MEINING:

MEINING: Margit Ims.

– Saka om under­slag i ei av under­­gruppene i Skarphedin IL er ein tanke­­vekkar

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert Sist oppdatert

«Vanlege årsmøtesaker»

For ein døll tittel, tenkjer du kanskje. Vanlege årsmøtesaker, kven vil lesa om det? Berre eit årsmøte, liksom. 

Det får meg til å tenkje på Per Sivles historie «Berre ein hund», forteljinga gjer det klart at det på ingen måte er «berre» ein hund for den som bryr seg om nett denne hunden.

Det er årsmøtetid og det synast i innboksen, her finn eg innkalling til årsmøte frå sykkelgruppa, fotballgruppa og langrennsgruppa i Skarphedin, Bø museum, Bø skulemusikk, Midt-Telemark turn, Utdanningsforbundet i Midt-Telemark, og no sist var det frå Naturvernforbundet i Telemark. 

Til Midt-Telemark turn sendte eg ein begeistra takk for dei veldig ryddige sakpapira som også inneheldt god opplæring i reglar og rutinar. Men den takka kunne gått til alle som i desse tider gjer den jobben og sender ut innkalling og sakslister. 

Saka Bø blad nyleg har skrive om, om underslag i ei av undergruppene i IL Skarphedin, er ein tankevekkar. Det dukkar opp mange spørsmål om korleis dette kunne skje og kven som burde hatt innsyn her.

Eg kjenner til kva idrettsgruppe det er snakk om, og vender også nokre kritiske spørsmål til meg sjølv og andre medlemmar: 

Burde ikkje vi vore på årsmøte og sjekka et ting blei gjort som det skal? Burde ikkje vi etterlyst innkallinga eller rekneskapen som ikkje kom? 

Denne saka har fått meg til å tenkje nytt om «vanlege årsmøtesaker». 

Trur mange som sit i diverse styre kjenner til at dørene ikkje blir rent ned når ein kallar inn til årsmøte, akkurat, men kanskje fleire skulle kjenne si besøkstid og gjeste eit årsmøte i år? 

Kanskje er eit kritisk søkelys på sin plass, men viktig er også støtte og applaudering til dei som gjer framifrå jobb med dei vanlege årsmøtesakene.

Powered by Labrador CMS