KVAR EINASTE AV OSS TEL:

LANG VEG: Gunnar Nordbø sleit i mange år. Nå er han på ein betre plass og ønsker å vere open om dei mørke åra.

– Eg har vore veldig nær å ta mitt eige liv

I fleire år levde Gunnar Nordbø med eit kaos på innsida som få visste om. No ønskjer han å vise at det går an å snakke om det som er vondt.

Publisert Sist oppdatert

– Openheit har berga livet mitt. Eg trur ikkje eg hadde vore her om eg ikkje hadde forstått at eg måtte opne meg og få hjelp, seier Gunnar Nordbø.

Han seier det roleg, nesten nøkternt, men det er ei erkjenning som sit djupt.

Vegen fram til å kunne sitje i dagslys og snakke ope om psykisk helse har vore lang, svingete og tidvis livsfarleg. For Gunnar var nær ved å bli ein del av ein dyster samfunnsstatistikk.

I dag vel han å fortelje alt. Han gjer det ikkje for si eiga skuld, men i håp om at ein eller annan som sit i mørket akkurat no, skal lese dette og forstå at han eller ho ikkje er åleine – og at det finst ein veg ut.

Menn og sjølvmord 

I Noreg er om lag to av tre som tek sitt eige liv menn. Blant unge menn har sjølvmord i fleire år vore den aller største dødsårsaka.

– Mange menn er mykje dårlegare til å forstå seg sjølve som hjelpetrengande. Dei har dårlegare oppfatning av kva som eigentleg er problema deira, og dei vegrar seg for å søkje hjelp, seier mannsforskar og fagdirektør ved Likestillings- og diskrimineringsombodet, Knut Oftung.

Gunnar veit nøyaktig kva forskaren snakkar om. Han har sjølv kjent på motstanden mot å innrømme det som ofte blir sett på som ein veikskap. Han har òg sett kor gale det kan gå når maska aldri fell.

Gunnar hugsar ein tidlegare klassekamerat – kvar gong dei møttest, var han blid, imøtekomande og helsa varmt.

Så ein dag kom sjokkmeldinga: Han hadde valt å avslutte livet.

– Mange i samfunnet har på seg ei maske for å gå ut og møte andre. Du kan ikkje alltid sjå på nokon at dei slit. Folk kan smile, men mørket kan vere der likevel, seier Gunnar ettertenksamt.

For Gunnar sin eigen del kom ikkje mørket over natta. Det var eit resultat av mange små og store dypp gjennom mange år.

Blei mobba i barndomen

Gunnar voks opp på ein gard langs Gregars veg, omgitt av tette skogholt og dyr. Han blei fødd midt i ein søskenflokk med to eldre og to yngre søsken. Medan han hadde eit nært forhold til mora, var forholdet til faren meir distansert.

– Eg trur aldri pappa sa at han var glad i meg, og det var ikkje noko skryt å få. Mamma var eg tettare på, men ho sleit mykje, fortel han.

I vaksen alder har han forstått at mora sleit med tunge fødselsdepresjonar. Då han berre var nokre år gammal, forsvann ho i fleire veker fordi ho blei lagd inn for å få hjelp.

Skuleåra blei heller ikkje enkle for den unge guten. Han sleit med kronisk astma som fleire gonger heldt på å ta knekken på han, og den stadige betennelsestilstanden i luftvegane gjorde han sårbar for mobbing.

– Då eg gjekk i 2. og 3. klasse, var det nokre eldre gutar som banka meg opp på veg til skulen og på skulen. Ein dag skauv han eine meg bortetter leveggen på skulen utanfor heimkunnskapen. Etterpå hadde eg heile ryggen min full av fliser som søstera mi måtte plukke ut med pinsett, seier Gunnar.

Han fortel at mobbinga har prega livet seinare, og meiner den etterlet seg djupe spor som blir sitjande fast i sjela og sinnet.

– Mobbing synest eg er noko jævelskap. Det er stygt, veldig stygt, og det går føre seg både fysisk og psykisk mobbing. Det har øydelagt livet til mange.

VOND KROPP: Sidan Gunnar var 18–19 år har han slite med muskel- og leddsmerter.

Smerter i kroppen

Gunnar lærte tidleg å jobbe hardt. Alt som gutunge bidrog han på foreldra sin gard, og på 80-talet fekk han den første sommarjobben sin i kommunen. Han køyrde rundt og klipte plenen for dei eldre i bygda.

Den lengste yrkesetappen hadde han på Bø bilopphoggeri. Her jobba han òg med bilberging, eit fysisk tungt og uføreseieleg yrke.

Arbeidet merka han på kroppen, og muskel- og leddsmerter som han lenge hadde slite med, blei verre. Det enda med ei seks månader lang sjukemelding. Gunnar innsåg at han måtte skifte spor og valde å omskulere seg til lastebilsjåfør.

