LEIAR:
– Ein har ikkje krav på å få noko publisert i avisa
Når ein jobbar i lokalavis møter ein mange menneske i ulike situasjonar, og ein blir kvar dag stilt overfor fleire og nokre gonger nye problemstillingar.
Verda endrar seg og det gjer også folk, derfor endrar ein også ofte måten ein jobbar på.
Det ein har sett meir av dei siste åra er at fleire har mindre tillit til det journalistar driv med, og at ein oftare set spørsmål til korleis den journalistiske jobben blir gjort.
Det er bra, for det får bransjen til å henge i stroppen og tøye seg litt ekstra for å gjere ting riktig.
At folk er ueinige i saker me skriv, måten me jobbar eller vinklar saker på, må likevel ikkje føre til at lokalavisa som medium ikkje står støtt i samfunnsoppdraget sitt og tør å rette ryggen.
Dei aller fleste journalistar er rettskafne og ordentlege folk som ønskjer å gjere ein god jobb, og me vil gjerne at folk skal ha tillit til oss.
I ein bransje der ting ofte hastar og går litt fortare enn i mange andre jobbar kan det likevel oppstå feil, og dei rettar me sjølvsagt.
Det er likevel nokre grunnleggande prinsipp som alle innbyggjarar som møter lokalavisa og andre medium kan ha nytte av å vite:
Ein har for det første ikkje krav på å få noko publisert i ei avis. Redaksjonen står fritt og har ansvaret for å bestemme kva ein skal publisere som innhald i avisa basert på nyheitsverdi.
Viss ein er omtalt i ei sak der ein blir utsett for sterke anklager som enkeltperson, har ein rett til å forsvare seg samtidig som anklagen blir publisert.
For å ha ein slik rett, må anklagen vere både sterk og ha eit faktisk innhald.
Denne retten gjeld derfor ikkje meiningar eller karakteristikkar som det kan vere ulike oppfatningar om. Dei kan du få tilsvar på i etterkant, til dømes i eit lesarinnlegg eller eventuelt ein oppfølgande artikkel.
Tilsvarsretten er altså lågare enn retten til å å forsvare seg samtidig som angrepet blir publisert.
Sjølv om ein har krav på eit tilsvar, er det likevel redaktøren som bestemmer kva som blir publisert. Tilsvar som er for lange, er usaklege eller ikkje held seg til god presseskikk kan bli avvist.
Viss eit angrep inngår i løpande meiningsutveksling, det vil seie at det er ein del av ein pågåande offentleg debatt, er det likevel ikkje sikkert at ein har krav på tilsvar.
Det same gjeld viss ein har fått mulegheiten til samtidig imøtegåing, men ikkje har nytta seg av den.
Det er heller ikkje eit automatisk krav å kunne få sitatsjekk når ein blir intervjua. Det er opp til den enkelte journalist og redaksjon å avgjere. Her er det ulik prakis, og ein kan sjølvsagt forhandle om det, dersom det handlar om sensitive tema.
Det viktigaste for dei med noko på hjartet er uansett å tipse redaksjonen, så vil me ut frå eit heilskapleg blikk vurdere om me kan og har ressursar til å skrive om det - og gjere det ordentleg.