KVAR EINASTE AV OSS TEL:
– Sorga blir ei ekstra bør om ho må skjulast
Når eit liv tek slutt brått og uventa, må sokneprest Axel Jørgen Bugge reise ut med den vonde beskjeden. Hans tydelege råd til dei etterlatne er å velje openheit.
Når eit menneske døyr brått og uventa, må som oftast nokon ta den tunge jobben med å reise til dei pårørande og gi den vonde beskjeden. I Noreg er dette politiet si oppgåve, men dei har gitt ansvaret for sjølve varslinga vidare til kyrkja.
Axel Jørgen Bugge er sokneprest ved Bø kyrkje og har fleire gonger måtta ta på seg dette ansvaret.
Fire gonger i året har han vekevakt for heile Øvre Telemark prosti. Under denne vakta kan han bli varsla når som helst, både i kvardagar mellom klokka tre på ettermiddagen og ni om morgonen, og i helgen frå tre på ettermiddagen på fredag til ni på morningen på måndag.
– Det er jo forferdeleg, synest eg. Samtidig tenkjer eg alltid på at det er mykje verre for dei som tek imot beskjeden, enn for meg som går, seier Bugge.
Kjem til døra
Ei slik oppgåve er aldri enkel. Ein skal møte menneske i ein situasjon der dei brått har mista nokon som står dei nær, anten det er etter ei ulukke, eit sjølvmord eller eit anna uventa dødsfall.
– Då seier eg kven eg er, og at eg har noko trist å melde. I det augeblikket er alarmberedskapen veldig på hos dei eg møter. Reaksjonane er sjølvsagt litt forskjellige, men det er eit enormt sjokk for dei fleste, fortel han.
I ein slik situasjon understrekar Bugge at det er avgjerande at presten sjølv klarer å vere trygg og roleg.
– Dei må få lov til å reagere akkurat slik det er naturleg for dei. Eg må vere den dei kan lene seg på, den som står der som ei klippe.
Før han reiser ut, tek presten kontakt med politiet for å hente inn så mykje detaljert informasjon om dødsfallet som mogleg.
Han må vite kven den avdøde er, alderen, kva som har skjedd, og kvar den avdøde er akkurat no for å formidle vidare.
– Det er veldig viktig for dei pårørande å få svar på dette. Nokre ønskjer òg å sjå den avdøde med ein gong, dersom det er mogleg.
Har tid til sorga
Ofte blir presten verande i ein time eller meir for å ta vare på den personen som har fått den vonde beskjeden. Det viktigaste verktøyet han har i veska, er tid.
– Det å ha tid til å lytte og la folk fortelje om opplevinga si og historia si, er noko av det viktigaste me kan gjere. Det er fint å kjenne og sjå at det ligg ei lækjedom i det å berre prate.
For Bugge er det viktig å vise at kyrkja har rom for smerta deira.
Før han dreg, legg han alltid igjen sitt eige og politiet sitt telefonnummer, slik at dei pårørande sjølve kan kontakte tenestepersonen i saka og få riktig informasjon. Soknepresten passar òg på at dei har nokon andre der før han dreg.
Dersom varslinga skjer i Bø, er det naturleg for Bugge å seie at han vil følgje dei opp vidare.
– Dersom det er eg som skal forrette, bruker eg mykje meir tid saman i gravferdssamtalen enn i ei vanleg gravferd, og set av tid til vidare bearbeiding og oppfølging etterpå.
Svært ofte er det likevel ein annan prest i prostiet som tek over prosessen og forrettar sjølve gravferda.
Sorga som ikkje slepper taket
Erfaringa til soknepresten er at mange aldri blir heilt ferdige med sorga etter eit brått tap av nære familiemedlemmer.
– Det er heilt umogleg å leggje bak seg at dottera di eller sonen din har døydd før deg. Alle merkedagar, bursdagar, jul og høgtider blir veldig vanskelege.
I tillegg til det reine saknet, sit mange etterlatne att med spørsmål dei aldri får svar på, og tunge tankar som gneg på samvitet.
– Det er så komplekst, og det er så mange kjensler ein kan kjenne på. Ein kan få ei lammande skuldkjensle og spørje seg sjølv: Kvifor gjorde eg ikkje meir? Kvifor skjønte eg ikkje signala? Dette gjeld særleg om det er snakk om eit sjølvmord.
Sorga kan bli så tung at det blir vanskeleg å halde fast i kvardagen. Nokon opplever at dei til slutt blir uføretrygda fordi påkjenninga gjer det umogleg å fungere i jobb, ifølgje soknepresten.
Sorga kan òg slå tilbake som ei bølgje mange år seinare sjølv om det har gått betre ein periode.
– Det kan gå år der du kjenner at du har situasjonen under kontroll. Så får du plutseleg eit kraftig tilbakefall der alt kjem opp att på nytt, som om det skjedde i dag, og du blir heilt sett ut.
Vil ha meir openheit
For familiar som har opplevd noko så tungt som eit sjølvmord, prøver kyrkja aktivt å hjelpe dei pårørande til å vere ærlege om kva som har skjedd. Openheit er ifølgje soknepresten heilt avgjerande for å unngå at lidinga blir endå større enn ho allereie er.
– Det me prøver å seie til dei pårørande, og hjelpe dei med, er openheit. Dei bør ikkje skjule kva som faktisk har skjedd. Me prøver å gjere dei trygge på at det klokaste og beste dei kan gjere no, er å vere opne og ærlege, seier han og legg til:
– Me kan ikkje tvinge nokon, det er deira val, men dei fleste klarer å leve betre med den openheita.
Bugge opplever at fleire og fleire vel å vere ærlege om dødsårsaka. I dag står det oftare i dødsannonsar at nokon «valde å gå bort» eller tok sitt eige liv.
Bugge fortel at samfunnet har gått gjennom ei stor og positiv utvikling på dette området. Sjølvmord blir ikkje lenger pakka inn i dei same omskrivingane som før, og det er langt vanlegare å omtale dødsårsaka direkte.
– Det blir ei ekstra byrde om dei held det skjult. Ei byrde dei pårørande ikkje burde trenge på toppen av sorga, avsluttar han.