KVAR EINASTE AV OSS TEL:
Mista sonen: – Me har fortsatt fem barn
Å miste eit barn er noko av det vanskelegaste ein forelder kan gå igjennom.
– Då dei køyrde bort med David, kom det eit enormt mammainstinkt. Eg måtte passe på dei fire andre barna, og eg føler nok at det var ein del av det som bar meg gjennom, seier Toril Knutson.
Ho og eksmannen Sigmund Sæther opplevde alle foreldres mareritt for fem år sidan.
Ei veke som starta heilt vanleg, blei til den tyngste perioden i liva deira då sonen, berre nokre månader unna 30-årsdagen, valde å avslutte livet sitt.
– Eg er jo livredd for at nokon av dei andre skal ta livet sitt eller døy. Det veit dei. Det har blitt naturleg at eg reagerer mykje raskare enn før. Eg ser jo fanden på veggen med ein gong, seier Toril.
Det verste som kunne skjedd
David var ein av 658 personar i Noreg som tok sitt eige liv det året, og sorga har sett djupe spor hos dei rundt han.
– Stillingsinstruksen for å vere mamma er på ein måte å gi barnet sitt eit godt liv. Den ultimate mislykkaheita er jo når ungen din tek livet sitt. Det er ikkje det at eg har behov for å vere vellukka, men hovudet fungerte jo sånn at eg tenkte på alt mogleg eg kunne ha gjort for at det ikkje skulle bli slik, seier Toril.
Skuldkjensla lét ho likevel aldri få ordentleg fotfeste. På dei fem åra som har gått, har mykje endra seg, men heime hos Toril står framleis fleire av tinga til sonen urørte.
– Når ein mistar nokon som er glad i deg, særleg når det er barnet ditt, ville det jo vore ille om ein ikkje var lei seg. Det er kjærleiken som gjer at det er vondt.
Asperger-diagnose
David blei fødd 15. mars 1992, og var del av ein søskenflokk på fem. Foreldra oppfatta han tidleg som sjenert, men med fire søsken fekk han mykje sosial trening.
Det var først i vaksen alder dei fekk vite at sonen hadde Asperger syndrom i ein mild grad – ei nevrobiologisk utviklingsforstyrring kjenneteikna av utfordringar i sosial fungering, avgrensa interesser og repeterande åtferdsmønster.
Samtidig var David ein glad og trygg gut, og ein god storebror for Paul. Heime tok han mykje ansvar for veslebroren. Ute var det ofte Paul som leidde an, fordi han forstod seg betre på det sosiale.
På skulen blei det likevel vanskeleg. Begge gutane opplevde hard mobbing, som i dei verste tilfelle enda på legevakta. For David blei dette ei stor belastning, og han vegra seg lenge for å gå på skulen.
– Eg angrar på at eg var så streng for å få dei på skulen. Det hadde vore mykje betre om dei fekk vere litt heime, seier Sigmund.
Heime og på fotballbanen fann likevel David tryggleik. Han var kreativ og glad i å lage ting.
– Det smykket som heng midt i vindauget der, har han laga. Han likte å lage ting av ingen ting, som ståltråd og ein stein, seier Toril med eit stolt smil.
Opp- og nedturar
Åra vidare baud på både oppturar og nedturar. På ungdomsskulen mistreivst David så mykje at han avbraut skuleåret og byrja på internatskule ved Tyrifjord.
Der fekk han sansen for teater, og Toril fortel at sonen hennar var full av sjølvtillit mot slutten av året. Samtidig kom angsten og depresjonane tilbake gong på gong – noko som ofte følgjer Asperger-diagnosen. Sjølv om det fanst gode stunder, var dei depressive periodane svært tunge.
Særleg blei dette tydeleg etter at han flytta til Kongsberg, der han sleit med å fullføre ingeniørutdanninga han hadde starta på.
– David opplevde å miste ein kjærast til sjølvmord. Etter at ho døydde, fann me ut at ho hadde vore gravid og mist barnet. Det var nok ei ekstra bør for David då han kom inn i dei djupaste depresjonane, seier Toril.
Møtte motstand
Hjelpa David fekk opplevde han som varierande. Hos DPS på Notodden fekk han ein behandlar med god kunnskap om Asperger-diagnosen, noko som hjelpte mykje. Andre bidrog òg med god hjelp.
Samtidig opplevde han ein del motgang i systemet, ifølgje foreldra.
– Han sleit med NAV i lang tid. Det gjorde han motlaus og redd, og han opplevde at det var lite forståing for at han ikkje greidde å jobbe 100 prosent på grunn av Asperger-diagnosen, seier Toril.
