Meining:

Parkeringsstrategi i Bø: – Bygrep passar dårleg i bygdeby
Bø i Telemark er ikkje ein by – det er eit levande tettstadssentrum i ein spreiddbygd region der bilen er ein føresetnad for både arbeid, handel og kvardag.
Nyleg har Midt-Telemark kommune fått utarbeidd ei parkeringsanalyse frå Asplan Viak, som skal leggje grunnlag for ein ny parkeringsstrategi.
Men i rapporten viser konsulentane til ei rekkje døme og tiltak – alle henta frå storbyar som Oslo, Stavanger, Bergen og Drammen.
Det reiser eit grunnleggjande spørsmål: Er desse tiltaka relevante for eit lite tettstadssentrum som Bø?
Gratis og lett tilgjengeleg parkering – ein del av Bø sin identitet
Gratis parkering i sentrum er i dag ein del av kvardagen og eit viktig konkurransefortrinn for handelen i Bø.
Dette har vore ei bevisst prioritering gjennom mange år, og næringslivet har spelt på lag. I tillegg til at bilen er naudsynt for dei fleste i regionen, har Bø bygd opp eit senter der folk enkelt kjem til, handlar og deltek i aktivitetar – nettopp fordi det er lett å parkere.
Difor er det oppsiktsvekkande at rapporten til Asplan Viak i stor grad baserer seg på tiltak og erfaringar frå urbane miljø som har heilt andre føresetnader.
Der det i byar er kollektivtilbod, gangavstand og kommunalt eigarskap til parkeringsareal, har Bø ein situasjon der nesten all parkering er på privat grunn, og der bilen er nødvendig for både kvardagsreiser og handel.
Maksimumsnorm – bylogikk i ein bygdekontekst
Eit sentralt forslag i rapporten er å ha maksimumsnorm for parkering ved nybygg.
Tanken er å setje eit tak på talet på plassar for å redusere bilbruk og frigje areal til andre formål. Dette kan fungere i ein bykjerne – men ikkje i Bø, dette har me alt sett mange eksempel på.
For i Bø ser me allereie utfordringar med for få parkeringsplassar i nye prosjekt, der kundar og tilsette må ty til nabobedrifter sine plassar. Dette skapar konflikt og uro, og eit makstak vil berre forverre situasjonen. Når kommunen i tillegg knapt har eigne plassar å tilby, finst det heller ikkje eit alternativ.
Eg kan nemne Gullbring studentheim og områda rundt nybygg som Stasjonsvegen 33, Høgvoll (NAV), Skogenkvartalet (Rema/Skatteetaten) - med andre ord nesten alle nye bygg medfører at folk tjuvparkerer på andre manns eigedom.
Bø treng minimumskrav – ikkje maksgrenser
Eit betre grep ville vere å vidareføre eller styrkje krav om minimumsnorm for parkering.
Det vil sikre at utbyggjarar må leggje til rette for eigne kundar og brukarar, og motverke at dei legg press på naboane sine område.
Dette er i tråd med røynsler frå Bø dei siste åra. Å satse på maksimumsnorm og frikjøpsordningar, slik det blir gjort i storbyar, passar dårleg der kommunen verken eig areala eller har ressursar til å tilby sentrale parkeringsanlegg.
Mangel på lokale døme svekkjer rapporten
Eit alvorleg svakpunkt ved analysen er at alle eksempla og løysingane som blir trekte fram, er frå større byar.
Dette gjeld både i tiltaksdelen og modellgrunnlaget, og det blir også vist til TØI-rapportar der effektar og tiltak er målte i urbane område med heilt andre føresetnader.
Det finst knapt eit einaste døme frå mindre tettstader som Bø, sjølv om slike finst mange stader i landet.
At rapporten ikkje drøftar kva som fungerer i bygdebyar, gjer at den lokale relevansen blir svekt. Me kan ikkje byggje ei parkeringsstrategi i Bø på premiss frå Oslo eller Drammen.
Fleksible løysingar og lokal forankring er vegen vidare
Det som faktisk kan fungere i Bø, er betre samarbeid mellom kommune og næringsliv om:
- Sambruk av plassar
- Konsolidering der det finst overkapasitet
- Tidsavgrensing utan avgift, for å sikre rotasjon
- Tydelig skilting og handheving av kven parkeringsplassane er til for
Og viktigast:
Me må halde fram med å tilby gratis og tilgjengeleg parkering, for det er eit faktisk konkurransefortrinn i ein tettstad utan kollektivdekning.
Ein parkeringsstrategi for Bø – ikkje ein kopi av byen
For at ei ny parkeringsstrategi skal fungere, må ho byggje på Bø sine eigne føresetnader. Me treng ikkje bygrep, men bygdegrep – løysingar som er forankra i røynda vår.
Det handlar ikkje om å vere bakstreversk – tvert imot. Det handlar om å vere realistisk, lokal og langsiktig.
Me vil utvikle Bø sentrum, men det må skje med hovudet – ikkje ved å kopiere byane. Og det må skje saman med dei som eig og brukar areala – næringsdrivande, innbyggjarar og besøkande.