TOK LAPPEN: Foreldra på Folkestad skule tok saka i eigne hender da kommunen kutta i tilbod.

Når kommunen ikkje har råd, tar foreldra affære

Dårleg kommuneøkonomi fører til innstramming på fleire område, men foreldra på Folkestad skule veit råd.

Publisert Sist oppdatert

– Det kom som eit forslag frå foreldra da me høyrte at kommunen ikkje lenger har råd til å betale for den tradisjonelle sykkelopplæringa slik den har gjort tidlegare år, seier Marte B. Berdahl.

Ho er forelder i 4. klasse på Folkestad skule, og ein av fleire engasjerte foreldre som tok initiativ til å arrangere sykkeldag på skulen ein helgedag i mai.

STILTE OPP: Elevane fekk mange sykkeloppgåver under rettleiing av fleire frivillige foreldre.

– Når kommunen ikkje har råd, er det opp til lærarane å ta tak i dette, og dei har jo ein del anna å drive med frå før. Me tenkte at dette kunne bli ein fin samankomst for både barn og foreldre, samtidig som det var muleg for fjerdeklassingane å få sykkellappen likevel, seier Berdahl.

Ho fortel at dei samtidig fekk gått over syklane etter vinteren, og sjekka bremsar, gir og anna.

– Søndag 18. mai blei ein fin sykkeldag på skulen, i flott maiver. Det var sosialt og hyggeleg, med morosame sykkelløyper, nokre litt vanskelege, service på syklane og kakespising. Nå er gjengen klar for fleire fine sykkelturar framover, seier Berdahl.

– Me skal jo vere sykkelbygd, og da bør ungane tidleg krøkast, legg ho til.

ULIKE OPPGÅVER: For å få sykkellappen må ungane gjennom utfordringar på fleire plan.
Powered by Labrador CMS