Meining: 

MEINING: MDG-politikararane Helle Friis Knutzen og Espen Lydersen.

– Ansvarsløyse er når budsjetta er baserte på ønskje­tenking, ikkje realisme

MDG-politikarane Helle Friis Knutzen og Espen Lydersen svarar her på eit meiningsinnlegg i Bø blad frå Einar Fagerås.

Mange takk til Einar Fagerås for sitt svar til oss i Bø blad 1. juni. 

Han skriv der at han synest “kommunepolitikarane i alle parti skal vere varsame med å kritisere kvarandre for at vi no må gjere store kutt”. 

Vi tenkjer at trygg økonomisk styring av kommunen er den aller viktigaste oppgåva politikarane får tillit til, og då kjem vi ikkje utanom litt debatt.

Vi kan sikkert vere samde i at mykje av ansvaret for den dårlege situasjonen kommunane er i ligg hos staten. Ein konsulent frå KS har berekna at fram mot 2030 kjem antakeleg 100 norske kommunar på ROBEK, så vi kjem i godt selskap. 

På grunn av eldrebølgja som vi no ser byrjinga av, kan vi ikkje håpe på ei enkel løysing på dette. 

Til hausten er det stortingsval. I valkampen er det lettvint å love meir pengar til kommunane; det som er vanskeleg er at det ikkje finst nok arbeidskraft til alt som blir lova. 

Det veljarane bør sjå på er ansvarskjensle og parti som seier i kva sektorar dei ønskjer å redusere bruk av arbeidskraft, for å klare oppfylle sine gode ønskjer andre stader. 

MDG har tradisjon for å presentere grundige og ansvarlege alternative statsbudsjett. Der blir utbygging kutta av meir motorveg, bruer, oljefelt og hyttefelt for å få arbeidskraft nok til trygge kommunane og velferda, sjølv om eldrebølgja treffer oss.

Så til kommunen vår. 

Einar Fagerås skriv at det har vore brei semje om økonomiske disposisjonar. 

Eit godt døme på det motsette var eigedomsskatten i budsjettet for 2024. Posisjonen kutta her 8 millionar kroner i inntekter samanlikna med administrasjonen sitt forslag, til protestar frå opposisjonen. Inndekkinga i budsjettet var rein ønskjetenking, og fasiten til slutt var meirforbruk på 50 millionar.  

Forstå oss rett: Det er heilt legitimt å prioritere lågare eigedomsskatt – så lenge ein faktisk klarer å få inndekking i budsjettet. 

Punktet der ein kryssar grensa til ansvarsløyse er når budsjetta er baserte på ønskjetenking og ikkje realisme. Dei to siste åra har ein økonomiplan og eit budsjett komme i retur frå statsforvaltaren på grunn av mangel på sistnemnde. 

Vi bur ikkje i ein krise-kommune endå. Men det er dit vi er på veg om ikkje vi byrjar å jobbe med realistiske budsjett som gir rekneskap i balanse. 

Einar Fagerås skriv at “ein stor del av tiltaka kan gjennomførast av administrasjonen mest utan politisk medverknad i det heile”. 

Dette er jo rett, men er endå ein gong ei vektlegging som kanskje gjer at folk blir mindre førebudde på å slå saman legekontora (1,2 millionar), redusere kulturskule (3 millionar), redusere barnevern (6 millionar), leggje ned Folkestad skule (5,5 millionar), og så vidare – alle tiltak som trengst for å nærme seg budsjett i balanse. 

Dette var poenget i det opphavlege innlegget vårt: Som politikarar må vi snakke slik at innbyggjarar er førebudde på og får forståing for dei kutta som til slutt blir vedtekne.

Sidan Folkestad blir spesielt nemnt: For pengane det kostar å behalde Folkestad som eigen skule, kunne vi til dømes unngått å øydeleggje kulturskulen; eventuelt unngå kuttet i barnevern. 

Vi i MDG er ikkje redde for å seie at vi prioriterer desse områda høgare enn Folkestad skule, sjølv om det uheldigvis ikkje ser ut som om vi har råd til nokon av delane. 

Om ein skal bli populær som politikar er det viktig å ikkje setje gode formål opp mot kvarandre. Men til sist er det akkurat det politikk handlar om.  

Stem på parti som tør å vere ansvarlege og snakke høgt om kva vi faktisk ikkje har råd til – både i stortingsval og lokalval.

 

 

Powered by Labrador CMS