Leiar:

– Ikkje fleire brune kasser og malplasserte signalbygg i sentrum nå, takk!
Bø sentrum står overfor byggjepress og utviklar seg i ekspressfart. Slik har det for så vidt vore i mange år allereie, og engasjementet rundt forandringane er stort blant folk.
Det er ikkje rart, for det handlar jo om plassen me bur på og korleis det skal vere her nå og i framtida. Innbyggjarane skal jo trivast.
Sjølv om smaken er ulik, treng ein tettstad som er under rask utvikling rammer og reglar. Dei må liggje i botn for alle byggjesaker ein skal vurdere, og ein må halde seg konsekvent til dei slik at ein får det beste resultatet.
Me skal vere glade for at det alltid har vore godt med investorar og utbyggjarar som vil vere med på å utvikle Bø sentrum, og som ser mulegheiter og vil bidra i sentrumsutviklinga.
Sjølvsagt vil dei også tene pengar på investeringane sine, det er heilt på sin plass, men det er likevel ikkje utbyggjarane som skal leggje føringane for korleis det til slutt skal sjå ut i sentrum. Forslag er bra, ja, men det er her dei folkevalte kjem inn, i tillegg til kommuneadministrasjonen.
Når presset blir stort utanfrå, treng me både klare og gjennomførte retningslinjer for dei som vil byggje, og modige politikarar som set foten ned når ting ikkje heng i hop. Ein skal ikkje seie ja til alt bare fordi nokon viftar med lommeboka.
Det går an å ha reglar for både takhøgde, farge og stil i sentrum, viss ein vil. Andre tettstader har klart dette med hell. Skiltreglar og felles merking kan ein òg legge til rette for.
Ein kommune bør også ha ein idé om at ein skal sjå utbygging som ein heilskap og ikkje gjere den klattvis, stykkevis og delt. Det kjem sjeldan heldig ut, og det finst det mange eksempel på.
Nettopp derfor er det bra at planutvalet i Midt-Telemark tar seg tid til synfaring og tør å meine noko. Tør å stille krav, og ikkje står med lua i handa og seier ja til alt.
Av og til kan ein godt vere enda strengare også. Ein treng ikkje bestemme kva folk vil investere i og satse på, men ein kan seie noko om korleis det skal sjå ut når dei gjer det.
Blir det eigentleg diskutert i eit enda mindre forum kva som bør vere planen framover, og kva som skal vere reglane og kva som kan forskjønne? Korleis kan ein til dømes gjere sentrum grønare slik at folk blir der lenger - gjerne utan bil.
Takk og lov for at nokon sa nei til å byggje ut Evjudalen, folk elskar jo parken, og brukar den!
Og takk for modige politikarar som stod imot gigantar og kravde saltak på Esso i si tid.
Nå treng me fleire modige sjeler som stiller spørsmål til estetikk og linjer, og lyttar til fagfolk.
Me treng slett ikkje fleire brune upersonlege kasser eller høghus som tronar på toppen av høgdene, ikkje fluktar og passar inn i det eksisterande gatemiljøet eller ikkje glir naturleg inn i terrenget.
Me treng gjennomførte planar og vakre miljø, med dører, vindauge og materiale som ønskjer velkomen til auget og gjer det hyggeleg å bevege seg i sentrum.