Meining:

HYTTEFELT PÅ LIFJELL: På Grostul har det vore mykje utbygging av hytter dei siste åra.

– La Lifjell vera i fred – det er nok hytter nå

Endå ein gong blir det hytteutbygging på Lifjell. Denne gongen handlar det om 400, 500 eller 700 nye hytter? 

Så potensielt dobbelt så mange hytter som er der i dag. Er det verkeleg noko me treng?

Lifjell er eit unikt fjellområde med store verdiar og viktig friluftsområde for både fastbuande og tilreisande. Men kvart år mister me meir natur – bit for bit – til fordel for nye hyttefelt, vegar og teknisk infrastruktur. Når skal det ta slutt?

Naturkartlegging på Lifjell viser til at naturen er under sterkt press, mykje på grunn av hytteutbygging. Eit utdrag frå Biofokus sin rapport etter naturtypekartlegging oppsummerer inngrepa bra; 

«Areala innanfor prosjektområdet er under sterkt press som følgje av omfattande hytteutbygging, vegbygging og hogst. Området består i stor grad av myrlendt terreng, og hytteutbygging og vegbygging fører ikkje berre til forringelse av natur og landskap, men også til at det blir slept ut store mengder karbon til atmosfæra».

PRESSOMRÅDE: Lifjell-området opplever sterkt press på naturen, meiner innsendaren.

I høyringsrundar har det kome innsigelsar frå NVE, Miljødirektør hjå Statsforvaltar og Telemarks Fylkeskommune, der det er uttrykt bekymring for konsekvensane ved utbygging, spesielt i forhold til skredfare og naturmangfald. 

Område med høg naturverdi, som gammal granskog med liggande død ved og gammal granskog med gamle tre, er foreslått bygd ned for fritidsbustader. 

I tillegg er det kome mange innspel frå både private og organisasjonar som deler si bekymring for friluftsliv, utmarksbeite, utdanning og natur. 

Dette viser at det er sterk motstand mot nedbygging og tap av natur. 

Lifjell treng ikkje fleire hytter. Lifjell treng ro, rom og respekt. No er det nok. La Lifjell vera i fred.

Referanser: Hertzberg, M.K. og Brynjulvsrud J.G. 2023. Naturtypekartlegging på Lifjell i Midt-Telemark kommune. Biofokus rapport 2023-089. Stiftelsen Biofokus. Oslo

Powered by Labrador CMS