MEINING:
– Slepp unge til som beredskapssvener
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Eigenberedskapsveka i veke 44 vil handle mykje om lagring av mat og vatn, nødstraum og kriseberedskap i kommunen.
Men god beredskap handlar like mykje om korleis barn og vaksne kan hjelpe og gi omsorg til kvarandre når kvardagen blir utrygg.
Derfor oppmodar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) alle til å skaffe seg ein «beredskapssven», ein person som kan bidra med praktiske oppgåver, informasjon og støtte i ein krisesituasjon.
Barn og unge seier til Barneombodet at dei sjølv er klare til å ta på seg denne rolla.
Vi er vande til å tenkje på barn som nokon som treng hjelp når krisar rammar. Det er sjølvsagt viktig. Samtidig fortel ungdommane sjølv noko anna til Barneombodet: Dei ønskjer òg å vere ein ressurs for andre.
Beredskap handlar om menneske som stiller opp for kvarandre. Då er det verdt å hugse at mange ungdommar både vil og kan vere den personen andre treng i ein krisesituasjon.
Barnebarometeret 2026, der over 1500 ungdomsskuleelevar har svart, viser at meir enn åtte av ti ungdommar ønskjer å bidra dersom ei krise rammar.
Unge fortel at dei kan hjelpe andre med både praktiske oppgåver og sosial støtte, også utanfor eigen familie og vennekrins. 42 prosent meiner det bør kunne stillast forventningar til at ungdom bidreg i ein krise, medan 40 prosent ønskjer å bidra på eigne premissar. Dei er òg opptekne av at ingen skal måtte møte ei krise åleine.
Vi ser ofte at barn og unge følgjer nøye med på det som skjer rundt dei. Dei ønskjer informasjon, dei vil vere førebudde, og dei vil forstå korleis dei kan bidra.
Når vi snakkar om beredskap i kommunane våre, bør vi derfor ikkje berre tenkje på korleis vi kan verne barn og unge. Vi bør òg spørje korleis vi kan gi dei høve til å vere med og styrke beredskapen. I ei krise kan det å sende ei melding, inkludere nokon som er åleine eller hjelpe ein nabo, vere like viktig som det som ligg i beredskapslageret heime.
Lokalt kan vi gjere mykje for å sleppe unge til. Kommunar, frivillige organisasjonar, skular og lokalsamfunn kan invitere ungdom inn i beredskapsarbeidet, lytte til erfaringane deira og gi dei konkrete oppgåver og ansvar som er tilpassa alder og situasjon.
Det vil styrkje beredskapen vår. At ungdom blir gitt høve til å bidra under ei krise, betyr òg mykje for opplevd motstandskraft og evne til å stå i situasjonen.
Når neste krise rammar, må vi ikkje berre tenkje på å verne barn og unge, men hugse at dei òg er ein ressurs. Unge er mykje meir enn ei «sårbar gruppe». Dei har viktig innsikt om kva som trengst for unge i ein krise, og dei har vilje til å stille opp for andre. Kunnskapen om dette må med når planane blir lagde for neste krise.