Leiar:

FLEIRE PROBLEM: Go Ahead har hatt mykje trøbbel med toga sine på Sørlandsbanen.

– Den kaotiske tog­situasjon­en handlar om manglande vilje til å gjere noko med den

Publisert Sist oppdatert

Å køyre tog i Noreg har nesten blitt ein vits. Det er sørgeleg, både fordi det er så stort potensiale for togdrift i Noreg, og fordi mange elskar å køyre tog. Viss det går - og viss ein kan stole på det. 

Folk er så glad i å køyre tog at dei også toler ein heil del. Dei toler å miste toget, kome for seint, få reisa si kansellert, bli ståande fast på ein aude stad i fleire timar, evakuere på eit jorde, køyre noko heilt anna enn toget ein hadde planlagt å ta, få dårleg eller ingen informasjon når noko skjer og stå trongt og tettpakka dag ut og dag inn på dei verste pendlarstrekka. 

At ikkje folk er meir rasande og i større grad har gitt opp denne reisemåten er eigentleg eit under, viss ein ser på korleis togtilbodet har vore dei siste åra. Det er ikkje landet vårt verdig. 

Togsituasjonen i Noreg handlar om manglande politisk vilje til å gjere noko med den. Den ser ut til å mangle totalt, med visse unntak. 

Det verkar som dei som styrer og har styrt landet vårt enten vil spenne bein for ei betre utvikling, eller lar seg påverke av sterke krefter som jobbar for styrking av langt mindre miljøvenlege alternati, som til dømes fly- og vegbransjen.

Det er få som med si beste vilje, sjølv etter å ha høyrt dei mest gjennomførte og godt gjennomarbeidde argumenta, kan forstå kvifor ikkje eit av dei rikaste landa i verda kan klare å vedlikehalde, forbetre og byggje opp jernbanen i Noreg. 

Ja, me veit at det kostar mykje med jernbane. Me skjønnar at det nå eksisterer mykje gammalt og dårleg materiell som ein treng å vedlikehalde. Og me er ikkje dummare enn at me ser at det er noko anna å drifte og byggje jernbane i eit geografisk kronglete land enn på flatlandet i Europa.

Likevel: Noreg om nokon burde vere det landet som faktisk har musklane til å verkeleg satse på jernbane. 

Me har pengar på bok og ein moderne maskinpark. Det er ikkje rallarar som må slite seg gjennom fjell og fjordar lenger, og viss me har råd til milliardsprekkar på bygging av stortingsgarasje og oppgradere Stortinget for 2,3 milliardar (det skulle koste 350 millionar), samt bytte skilt-parken i fylket for fleire hundre tusen kroner når me slår saman og reverserer fylkessamanslåingar, har me vel råd til å satse på ein jernbane for framtida?

Å oppgradere jernbanen i Noreg vil koste eit betydeleg beløp. Bare vedlikehald og fornying av eksisterande infrastruktur er estimert til å koste rundt 123 milliardar kroner dei neste tolv åra. I tillegg kjem store summar for nytt materiell og eventuell bygging av nye linjer.

Det burde likevel vere verdt det. Det handlar om å byggje infrastruktur for framtida, og det er ein genial måte å samle landet på. 

Og folk vil ha det, dei bare ventar på det: Gode og raske togsamband som ein kan stole på,  mellom store byar og i distriktet, til ein god pris og med tog som går ofte. Det er der potensialet ligg - for da får ein også med seg dei som ikkje orkar kaoset i dag som passasjerar. 

Powered by Labrador CMS