Men det nye yrket baud på andre utfordringar. Lange dagar bak rattet og timevis med statisk sitting på ujamne vegar sleit hardt på ryggen. Gunnar opplevde fire til fem totale rygghavari i året og sleit i tillegg med stress på jobben. 

Til slutt sa det stopp under ein køyretur ved Skien.

– Eg hadde ein episode der eg trudde eg fekk hjarteinfarkt medan eg køyrde, så eg måtte stoppe. Det smalt i brystet. Eg trur det truleg var spenningar, for det er eit vanvitig stressande yrke, seier han.

Sjølv om han jobba etter hendinga sa kroppen og helsa etter kvart stopp for arbeidet. 

Samarbeidsdesken

Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.

Fekk hjelp i Seljord

Hendinga i lastebilen førte likevel til noko positivt. Fastlegen såg at dei fysiske smertene var symptom på noko djupare.

Legen tilviste Gunnar til eit 18 vekers dagopphald ved Distriktspsykiatrisk senter (DPS) i Seljord.

– Eg hadde ikkje noko der å gjere, var tanken min først, seier Gunnar.

Med tida har han forstått det betre. 

– Eg trur dei vekene eg gjekk i behandling der har vore med på å snu ting for meg og gjort livet betre etter kvart. Dei gav meg ei verktøykasse som eg har teke i bruk seinare, sjølv om eg ikkje brukte ho der og då. 

At Sjukehuset Telemark nyleg vedtok å leggje ned DPS i Seljord, reagerer han derfor sterkt på. Han meiner det er ei kritisk feilvurdering av samfunnet sine behov.

– Det er ein katastrofe når dei legg ned slike viktige plassar. I dagens samfunn, der openheita endeleg byrjar å verke, trur eg slike behandlingsstader er viktigare enn nokon gong, seier Gunnar.

FOTOALBUM: Gunnar har ei rekke fotoalbum fylt av bilde frå eit langt liv.

Har hatt angst og depresjon

Å ta i bruk det han hadde lært tok likevel tid. Tre år etter opphaldet i Seljord gjekk Gunnar gjennom eit samlivsbrot som fekk alt til å rakne. Etter åtte år saman med kjærasten stod han plutseleg att åleine.

– Det blei vanskeleg, seier han.

Åra som følgde var prega av både drikking og sjølvskading. Alt rundt han blei mørkt.

På julaftan slo han av alle lysa og sat heilt for seg sjølv i huset. Broren og fleire kompisar følgde med så godt dei kunne, og var bekymra for han i lang tid.

Utfordringa var både angst og depresjon, som han etter kvart fekk diagnostisert.

I dei verste periodane torde han ikkje gå til postkassa. Ein vanleg handletur på butikken tok dagar å mote seg opp til, og kunne gjere at han låg sengeliggjande i fleire dagar etterpå.

– Eg var veldig langt nede, og då skal det ikkje mykje til. Marginane er veldig små. Eg har stått heilt på kanten, klar til å ta mitt eige liv, men av ein eller annan grunn gjorde eg det ikkje. Eg veit ikkje heilt kvifor. Det er eit eller anna som stoppa meg.

I dag er Gunnar utruleg takksam for det, for han har funne tilbake til gleda over tilværet.

– Når livet er ålreit, er det jo veldig ålreit, seier han med eit smil.

GLAD I DYR: Ein ekornfamilie har busett seg i garasjen til Gunnar. Den tar han litt ekstra godt vare på og fortel at dyra er gode for psyken hans.

– Openheit betyr alt

No er det fleire år sidan dei veldig vanskelege åra. Gunnar har greidd å ta i bruk verktøykassa frå DPS-en, og har gjennom hjelp frå psykolog og psykiatrisk psykeplaier fått betre rammer for kvardagen.

– Eg har venner som eg er mykje med. Meir treng eg ikkje, og eg er veldig selektiv med kvar eg brukar energien min, seier han.

Vennegjengen møtest ofte rundt fellesinteressa for bilar, og Gunnar har valt å vere heilt open med kameratane om alt det han har slite med.

Resultatet har vore at fleire han kjenner òg har opna seg. Han er derfor veldig oppteken av at det burde vere meir openheit generelt, men særleg blant menn.

– Frå du er gut til du blir mann blir du ikkje lært opp til at du skal vere open og prate. Det er vel ein grunn til at sjølvmordsstatistikken blant menn er så høg, seier han.

At han tar kontakt med Bø blad og vil fortelje historia si handlar djupast sett om at han synest openheit og ærlegdom er dei viktigaste verktøya du har i livet, og det ønskjer han å formidle vidare.

– Det gjeld om du er i eit forhold, eller om du er gift, om det er ungane dine eller kjerringa eller vener eller kven det er. Viss du ikkje kan vere open og ærleg, så går det jo gale. Eg trur ingen er tente med å ha det sånn, avsluttar han.

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

For barn og unge:

Her finn du fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til hjelp når du har det vanskeleg.




Powered by Labrador CMS