KVAR EINASTE AV OSS TEL:

MÅ SPØRJE: Berit Bjørnerud har jobba i kyrkja i 30 år, og har erfaring i å møte menneske som har det vondt

Berit har eit klart råd: – Du kan redde liv ved å spørje

Mange er redde for å seie feil når nokon har det tungt. Berit Bjørnerud meiner stilla kan vere farlegare enn spørsmåla.

Publisert Sist oppdatert

– Ein må vite og skjøne at tankar om sjølvmord finst hos folk for å kjenne dei att når dei kjem, eller når antydningane kjem. Det er ikkje farleg å spørje direkte. Det trur eg er det viktigaste me kan gjere, seier Berit Bjørnerud.

Ho er prostiprest i Øvre Telemark prosti og har lagt 30 år som prest bak seg. I dei åra har ho møtt menneske i både gode og vanskelege delar av livet.

– Må tore å spørje

Arbeidslivet har teke Bjørnerud gjennom jobbar som sokneprest og sjømannsprest offshore i Sjømannskirken, inkludert Nettkirken, før ho blei prostiprest.

I tillegg til vanlege arbeidsoppgåver som gudstenester, gravferder, vigslar og samtalar, har ho i jobben møtt menneske i mange ulike livssituasjonar – også dei som slit tungt.

Fleire av desse kom ho i kontakt med då ho jobba i Nettkirken, og nokre har ho følgt opp over tid.

Som lokalprest har Bjørnerud òg møtt mange menneske ansikt til ansikt, og ho har aldri styrt unna dei vanskelege spørsmåla når ho har kjent at noko ligg under overflata.

«Eg høyrer du seier det, men kva er det du legg i det?» og «Har du tenkt på sjølvmord?». Det er spørsmål ho kan stille.

– Er det noko livet og jobben har lært meg, er det at det aldri er farleg å spørje folk. Dei som har slike tankar, vil stort sett seie ja. Dei som ikkje har det, kjem ikkje plutseleg på idéen fordi me spør. Me gir dei ikkje ein «oi, det hadde eg ikkje tenkt på før», seier Bjørnerud.

Godt med tillit

For prostipresten kjennest det meinings­fullt å kunne vere der for menneske som slit, sjølv om det òg er tungt å stå tett på smerta til andre.

– Det er både godt og vondt på same tid. Det gode er dei gongene ein blir vist tillit, og at eg får lov til å kome litt inn i livet til folk, seier Bjørnerud.

Ho har erfart kor viktig det er å møte menneske på grunnlag av slik dei faktisk har det – ikkje slik ein sjølv trur dei har det.

– «Korleis har du det eigentleg?» og «Kva er det du prøver å seie no?». Det trur eg er viktige spørsmål. Ein må òg lytte skikkeleg og ope, og møte andre heilt på alvor - og som seg sjølve, seier Bjørnerud

Ho meiner det òg handlar om å tore å stå i det som er vanskeleg.

– Eg trur det er viktig at eg ikkje blir for redd. Dersom eg blir veldig redd, klarer eg ikkje vere til stades. Då vil eg unngå dei vanskelege spørsmåla, seier ho.

Har avvegingsplikt

Kyrkjeleg tilsette har teieplikt, altså plikt til å halde personlege opplysningar hemmelege.

Likevel har Bjørnerud òg avvegingsplikt. Dersom nokon kontaktar henne og fortel at dei er på veg til å ta sitt eige liv, har ho plikt til å reagere og kontakte naudhjelp.

– Eg ville likevel aldri gjort det utan å seie det til personen først. Eg ville alltid snakka med vedkommande og sagt at no må eg reagere, seier prostipresten.

Ho peikar samstundes på kor komplisert slike situasjonar kan vere og at avvegingsplikt berre gjeld i ein akutt situasjon.

– Dersom eg har samtale med ein person som er gift og har barn, og som fortel meg at han eller ho har tenkt å ta livet sitt, så har ikkje eg lov til å informere familien om det, seier Bjørnerud.

– Ein må tore å bry seg

Prostipresten meiner det viktigaste ein kan gjere dersom ein er uroa for nokon, er å vise at ein bryr seg, og spørje.

– «Korleis har du det eigentleg?» er på ein måte eit ope spørsmål som den andre kan svare på. Ein må dessutan ha ei ramme rundt som gjer at det er mogleg å gi eit ærleg svar, seier ho.

Dersom svaret først kjem, meiner ho det er viktig å ta det på alvor.

– Får ein svar om at «eg har det skikkeleg tøft» eller at «alt kjennest svart», så må ein tore å vere til stades. Kan hende treng personen meir hjelp enn det me kan gje, og då kan me hjelpe dei vidare. Det kan vere ulike typar hjelp folk treng, seier Bjørnerud.

For somme handlar det om psykisk helse og behov for profesjonell hjelp. For andre kan problema vere meir praktiske.

– Dersom det er økonomiske problem, så må ein kanskje gå til banken. Det hjelper ikkje berre å ringje presten. Ein kan gjere det òg, men ein må få hjelp frå Nav eller banken, eller kven det måtte vere - få rydda opp og tru at det er mogleg å rydde opp.

Gjennom alle åra som prest har Bjørnerud sett kor mykje det betyr at nokon faktisk torer å vere til stades når livet blir mørkt.

– Eg trur mange er redde for å seie noko feil. Men ofte handlar det eigentleg berre om å vere der, lytte og vise at ein bryr seg, avsluttar ho.

Treng du nokon å snakke med?


Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

For barn og unge:

Her finn du fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til hjelp når du har det vanskeleg.

Powered by Labrador CMS