LEIAR:
– Frivillige organisasjonar må drive på etisk og forsvarleg måte
Det største idrettslaget i kommunen har politimeld ein av trenarane i ei undergruppe for underslag.
Trass i at dette er ei vanskeleg sak i eit lokalsamfunn, meiner Bø blad at det er viktig å skrive om den - sjølv om politiet av ulike grunnar har lagt den vekk.
Lokalavisa sitt ansvar er ikkje å byggje omdømme for kommunen eller dei som bur og organiserer seg her. Vår oppgåve er å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. I tillegg skal me beskytte enkeltmenneske og grupper mot overgrep og forsømmelse frå offentlege myndigheiter og institusjonar, private foretak eller andre.
Bø blad er til for innbyggjarane og skal løfte fram både gode og mørke sider av Midt-Telemark. Da vil det nødvendigvis også dukke opp saker som er ubehagelege for dei det gjeld.
Ei fri, uavhengig og sanningssøkande presse er grunnleggande viktig for det demokratiske samfunnet. Transparens og kontrollorgan er nøkkelord for å unngå korrupsjon, ulovlege fordelar eller anna snusk, særleg blant folk som sit med makt og avgjerslemyndigheit. Det gjeld også i små lokalsamfunn.
Saka om ein politimeld idrettsleiar viser blant anna kvifor både kommunen og andre institusjonar, frivillige lag og ulike styre i Midt-Telemark som eit minimum bør gå gjennom sine rutinar for openheit og kontroll.
Meir openheit kan gjere det vanskelegare for folk å la seg freiste til å drive med snusk, og tilrøve seg meir enn dei skal ha.
Frivillige lag og organisasjonar gir viktige tilbod til og lærer opp barn og unge. Derfor er det viktig at dei driv på ein etisk og forsvarleg måte som gjer at me alle kan stole på dei og jobben dei gjer.
Samfunnet vårt er bygd på felles innsats, til dømes gjennom politikk og frivillig arbeid.
Organisasjonane fungerer òg som utdanningsinstitusjonar i samfunnsbyggande arbeid. Her får mange kunnskap som kan vere nyttig å ta med seg vidare, både i politikk og næringsliv, til dømes styrearbeid, samarbeid, mobilisering og lojalitet.
Da er det viktig at lagsarbeidet er gjort på ein god måte, slik at den grunnleggande kunnskapen om fellesskapets verdiar blir overført på ein måte som gjer at ein forstår å ikkje utnytte dei.
Frivilligheita forvaltar både store og små summar på vegner av fellesskapet. Det er felles pengar som alle har krav på å vite korleis blir brukt, også dei som gir pengar i gåve til arbeidet.
Det er faktisk ikkje innsyn i rekneskap og årsmelding til lag og organisasjonar for utanforståande. Dei som alt er medlem får kanskje dette, men det er vanskeleg å få innsyn i korleis det blir drive for dei som står utanfor. Dette er kanskje noko alle styre i Midt-Telemark kan jobbe meir med i framtida.