Leiar:

– Alle bør ta ein for laget og bidra som frivillig
"Absolutt alt har gått som smurt, det er ikkje noko å setje fingeren på."
Slik oppsummerer Øystein Sele i Skarphedin fotball helgas Sommarlandcup.
Saman med 350 dugnadsarbeidarar har han losa i hamn nok eit kjempearrangement som har svært mykje å seie for heile Midt-Telemark.
Sjølv får fotballaget inn rundt 3,5 millionar kroner i inntekter på cupen, men det dryp også på næringslivet og turistaktørane i kommunen når 3500 deltakarar og støtteapparat inntar bygdene våre.
Og meir skal det bli dei to neste helgene i juni, for også dei er sett av til cup og festival, noko som fører til viktige inntekter i skuldersesongen for dei som driv business her me bur.
Det er rett og slett imponerande det som skjer, og me kan vere glade for at me har den største turistdestinasjonen i fylket å dra vekslar på. Samarbeidet mellom Bø Sommarland og cupane er gull verdt for begge partar, og gjer Midt-Telemark til ein attraktiv kommune å legge årets lagstur til.
Det ser også ut som folk som kjem hit er fornøgde når foreldre som er med som lagleiarar og trenarar fortel at dei sjølve har vore på cup her for 30 år sidan, og nå kjem tilbake med ungane.
Dugnadsånden lever godt i kommunen, på mange plan. Folk stiller opp, og det ville vore heilt umuleg å gjennomføre slike store festivalar dersom ikkje folk ga av tida si for å få det heile gjennomført.
Slik må det også vere, og sjølv om ein skal vere takksame for kvar og ein som bidrar, og det er mange i vår kommune som gjer, er det fortsatt viktig å minne folk på at det er nødvendig at alle er med og "tar ein for laget".
Sjølv om det er mange som stiller opp, er det fortsatt slik at ein treng avløysing både her og der viss ein vil at ting skal fortsette, eller at ungar, eldre og andre vaksne skal ha gode tilbod.
Ting gjer seg nemleg ikkje av seg sjølv, trass i at mange av dei trufaste slitarane ofte reddar det heile i land, sjølv om dei allereie har tatt sin skjerv.
I ei tid der stadig fleire blir opptatt av seg sjølve og eigne behov, og der fleire lag og organisasjonar melder om at det er vanskeleg å få folk til å stille opp, ta verv og avløyse dei som har halde på i fleire tiår, skal det vere lov å kome med ei oppfordring:
Viss alle bidrar litt, blir det passe arbeid på alle. Og viss alle tenkjer at der ein sjølv eller barnet er med bør ein sjølv bidra, blir det betre for heile fellesskapet.
Den siste påminninga er den viktigaste: Å vere frivillig treng ikkje vere eit ork, det er sosialt og det skaper glede, og alle kan bidra med noko. Ein blir faktisk litt rik av å gje av tida si.