David prøvde fleire gonger å kome seg ut i arbeidslivet utan at det fungerte over tid. Mellom anna fekk han jobb på jernverket og treivst godt, men lange arbeidsveker blei for krevjande.
Prosessen blei òg tung for Toril og Sigmund, som til slutt måtte kontakte advokat for å få hjelp.
– Han fekk til slutt uføretrygd, og etterbetalt for tida før. Då hadde han eitt år med eit vakse og menneskeverdig liv, om ein kan seie det slik, seier Toril.
Så snudde det igjen. David fekk diabetes, noko som blei endå ei belastning. På nettet fann han informasjon om at han kunne bli kvitt sjukdommen ved å ete berre 200 kaloriar om dagen – noko som ikkje er forskingsbasert.
– Det var heilt krise, for då blir du jo heilt utsliten, deprimert og øydelagd, seier Toril.
Natta han døydde
Diabetesen blei dropen som fekk glaset til å renne over for 29-åringen. Det siste søket på PC-en hans viste at det ikkje var mogleg å bli kvitt stoffskiftesjukdommen – det var noko permanent som aldri kom til å forsvinne.
David var òg utmatta fordi han åt lite, og dei tunge depresjonane hadde tært på han i årevis.
– Den siste gongen han var hos meg, sa han: «Mamma, eg orkar ikkje ein depresjon til». Eg skjønte jo det, men eg håpte at det ikkje skulle bli slik, for han hadde klart å krabbe seg gjennom mange gonger før, seier Toril.
Natta til 24. november forsvann han frå huset til faren.
– Bilen min var borte, og nøklane som låg i bukselomma, låg på skrivebordet. Då tenkte eg at dette likte eg ikkje. Samtidig henta han vatn av og til på Nordagutu, for me hadde ikkje så godt vatn heime. Eg håpte det var der han var, seier Sigmund.
Men David kom ikkje tilbake, og Sigmund byrja å leite og ringte til Toril. Sjølv om han håpte, blei han ikkje overraska då han fann sonen sin.
– Eg ropte utan å få svar.
Da såg han endeleg sonen sin.
– Det var veldig vondt. Så tenkte eg at nå ringer eg politiet. Det gjekk på automatikk, seier Sigmund.
Han blei samtidig møtt av Toril som kom til staden.
God hjelp
For Toril blei det siste møtet med sonen viktig i sorgprosessen. Ho blei møtt av naudetatar som viste omsorg og medynk, og fekk moglegheita til å ta eit siste farvel med barnet sitt.
– David var jo ikkje der, han var død, men det å halde rundt han og seie at eg unte han fred, det var forferdeleg viktig for meg, seier ho.
Sigmund fekk òg moglegheita til å gi sonen ein siste klem før han blei køyrd bort i gravferdsbilen.
– Brannvesen, politi, ambulanse og kriseteamet gjorde ein fantastisk jobb, seier Toril.
Særleg kriseteamet blei viktig i tida etterpå. Medarbeidarane fungerte både som sjåførar og støttepersonar i ein kvardag der alt som vanlegvis var lett å hugse på ikkje lenger hadde ein plass i verda.
Då var det godt å ha nokon som kunne minne dei på enkle ting som å ete og sove.
Det er betre å ha hatt David og mist han, enn å ikkje ha hatt han.
Støtta kvarandre
I tillegg til kriseteamet fekk Toril god støtte i sorggruppa i kommunen. Der møtte ho andre i liknande situasjonar, og fann eit rom med forståing og plass til sorg.
Familien valde òg å vere open om at David hadde teke sitt eige liv, og opplevde mykje støtte frå lokalsamfunnet.
– Det var alltid nokon som tok kontakt og gav meg ein klem, gret saman med meg eller sa noko fint, seier Toril.
Noko av det viktigaste blei likevel støtta dei fann i kvarandre. Toril og Sigmund var ikkje lenger gifte på dette tidspunktet, men stilte opp når den andre trong det.
Dei gjekk lange turar til Nes og Odden brygge og prata saman i timevis. For Sigmund blei desse samtalane avgjerande.
– Etter desse samtalane følte eg på ein måte at me kunne konkludere med at me hadde gjort det me kunne, og at me ikkje kunne ha føresagt det som skjedde, seier han.
Dei er begge takksame for at sorga ikkje skapte splitting i familien.
– Eg er forferdeleg takksam for at ingen ting fekk øydeleggje mellom oss. Det er så lett å byrje å klandre kvarandre når ting gjer så vondt, avsluttar Toril.