KVAR EINASTE AV OSS TEL:
– Mange har på eit tidspunkt i livet hatt tankar om å ikkje ville leve lenger
Når kvardagen blir for tung, kan mørke tankar dukke opp. Fagfolka ved Rask psykisk helsehjelp oppmodar folk til å søkje hjelp tidleg.
– Eg tenkjer det er viktig å få fram kor vanleg det eigentleg er å ha tankar om sjølvmord i løpet av livet. Det gjeld veldig, veldig mange. Ofte er det meir ein tanke om å ønskje å sleppe ut av ein fortvila situasjon enn at det faktisk er reelle planar om sjølvmord.
Det seier teamleiar og psykolog ved Rask psykisk helsehjelp (RPH), Mats Svalebjørg.
Han meiner det er avgjerande å vere open om at mange ber på slike tankar i løpet av livet, sjølv om det er noko dei færraste snakkar høgt om i kvardagen.
– Det er jo ikkje slik at ein er gal om ein har slike tankar. Det handlar berre om at ein har kome inn i veldig negative tankespiralar. Då treng ein hjelp til å stoppe opp og få snudd det rundt, seier kognitiv terapeut og spesialvernepleiar Elin Haugerud Bringsvær.
Når slike tankar melder seg, er derfor bodskapen frå fagfolka at ein ikkje skal sitje med dei åleine.
Låg terskel for hjelp
Ifølgje Helsenorge kan sjølvmordstankar kome i samband med psykiske plager som depresjon, men dei kan òg utløysast av krevjande livsperiodar som samlivsbrot, sjukdom, utfordringar på jobben eller økonomiske vanskar.
I Midt-Telemark kommune finst det fleire ulike hjelpetilbod for dei som slit, og Rask psykisk helsehjelp er eit reint lågterskeltilbod.
Målet er å gi rask hjelp utan krav til kor djupt ein person må sitje fast, og ein treng heller inga tilvising frå lege.
Kognitiv terapeut og vernepleiar Anne Grethe Evju understrekar at det ikkje finst nokon nedre terskel for å ta kontakt.
– Du kan kjenne deg berre litt nedstemt, eller merke at du blir veldig engsteleg i enkelte situasjonar. Det er mykje betre å ta kontakt tidleg enn å vente til tankane blir så mørke at ein byrjar å vurdere om ein i det heile skal vere i denne verda, seier ho.
– Ein skal ikkje bekymre seg for om ein tek opp plassen til nokon som treng det meir. Det er nettopp for dykk me er her, legg Svalebjørg til.
Kvardagslogistikken er ofte noko av det som får begeret til å renne over. Teamet opplever at kombinasjonen av jobb, barn, grensesetting og eit høgt aktivitetsnivå gjer at det til slutt seier stopp.
– Me jobbar mykje med energibalanse og korleis ein kan setje opp kvardagen på ein litt annan måte for at ting skal gå rundt, seier Bringsvær.
Kan ta opptil to veker
Hos RPH ønskjer dei at folk tek kontakt sjølve, noko ein enkelt kan gjere via eit førespurnadsskjema på nettsida til kommunen. Det er òg mogleg å ta kontakt over telefon.
Sjølv om tilbodet heiter Rask psykisk helsehjelp, er det ikkje ei akutt teneste, og det kan ta opptil to veker å få ein time, avhengig av kapasitet.
– Me er tre stykk i teamet og har ikkje nokon faste ventelister. Det handlar mest berre om når me har neste ledige opning, forklarar Svalebjørg.
RPH fungerer likevel som ein viktig del av hjelpetilbodet i kommunen, ved sida av tilbod som Psykisk helse og meistring, Ung Arena og Frisklivssentralen. Dei har òg ein losfunksjon.
– Det betyr rett og slett at viss me ser at det ikkje er vårt tilbod som passar best, så vurderer me kva andre hjelpetilbod som finst. Deretter tipsar me om dette eller hjelper vedkomande vidare til rett stad, seier Svalebjørg.
Ved akutt sjølvmordsfare eller akutt behov for hjelp må ein kontakte lege eller legevakt med ein gong, sidan slik oppfølging ligg under spesialisthelsetenesta.
Vegen ut av negative spiralar
For dei som ikkje treng akutt hjelp, handlar arbeidet om å bryte dei negative tankespiralane og finne konkrete måtar å få kvardagen til å fungere betre på.
– Det er jo på ein måte litt spesielt for denne tenesta at me har fokus på at folk skal få teknikkar som kan gjere at dei får det betre. Det er kanskje ikkje den typiske støttesamtalen. Me er meir endringsfokuserte, seier Bringsvær.
Målet er at dei som kjem til RPH, skal sitje att med konkrete verktøy dei kan bruke i kvardagen og vidare på eiga hand.
– Me vurderer heile tida kor nyttig dette er, for det er inga meining i at folk skal gå her dersom dei ikkje opplever at det hjelper. Nokre gonger skal det ikkje så mykje til før ting snur og blir betre. Skulle utfordringane dukke opp igjen seinare, er det berre å ta kontakt på nytt. Det er ikkje slik at ein berre har éin sjanse, seier Evju.
Rask psykisk helsehjelp held stengt i tre veker i sommar, men elles er bodskapen frå teamet tydeleg:
– Ein treng ikkje vente til tankane blir uthaldande eller situasjonen blir akutt før ein ber om hjelp.