LEIAR:
– Det er leitt at rånarmiljøet har blitt ei evig kjelde til negativ fokus
La det vere sagt: Sentrumsgatene i Bø er offentleg tilgjengelege, og ingen har meir rett på dei enn andre. Det finst private område og bustader i sentrum, og dei har eigarane rett til å forvalte. Slik er det, og det må alle forholde seg til.
Det er også eit lovverk i Noreg som alle innbyggjarar skal rette seg etter slik at det ikkje blir lovlause tilstandar, og det er politiet som skal handheve dette. Ingen er heva over norsk lov, enten dei køyrer rånarbil eller ikkje.
Det er ikkje ulovleg å henge i sentrumsgatene, så lenge ein ikkje er til hinder og trøbbel for andre – eller bryt lova.
Det er kanskje nokon som mislikar at ungdom og eldre bilentusiastar køyrer stripa opp og ned, men dei færraste vil rånarmiljøet til livs så lenge ein ikkje blir plaga unødvendig.
Rånarmiljøet i Midt-Telemark har vore der i mange tiår, i meir eller mindre grad, og kjem truleg alltid til å vere ein del av bygdelivet.
Med TV-serien Rådebank var det veldig mange som trykte dette miljøet til hjartet sitt. Fleire fekk augo opp for dei gode verdiane i det, og større forståing for korleis dette miljøet fungerer - og kor viktig det er for mange ungdommar som likar å køyre bil og ikkje har anna å drive med.
At ein TV-serie har skapt stoltheit for rånarmiljøet og for kommunen me bur i, betyr likevel ikkje at ein ikkje kan debattere og sette søkjelys på det som ikkje er bra i rånarkulturen. For som i alle andre miljø er det ikkje alt som er positivt her heller. Det må både rånarmiljøet, foreldre og politikarane i Midt-Telemark erkjenne.
Dei fleste vil at kommunen vår skal vere ein god plass å bu for alle. Da må også alle gjere sitt til at det blir slik. Det gjer ein ved å følgje lovar og regler, ta omsyn til kvarandre, vise respekt for kvarandre og rett og slett oppføre seg ordentleg.
Det er leitt at rånarmiljøet har blitt ei evig kjelde til negativ fokus, og at me har fått ein konflikt som har skapt vondt blod og ein polarisert og hard debatt i lokalmiljøet.
For å komme vidare må ein stikke fingeren i jorda og sjå på kva dette handlar om:
Det handlar ikkje om fortettingspolitikken til kommunen. Det er vanleg at folk bur i sentrum, både i Bø og andre bygder og byer. Folk som flyttar til sentrum forventar heller ikkje at det skal vere musestille, men her som andre stader forventar ein at ein skal kunne sove om natta.
Det handlar heller ikkje om at folk er «ute etter ein» og vil fjerne rånarar. Det handlar om at ein ikkje orkar at bassdunk gjer vondt i kroppen, særleg ikkje når bilen bassen kjem frå står parkert rett utanfor stoveveggen.
Det handlar heller ikkje om ein eldre mann som er den einaste som har hatt mot til å seie offentleg at støyen frå rånarmiljøet er ei plage for dei som bur i sentrum.
Det handlar om at nokre foreldre ikkje er på banen, og at vaksne oppegåande folk nører opp i konflikten ved å gjere narr av problematikken. Dei er med på å fråskrive miljøet ansvar ved å gjentakande snakke om «kua som har vore kalv».
Og det handlar om enkelte, ikkje alle, rånarar som ikkje har folkeskikk.
Det er og skal vere plass til rånarane i gata, og det er plass til motorlyd og musikk - men gjer som ein skribent i Bø blad som forsvarar rånarkulturen oppfordrar til: Bruk volumknappen og fjern den vonde bassen.