MEINING:
– Arbeidarpartiet tek kjernekraftdebatten på alvor
Du les nå eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Kjernekraft fortener ein seriøs debatt om både fordelar og ulemper.
No sikra vi fleirtal for ei stortingsmelding om kjernekraft. Det handlar om å bli tryggare på uavklarte spørsmål og ta debatten vidare på ein kunnskapsbasert måte. Det er lurt å vite om det er vatn i bassenget før ein stuper.
I dag er framleis rundt halvparten av energiforbruket vårt i Noreg fossilt. Skal vi kutte utslepp, byggje industri og sikre nok kraft i framtida, må vi vere villige til å diskutere alle energiformer.
Eg har forståing for både begeistring og skepsis, men sjølv om det har blitt ein trend å vere skråsikker, kan det vere betre å vere nysgjerrig. Skal kjernekraft bli realistisk, treng vi meir kunnskap om teknologiutviklinga og grundige vurderingar av kostnader, tidslinjer og ansvarsfordeling.
Overforenkla er kjernekraft ei ekstremt avansert dampmaskin, med potensial til store mengder kraft utan karbonutslepp. Moderne reaktorar har blitt tryggare. No er det prisen som er problemet. Ikkje berre i form av investeringar, beredskap og sikkerheitsmarginar, men også i etterarbeidet.
I USA har Department of Energy frå 1989 til i dag brukt 2 000 milliardar kroner på oppryddingsarbeid. Det tilsvara ein rull med tusenlappar rundt jorda nesten sju gongar.
Samtidig er det fullt mogleg at nye generasjonar med teknologi kan handtere både produksjon og avfall på ein betre og rimelegare måte. Det her er store og viktige spørsmål. Då er det fint å håpe, men best å vite.
Politikken kan ikkje skifte retning kvar gong det blir litt temperatur i kommentarfelta. Den siste tida har Høgre og FrP skifta kurs i energipolitikken fleire gongar, frå bensindans til havvind.
No vil dei heller ikkje svare på om dei er villige til å stå løpet ut dersom kjernekraft her, slik som i resten av vesten, blir avhengig av statlege subsidiar.
21. mai behandla vi saka i Stortinget. Som representant frå Arbeiderpartiet ønskjer eg å invitere alle parti til å samle seg bak ei stortingsmelding om kjernekraft.
Legg «tut og køyr» til side. Kjernekraft er eit alvorleg tema som fortener ein ærleg og seriøs debatt om både fordelar og ulemper. Det kan vi ta ansvar for saman.