KVAR EINASTE AV OSS TEL:
Dei siste 15 åra har Midt-Telemark mista 30 personar til sjølvmord
Tal på menneske som tek livet sitt i Noreg går stadig oppover. I 2024 vart det registrert 739 sjølvmord.
«Kvart einaste sjølvmord er ei tragedie. For han og ho som opplevde livet så tungt og mørkt at det stod fram som ei løysing å forlate det. For familie og vener som står att i sjokk og sorg. For det store fellesskapet som mista ein av sine. Sjølvmord er eit betydeleg samfunns- og folkehelseproblem.»
Slik innleidde regjeringa handlingsplanen for førebygging av sjølvmord i perioden 2020–2025.
Likevel held sjølvmordstala seg relativt stabile.
I gjennomsnitt har 658 menneske teke livet sitt i Noreg kvart år dei siste fem åra. I 2025 var det 655, som var ein nedgang frå 739 i 2024.
– Er ikkje på rett veg
Psykolog og forskar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF), Fredrik Walby, åtvarar likevel mot å tolke nedgangen som eit teikn på at pilene endeleg peikar riktig veg.
– Me skal overhodet ikkje slå oss på brystet og seie at me er på rett veg med å løyse dette store samfunnsproblemet. Ratene har vore stabile over lang tid, og den markante nedgangen alle ønsker seg uteblir framleis, seier han.
Flest menn
I 2024 vart det registrert 739 sjølvmord i Noreg, 543 hos menn og 196 hos kvinner. Det betyr at tre av fire som tek sitt eige liv er menn.
Av desse er halvparten eldre og halvparten yngre enn 47 år, då medianen for sjølvmord i Noreg er 47 år.
– Nær halvparten av denne gruppa har vore i kontakt med spesialisthelsetenesta under psykisk helsevern eller rusbehandling det siste året før dei tek sitt eige liv seier Walby.
Walby peikar på at risikoen for sjølvmord er aller høgast dei første vekene etter enda kontakt med spesialisthelsetenesta, og at det derfor er viktig at kommunen tilbyr vidare behandling og støtte i denne kritiske perioden.
– Om nokon tek imot desse menneska når dei vert skrivne ut, ser ut til å variere veldig frå kommune til kommune, seier Walby.
Han meiner me kunne fått ned sjølvmordstala viss folk hadde fått betre oppfølging etter avslutta behandling i spesialisthelsetenesta.
Statistikk i Midt-Telemark
| År | Kommune | Kommunenummer | Antall dødsfall | Antall selvmord |
| 2009-2013 | Midt-Telemark | 4020 | 482 | 12 |
| 2014-2018 | Midt-Telemark | 4020 | 494 | 9 |
| 2019-2023 | Midt-Telemark | 4020 | 447 | 9 |
Kjelde: Samarbeidsdesken
Situasjonen i Midt-Telemark
Over dei siste 15 åra, med utgangspunkt i 2023, er det 30 menneske som har gått bort på grunn av sjølvmord i Midt-Telemark.
Frå 2019 til 2023 var det 447 personar som døydde i Midt-Telemark. Av desse var ni sjølvmord.
Dette er ein nedgang frå perioden 2009 til 2013 da talet på sjølvmord var 12.
Dette er tal som Bø blad har fått frå Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.
For å kunne samanlikne kommunetala er tala rekna om til sjølvmord per 100.000 innbyggjarar.
I Telemark ligg fleire av kommunane godt over landssnittet når det gjeld tal på sjølvmord.
Siljan, Drangedal, Tokke og Notodden toppar lista i fylket.
Ventetid i spesialisthelsetenesta
| År | Helseforetak | Ventetid: voksne | Nasjonalt snitt: voksne | Antall: voksne | Ventetid: barn og unge | Nasjonalt snitt: barn og unge | Antall: barn og unge |
| 2019 | SYKEHUSET TELEMARK HF | 36 | 44 | 1718 | 34 | 45 | 608 |
| 2020 | SYKEHUSET TELEMARK HF | 29 | 44 | 1624 | 34 | 44 | 681 |
| 2021 | SYKEHUSET TELEMARK HF | 34 | 46 | 1903 | 36 | 50 | 890 |
| 2022 | SYKEHUSET TELEMARK HF | 35 | 50 | 1617 | 37 | 54 | 747 |
| 2023 | SYKEHUSET TELEMARK HF | 61 | 54 | 1438 | 43 | 55 | 848 |
Kjelde: Samarbeidsdesken
Etterlatne også i risikosona
Sjølvmord har betydelege konsekvensar for familie, andre nære personar og for samfunnet. Om ein reknar 10 etterlatne per sjølvmord så vil om lag 7000 nye etterlatne bli råka i Noreg kvart år, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).
Dei som blir igjen er også sjølv meir utsette i etterkant.
Walby meiner sjokket og sorgreaksjonen etter eit sjølvmord ofte fører til eigen sjukdom hos etterlatne.
– Etterlatne etter sjølvmord har omtrent tre gonger auka risiko for sjølvmord, samanlikna med menneske som ikkje er etterlatne. Ein hadde kanskje aldri tenkt på sjølvmord, og så finn ein plutseleg mannen eller sonen sin død. Det er ei stor livskrise, seier han.
Forskaren fortel også at det er store variasjonar i tilbodet som etterlatne får i dei forskjellige kommunane, og at fleire ikkje får den oppfølginga dei treng.
– Det er ikkje fordi folk ikkje bryr seg, men fordi kommunen ikkje har hatt nok fokus på korleis dei organiserer arbeidet for å få det til, seier han.
Til orientering har me justert nokre tal i artikkelen etter første publisering.