KVAR EINASTE AV OSS TEL:
Her er dei som møter deg når det verste skjer
Sjølvmord, ulykker og akutte kriser set spor i eit lite lokalsamfunn. Det psykososiale kriseteamet skal vere den første støtta når sjokket kjem.
– I dei sakene me er ute på, får me vere med og hjelpe menneske i det som kanskje er den vanskelegaste situasjonen i livet deira. Det er krevjande, men òg veldig givande, seier leiar for psykososialt kriseteam i Midt-Telemark, Kristine Von Hirsch.
Når ulykker, brå dødsfall eller andre alvorlege hendingar rammar lokalsamfunnet, er det dette teamet som rykker ut for å gi psykososial førstehjelp til dei som står midt i sjokket.
Ikkje sjølvsagt teneste
Kriseteama i Bø og Sauherad blei samanslått i 2017, tre år før kommunesamanslåinga og oppretting av Midt-Telemark kommune 1. januar 2020.
Både Bø og Sauherad hadde eigne psykososiale kriseteam før samaslåinga, men eit slikt tilbod er ikkje sjølvsagt i alle kommunar.
Teamet er tverrfagleg samansett og består av elleve tilsette med ulike funksjonar i kommunen: Helsepersonell, barnevern, helsestasjon, lege, psykisk helse og meistring, diakon, familierettleiar og flyktningteneste er representert.
Teamet ønskjer òg å ha med ein representant frå skule og oppvekst.
– Alle har sine ordinære jobbar i kommunen. Med bakgrunn i rolla dei har til vanleg, i tillegg til personleg eignaheit, er dei ein del av kriseteamet i tillegg, forklarer Von Hirsch.
Det er ikkje knytt fast stillingsprosent til arbeidet i kriseteamet. Teamet møtest om lag to gonger i halvåret, i tillegg til direkte kontakt når hendingar oppstår.
Vaktordning og utrykking
Aktivering av teamet skjer oftast gjennom AMK, legevakt eller politi. Ei kommunal vaktordning sørgjer for at nokon alltid er tilgjengelege.
– Når me får ein førespurnad, vurderer me kva behov som ligg der og kven som bør rykke ut. Ideelt sett set me saman eit team ut frå type sak, til dømes med særleg kompetanse på barn dersom barn er involvert. Samstundes må me ta omsyn til kven som faktisk er tilgjengelege, seier Samuel Pedersen, som er med i kriseteamet.
Vanleg praksis er at to personar rykker ut, medan ein tredje held oversikt og koordinerer frå kontoret. Målet i den akutte fasen er å kartleggje behov og skape ro.
– Mandatet vårt er å yte psykososial førstehjelp. Me er ein del av kommunen sin overordna kriseberedskap, men vår spesifikke oppgåve er å møte dei menneskelege reaksjonane når ei krise har skjedd, seier Von Hirsch.
Teamet handterer mellom ni og tolv hendingar i året. Kvar sak er ulik, men fellesnemnaren er at nokon brått har fått livet snudd på hovudet.
– Det kan vere ulykker, brå dødsfall eller andre dramatiske situasjonar som kjem heilt uventa og etterlet familiar i sjokk. Då treng dei støtte der og då, seier Von Hirsch.
Sjølvmord i ei lita bygd
Nokre av dei mest krevjande oppdraga kjem i etterkant av sjølvmord. I perioden 2009–2023 mista Midt-Telemark 30 personar til sjølvmord.
– Det kjem ofte som lyn frå klar himmel. Ofte gjeld det menneske ingen har oppfatta å ha vore i faresona, og som me i helsevesenet ikkje har hatt kjennskap til. Det gjer det ekstra vanskeleg for pårørande, som sit att med skuld og spørsmål om kvifor dei ikkje såg teikna, seier Von Hirsch.
Ifølgje forskar Fredrik Walby, forskar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging, har etterlatne ein betydeleg auka risiko for sjølve å utvikle alvorlege psykiske plager.
Det understrekar kor viktig det er å møte menneske raskt med støtte og tryggleik i den første fasen.
I små lokalsamfunn kan situasjonen bli ytterlegare krevjande når rykte og spekulasjonar spreier seg raskt. Tausheitsplikta er derfor heilt avgjerande for kriseteamet sitt arbeid.
– Det kan vere krevjande når historier går på sosiale medium og ikkje stemmer. Da må me halde oss til rolla vår og verne dei det gjeld, seier Von Hirsch.
Ikkje oppfølging
Sjølv om dei møter menneske i dei mest sårbare augneblinka, er det ikkje kriseteamet som har ansvar for den langsiktige oppfølginga.
Teamet går inn i den akutte fasen og kan vere til stades ei kort tid etter hendinga, men vidare oppfølging blir overført til andre instansar i kommunen.
– Ser me behov for vidare hjelp innan psykisk helse, hos lege eller diakon, leier me dei pårørande vidare til rett instans. Me er ei akutt teneste som rykker ut når noko har skjedd, seier Von Hirsch.
Pedersen understrekar at mange familiar har solide nettverk rundt seg og klarer mykje på eiga hand.
– Nokre har gode støttespelarar som stiller opp med ein gong. Andre har ikkje det, eller har særlege behov, og då kan me vere eit supplement i den første, kaotiske fasen, seier han.
Nye tendensar
Dei siste åra har dei merka ei endring i forventningane til når dei skal kome.
Utviklinga går i retning av at kriseteam blir kalla inn stadig tidlegare i forløpet.
– Me opplever at me blir bedne om å kome raskare ut enn før, somme tider medan personen framleis ligg i ambulansen. Det er eigentleg ikkje der me skal vere. Rolla vår er i etterkant, når det første sjokket har lagt seg og behovet for samtale og støtte melder seg, seier Kjartan Berland, også han ein del av kriseteamet.
Å vere medmenneske
Arbeidsreiskapen til kriseteamet er i stor grad dei sjølve. Det krev både fagleg tryggleik og evne til å halde profesjonell avstand i møte med sterke inntrykk.
– Me må alltid ha fokus på å hjelpe den som står i situasjonen. Særleg saker som gjeld barn og unge kan vere tøffe, men då må eg flytte merksemda over på kva behov dei har akkurat no, seier Von Hirsch.
Menneske reagerer også svært ulikt når krisa rammar.
– Nokre blir stille og tilbaketrekte, andre græt mykje. Reaksjonane kan variere sterkt, og det finst ikkje éin rett måte å reagere på, seier kriseteamleiaren.
Oppgåvene kan først verke enkle, men kan ha stor betydning i ein kaotisk situasjon. Det kan handle om å snakke med dei pårørande, hjelpe dei med å hente familie, sørgje for at det kjem mat og drikke på bordet, eller berre vere til stades.
– Det handlar om å tone seg inn på mennesket ein møter, lese kroppsspråk og vere roleg og avventande. Me er der for å hjelpe, ikkje for å overta krisa, avsluttar Von Hirsch.