KVAR EINASTE AV OSS TEL: 

SAMARBEIDER: Cato Listhaul i politiet (f.v.), Kai Lindgren og Roar Smukkestad i Nome og Midt-Telemark brann og redning og Sondre Rulnes Røstad i Bø og Sauherad Røde Kors.

– Me har mange fleire oppdrag knytt til psykisk helse enn før

Dei siste 15 åra har naudetatane opplevd ein markant auke i oppdrag knytte til psykisk helse.

Publisert Sist oppdatert

– For 15 år sidan var me sjeldan borte i slike hendingar, men no skjer det fleire gonger i året. Me har fått langt fleire oppdrag knytte til at folk forsvinn eller ønskjer å ta sitt eige liv, seier Roar Smukkestad i Nome og Midt-Telemark brann og redning.

Tala for antal sjølvmord i Midt-Telemark støttar opp under denne observasjonen.

I løpet av dei siste 15 åra, med utgangspunkt i 2023, har me mista 30 menneske til sjølvmord i kommunen.

På landsbasis har i gjennomsnitt rundt 676 menneske teke sitt eige liv kvart år dei siste fem åra, ifølge tal frå FHI.

Også frivilligheita merkar den same utviklinga.

– For Røde Kors sin del ser me på landsbasis at me har langt fleire oppdrag knytte til psykisk helse no enn tidlegare, stadfestar Sondre Rulnes Røstad i Bø og Sauherad Røde Kors Hjelpekorps.

Samarbeidsdesken

Talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.

Grundige undersøkingar

Sjølv om mange etatar bidreg, er det politiet og helsevesenet som oftast vert kopla på først ved hendingar knytte til psykisk helse.

Dersom nokon er i fare for å ta sitt eige liv i sin eigen bustad, vert situasjonen handtert som eit helseoppdrag der politiet hjelper ambulansen.

Politibetjent Cato Listaul fortel at dette er oppdrag politiet står overfor med jamne mellomrom, sjølv om dei ikkje har konkrete tal på akkurat denne typen oppdrag.

– Når me får ei melding om ein person som kanskje er suicidal og har køyrt av garde, er det ikkje automatisk slik at me trykkjer på den store leiteknappen med ein gong. Då gjer me først ei mengd undersøkingar og etterforskingssteg for å finne ut kvar personen kan ha dratt. Mange oppdrag vert avslutta ved funn, før Røde Kors, brannvesenet og andre frivillige vert kalla ut, seier Listaul.

Ved behov for ekstra mannskap eller søk i terrenget, blir brannvesenet, Røde Kors og andre frivillige ressursar kopla på.

Alle søk- og redningsaksjonar (SAR) vert sette i verk og leidd av politiet.

FLEIRE OPPDRAG: Røde Kors har generelt fleire oppdrag innan psykisk helse i landet. Det gjeld frå demens til sjølvmord, fortel Sondre Rulnes Røstad.

Må møte folk med empati

Politibetjent Listaul understrekar at ingen situasjonar er like, og at det krevst stor empatisk innsikt å møte folk som har det vanskeleg.

– Det er ikkje alltid at slike situasjonar gjeld folk som har vore psykisk sjuke i mange år. Det kan like gjerne vere akutte livskriser som gjer at tankar om sjølvmord dukkar opp. Vår jobb er å lytte, trygge og assistere med å få hjelp før helsevesenet overtek, seier han, og legg til:

– Me møter menneske med respekt, og lèt dei få lov til å sørgje og reagere utan at me utagerer tilbake.

Krevjande situasjonar

Det å møte folk i djup krise i eit lite lokalsamfunn gjer òg noko med dei som rykker ut.

I Midt-Telemark er det ein reell sjanse for at mannskapa kjenner dei som er involverte, og det vert derfor heile tida gjort faglege vurderingar undervegs for å skjerme eige mannskap.

Vanskelege situasjonar er likevel ein uunngåeleg del av kvardagen for hjelparane. Både store trafikkulukker og sjølvmord må ein handtere profesjonelt når meldinga kjem over sambandet.

