MEINING: 

MEINING: Solveig Svardal kritiserer lokalavisa i saka om politimelding av ein idrettsleiar.

– Drive etisk og forsvarleg?

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

Det er prisverdig at lokalavisa vågar å ta tak også i vanskelege saker i lokalmiljøet, slik redaktøren tek til orde for i leiaren sin 12. mars i år. Men måten dette blir gjort på same dag, med ein firesidars «gravereportasje» om at ein lett identifiserbar tillitsvald i Skarphedin vart politimeld for to år sidan fortener på ingen måte skryt.

Den omtala tillitsvalde har, dersom det Bø blad skriv er riktig, utan tvil gjort grove feil. Ingenting av dette er forsøkt skjult, men er truleg først og fremst resultat av manglande rolleforståing, sviktande vurderingsevne og mangelfull etterleving av etiske reglar og kontrollrutinar. Det er ikkje grunnlag for, slik artikkelen og leiaren til saman antyder, at det står slik til verken i andre undergrupper i Skarphedin eller frivilligheita i kommunen for øvrig.

Sikre kjelder kan fortelje meg at avisa har jobba med denne saka i lang tid. Det er ei snart to år gamal politisak. Då må vi kunne forvente at kvalitetskontrollen i avisa hadde sikra at dei detaljerte opplysningane om løn og skatt, manglande signaturar, styreleiars utbetaling av løn til seg sjølv utan formelle vedtak og bilagskontroll, kjøp av utstyr i strid med lagets reglar og kjøp og sal til nære relasjonar faktisk er riktige, konsistente gjennom heile artikkelen og fritekne for spekulasjonar om til dømes svart arbeid.

Politiets konklusjon er at ja; her har det vore mykje rot, men det kokar ned til eit manglande styrevedtak.

Skal vi få bukt med økonomisk utruskap og korrupsjon, anten det er lokalt, nasjonalt eller internasjonalt, blant amatørar eller profesjonelle, hadde det vore meir konstruktivt å stille nokre spørsmål: 

Kvifor kunne dette skje? Korleis kan vi unngå at slikt skjer i framtida? Kva kan lag og organisasjonar gjere for å ruste seg mot slikt og hindre at tillitsvalde havnar i slike situasjonar?

Kvifor kunne dette skje?

Her er det tydeleg svært manglande forståing av roller, og kva det inneber å vere tillitsvald og frivillig i ein organisasjon til skilnad til dømes frå å vere tilsett. Likeeins er det openbart at den tillitsvalde ikkje har skjøna minefeltet det kan vere å både vere tillitsvald og tilsett, ja eigentleg sin eigen sjef, og at det dermed må utvisast ekstra varsemd når det til dømes gjeld formelle vedtak, openheit om og kontroll av dei.

Det kan vere fornuftig å tenkje at vedkomande fortente løn for å halde kurs og vere trenar og at det var hensiktsmessig med både PC og iPad og mat i samband med reiser og arrangement. Men Skarphedin er basert på dugnad og frivillig innsats og har eit reglement som set klare grenser for ulike former for godtgjerdsle. Dette er openbart ikkje følgt, og dei som skulle kontrollere bilaga (rekneskapskontoret truleg) og gi løpande økonomiske rapportar tilbake til styret har ikkje gjort jobben sin. Styremedlemmene har kanskje ikkje vore sterke nok til å stille dei ubehagelege spørsmåla. Og kor har revisor vore?

Korleis kan vi unngå at slikt skjer i framtida?

Veldig mange tillitsvalde i lag og organisasjonar er der fordi dei har eit engasjement for ei sak eller ein aktivitet, eller dei er overtala til å ta eit verv fordi det er vanskeleg å finne nokon som kan stille. Ansvaret kan bli veldig stort. Blir du leiar for ei undergruppe i Skarphedin blir du automatisk også med i hovudstyret og får ansvar for ein organisasjon som omset for kanskje 15 millionar norske kroner, og ansvarleg for det som skjer i styra i kvar av undergruppene. Dette er eit ansvar som få er budde på eller kanskje også kompetente til.

God kontroll på og styring av økonomien er ikkje berre avgjerande for drifta, men også eit tiltak for å beskytte tillitsvalde mot å gjere feil. Alle lag og organisasjonar bør ha tydelege reglar for kva for innkjøp av varer og tenester som kan gjerast, av kven, innafor kva for rammer, korleis ein skal sikre at slike reglar blir følgt og kva ein skal gjere om noko ureglementert skjer. I små lag kan det kjennast tungvint og byråkratisk å krevje 2 underskrifter på rekneskapsbilag. Likevel er det lurt. Dette handlar ikkje om mistillit, men er grunnlaget for å byggje tillit mellom tillitsvalde, medlemmer og lokalsamfunn.

Kanskje burde ein årleg gjennomgang av roller og ansvar for tillitsvalde, saman med ei bevisstgjering omkring ansvaret ved å forvalte medlemmers og samfunnets interesser og midlar bli like sjølvsagt som å leggje arbeidsplanar og budsjett?

Powered by Labrador CMS