Sidesprang:

FAST SPALTIST: Tom Arne Møllerbråten er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

Saman skapte Hedvig og eg heftig musikk

Her ein dag hadde me besøk av vesle Hedvig, vårt barnebarn på åtte månader. Eg tok henne opp på fanget og sette meg ved pianoet vårt i stova. Saman skapte me heftig musikk. 

Eg spelte «Lisa gjekk til skulen» og «Lille Petter Edderkopp», medan ho fylte ut med alle tonane dei små hendene hennar kunne treffe. Dei fleste tonane vart spelte i fortissimo med stor innleving. 

Det er rart med pianoet. Dei åttiåtte tangentane lagar kvar sin lyd som kan spelast sterkt eller svakt, rytmisk eller urytmisk, etter kvarandre eller samtidig. Viss to personar spelar nøyaktig same song, same tonar, vil det låte ulikt. Personlegdommen fargar tonane.

Fast spaltist: Tom Arne Møllerbråten

Tom Arne Møllerbråten kjem frå Magnor i Eidskog kommune og har vakse opp eit steinkast frå Sverige. 

Etter ein del år i Oslo, flytta han med kone og tre døtrer til Gvarv i 2000. 

Han jobbar som lærar på Sagavoll folkehøgskule, men er også redaktør for Steg - tidsskrift for kristen folkehøgskule. 

Han elskar Midt-Telemark, les mykje, spelar gjerne bass, skriv stadig, held ein del talar og foredrag. Er oppteken av teologi, filosofi, historie, litteratur og psykologi, men smiler av mykje.

Komponisten Edvard Grieg var ein heilt vanleg elev på skulen, ikkje noko skulelys. Men som femåring sat han ved pianoet og trykte ned fleire tonar samtidig. Først to, så tre, så fire, og til slutt fem. Han hadde funne fram til ein nierakkord. 

Noko skjedde: Ekstase! Han skildrar det som ei rus. Slik byrja ei eventyrleg komponistkarriere med mange fantastiske akkordar på repertoaret.

At musikk skapar kjensler, veit me. Men dei gamle grekarane trudde at musikk var meir enn kjensler. Den hadde djup innverknad på intellektet, moralen og karakteren til eit menneske. Den bidrog til sans for rytme, harmoni og orden. 

Musikk, matematikk, gymnastikk, logikk, alt hang saman. Det er ikkje lite.

Å lære å spele eit instrument er eit handverk, men også eit nytt språk som kommuniserer med hjarta. Det krev øving. Og midt i alt blir det bygd identitet, sjølvkjensle, fantasi, disiplin, skaparkraft og ikkje minst evna til å lytte.

Tenk om biverknaden av å lære å spele er at ein blir meir utrusta for livet?

Alle barn skal ikkje bli musikarar eller artistar, men det har slått meg over tid kor mange frå Midt-Telemark som faktisk har blitt det. Kan det ha med eple og plommer å gjere? Eller med kulturskulen? Eller er det den magiske blandinga?

Om Hedvig ønskjer å lære å spele, veit eg ikkje, men eg håpar at det også framover finst dyktige lærarar tilgjengeleg for alle barn og unge som ønskjer å skape musikk.

Powered by Labrador CMS