LEIAR:
– Korrupsjon, rigging, kameraderi og folk som ”snakkar saman” finst også i lokalsamfunnet
Epstein-filene og korleis dei påverkar både land og innbyggjarar, har vore den store snakkisen dei siste vekene.
I Noreg har fleire diplomatiske bomber slått ned, og dei rammar heile det politiske systemet vårt.
Det har vore analyse på analyse, innlegg, gjennomgang, etterpåklokskap, betreviting, meir eller mindre klok og fruktbar synsing, steinkasting, graving og debattar rundt det som har kome fram etter offentleggjeringa av fleire tusen dokument knytt til den pedofilidømde amerikanaren.
Epstein har verkeleg spunne edderkoppnettet sitt rundt makt og elite i heile verda.
I lys av det som nå skjer kan det vere nyttig å minne om ein del prinsipp me har i den demokratiske styreforma og det landet me bur i.
Det er prinsipp som er viktige å ikkje undergrave, og som ein kvar offentleg instans burde ha ein gjennomgang av. Det gjeld også på langt lågare nivå, som til dømes kommune- og styrenivå.
Me må ikkje gå i fella og tenkje at alt er bare vel og bra fordi forholda er mindre hos oss i Midt-Telemark, eller at dette ikkje kunne skjedd meg.
For kven kan spå korleis freistingar, smiger og gyldne mulegheiter til økonomiske fordelar blir møtt av den enkelte?
Korrupsjon, kameraderi og folk som ”snakkar saman” og riggar til for å oppnå ønskt resultat finst også i lokalsamfunnet, både i offentleg og privat regi. Det ville vere naivt å tru noko anna.
I Epstein-saka ser me heilt konkret kvifor det er viktig med uavhengig og god journalistikk, og det å bruke ressursar til å verne og styrke redaktørstyrte medium.
Utan gravejournalistar som ikkje sluttar å stille spørsmål, og som iherdig undersøker bakgrunn og samanhengar, ville kanskje dei stygge sakene unngått dagens lys.
Me treng journalistar som ikkje let seg påverke og presse, og som jobbar for uavhengig og sanningssøkande journalistikk.
Nettopp derfor bør me til dømes reflektere over at det blir stadig fleire kommunikasjonsrådgjevarar, både i offentlege og private institusjonar. I Noreg er dei nå ganske mange fleire enn utøvande journalistar, og utviklinga har over fleire år gått i retning av at informasjons- og PR-bransjen veks, mens talet på redaksjonelle journalister har falle eller stagnert.
Ifølgje medieundersøkingar meiner til dømes 60 prosent av norske journalistar at kommunikasjonsrådgjevarar som skjermar eller styrer bodskapen til politikarar, organisasjonar eller selskap er ei utfordring.
Me har ei offentlegheitslov i Noreg og vid ytringsfridom. Me har òg eit ope samfunn, med ganske gode mulegheiter for kontroll og straff.
Transparens og kontrollorgan er nøkkelord for å unngå korrupsjon, ulovlege fordelar eller anna snusk, særleg blant folk som sit med makt og avgjerslemyndigheit.
Derfor bør både kommunen og andre institusjonar, frivillige lag og ulike styre i Midt-Telemark som eit minimum gå gjennom sine rutinar for openheit og kontroll.
Kommunen bør også sjå nøye på praksisen rundt behandling av politiske saker i lukka forum, føring av offentlege postlister, bruken av opne møte, referatføring, kontrollrutinar og om det verkeleg er reell mulegheit blant tilsette til å ytre seg.