på den nye, tenkte eg.

Linda kjende at ho no måtte gi alt ho hadde, eller gi opp.

– Då ville eg heilt oppriktig gi opp. Eg var frykteleg sliten av å streve og prøve å finne ut av meg sjølv.

Overlevingsinstinktet vann heldigvis. Det er Linda takksam for den dag i dag.

HØNER: Linda og familien bur på Gvarv. Der har dei fire høner.

Finne tilbake til seg sjølv

Vegen vidare var likevel krevjande. Arbeidet på traumeavdelinga ved Modum Bad var ein viktig del av betrings­proses­sen, men kravde mykje av kroppen. Linda jobba med traume og sorg, og kroppen var heile tida aktivert.

Etter opphaldet på Modum Bad søkte ho seg vidare i behandling hos ein psyko­motor­isk fysioterapeut. I kombinasjon med lege var dette ei føreseieleg og langvarig behandling.

– Eg brukte nokre år på å øve på det å stå opp. Eg pleidde å kaste meg ut av senga før eg eigentleg hadde vakna. Plutseleg stod eg på golvet og dirra. Slik starta dei fleste dagane. Nervesystemet var på adrenalinpunktet heile tida, og kroppen trong lang tid og mykje varsam eksponering, både motorisk og emosjonelt, for å lære seg å kjenne ro igjen, seier Linda.

Ho lærte mykje hos den psykomotoriske fysioterapeuten, men då Linda skulle ut på eiga hand att, sleit ho framleis med å puste.

Løysinga blei å melde seg på songtimar på kulturskulen, der det er mykje arbeid med rett pusting.

– Då eg gjekk inn i tredvåra, kjende eg at livet var til å halde ut, til og med ok iblant. Eg hadde byrja å forstå at eg hadde verdi som menneske, og at eg kunne vere nokon utan å vere sjuk og utan å vere dottera til han som tok livet sitt. Eg hadde også tileigna meg mykje kunnskap og fått reiskapar som rusta meg til å møte vanskelege hendingar og periodar på sunnare vis enn før.

ELVIS: På veggen i huset på Gvarv heng eit bilete av Elvis. Det pleidde å henge i huset til faren til Linda.

Ei ny byrjing

Aksepten for at livet hadde blitt slik det var, og at det no var til å halde ut, førte med seg ei ro og plass til å sjå utover, ikkje berre innover.

På ein rockekonsert møtte ho mannen som skulle bli hennar beste ven, kjærast og far til barna hennar.

– Eg sa frå tidleg at her fanst bagasje, og at han måtte vite om det før han tok stilling til noko som helst, seier Linda

Nokre dagar med tenkjetid enda med eit tydeleg svar: Bagasje eller ei, han likte henne.

– Det fører med seg endå meir ro i det å vere eit par, å vere eit team, seier Linda.

Med to små born i barnehage- og småskulealder har Linda som mål å fullføre vidaregåande opplæring for vaksne innan sommaren 2027. 

Deretter ønskjer ho å studere ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), der dei har studium innan språk, litteratur og historie, interesser som har følgt ho gjennom heile livet.

– Eg treng å kanalisere den driven som finst inni hovudet mitt, og å bruke han til å lære er nyttig og godt. Dessutan ønskjer eg sterkt å kome ut i arbeid, men utan noko arbeidserfaring er eg nøydd til å ha noko anna å vise til, som ei utdanning.

RO: I år er Linda like gammal som faren var då han tok livet sitt. Ho har funne ei ro i det som skjedde for 25 år sidan.

Har funne roa

I dag er Linda ikkje lenger sint på faren som tok livet sitt for 25 år sidan.

I huset på Gvarv sit ho no, 41 år gammal. Ho er like gammal som Halvor blei.

– Eg kjenner at eg er på ein stad i livet der det aldri har vore betre. Det skulle eg ønskje eg kunne ha fortalt til 16 år gamle Linda, seier ho.

Nokre gonger skulle ho ønskje at faren, som betydde så mykje for henne, hadde kome seg over den same knekken som ho sjølv gjorde. Likevel har ho funne mykje ro i det som skjedde.

– Ofte høyrer ein at sorga ikkje forsvinn, men at du lærer å leve med henne. Då kan det høyrest ut som om det held fram med å gjere heilt jævlig vondt. Det gjer det jo for mange, for mange får ikkje høve til å arbeide med sorga like godt. Men eg har det ikkje lenger vondt med at pappa tok livet sitt, seier Linda.

Faren held ho framleis nær seg, berre i ei anna form enn sorga.

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

For barn og unge:

Her finn du fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til hjelp når du har det vanskeleg.

Powered by Labrador CMS