I AKSJON: Røde Kors rykker ut saman med politiet på leiteaksjonar. (Illustrasjonsbilde).

– Det finst ikkje éin enkelt måte å gå inn i dette på, men me må møte slike situasjonar slik som me møter andre oppdrag. Me har ein jobb å gjere, seier Listaul.

Han peikar på at fokuset under aksjonar alltid er retta mot arbeidsoppgåvene, noko som hjelper mannskapa med å halde hovudet kaldt der og då.

– Frå utsida er det lett å tenkje at dette er utruleg trist og alvorleg, noko det også er. Men når ein er på jobb og har definerte oppgåver på førehand, står ein ikkje der og dveler eller kjenner på det på same måte. Det berører ein gjerne heller i ettertid, derfor har me også gode debriefar, seier politibetjenten.

Kai Lindgren frå brann og redning stadfestar at han kjenner seg igjen i den beskrivinga, og at alvoret sjeldan slår inn for fullt medan oppdraget pågår.

– Det er ikkje slik at ein legg kjenslene heilt til sides, for det gjer ein ikkje, men ein gjer ein jobb ein har trena på over lang tid. Det handlar om samhandling og om å gjere jobben så kjapt og godt som mogleg, seier brannmannen.

Må vere trygg på utstyret

Sjølve nøkkelen til at aksjonane vert gjennomførte så effektivt som mogleg, ligg i førebuingane og ein felles tryggleik som mannskapa har i lag.

For dei frivillige i Røde Kors handlar mykje av tida mellom oppdraga om å verte heilt trygge på det tekniske utstyret.

– Det er avgjerande at me kan utstyret vårt til punkt og prikke – anten det gjeld tauredning, båt, bilar eller anna redningsutstyr. Då veit me at alt fungerer som det skal når me skal ut i skogen, opp i fjellet eller inn på ein låve. I tillegg handlar det, som dei andre seier, om å møte folk med respekt. Då kjem ein utruleg langt, seier Røstad i Røde Kors.

Han trekkjer fram at det tette samarbeidet mellom dei ulike enheitene i Midt-Telemark skapar ei ro som òg smittar over på dei som står i krisa.

ENDRINGAR: Karl Lindgren og Roar Smukkestad fortel at det har vore mange endringar rundt openheit internt i brann og redning sidan dei starta.

Ny kultur for openheit

Sjølv om samhandlinga ute i felt fungerer godt, sluttar ikkje arbeidet når krisa er over og utstyret er pakka saman.

Det er først når mannskapa kjem tilbake til stasjonen at dei sterke inntrykka skal sorterast, og her har det skjedd ei stor endring dei siste åra.

Dersom mannskapa har vore ute på alvorlege hendingar, vert det i dag lagt stor vekt på å snakke ope gjennom alt det dei har sett og opplevd.

– For 20 år sidan snakka ein helst ikkje om opplevinga når ein la frå seg utstyret og drog heim. I dag har kulturen endra seg heilt. Det er mykje meir akseptert å snakke saman, og me kjenner kvarandre så godt at me ser det dersom ein kollega ikkje heilt heng med etter eit tøft oppdrag, seier Lindgren.

Ingen skal sitje aleine

Også i politiet vert det lagt stor vekt på at ingen skal sitje åleine med opplevingane etter krevjande vakter.

– Me har mykje god kollegastøtte og andre tilbod dersom nokon har behov for det. Det har vorte utruleg gode system for nettopp dette, seier Listaul.

Behovet for slik oppfølging er minst like stort i Røde Kors, der hjelpemannskapa kjem rett frå sine vanlege kvardagsliv når alarmen plutseleg går.

– Hjå oss er alle frivillige. Dei er elektrikarar, røyrleggjarar, sjukepleiarar og butikktilsette. Det er ytst få av oss som driv med slike ting til vanleg, så det er heilt avgjerande med god oppfølging av medlemane våre i ettertid, uansett kva utfallet av aksjonen vart, avsluttar Røstad.

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

For barn og unge:

Her finn du fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til hjelp når du har det vanskeleg.

Powered by Labrador CMS