Meining:

– Nå har me venta mange år med å kutte, derfor blir kutta hardare enn dei hadde trengt å vere
I eit lesarinnlegg i Bø blad 20. mai håpar innsendaren at staten kan slette gjelda til Midt-Telemark.
Moskenes kommune fekk det, men Kommunal- og distriktsministeren understreka då at det var eit unntak som ikkje vil gjenta seg. Mange kommunar har vore i ein mykje verre situasjon enn Midt-Telemark i mange år, utan at staten har redda dei.
Så la det vere klart: Dei cirka 50 millionane vi bruker for mykje i året må betalast tilbake seinare år.
Det Midt-Telemark gjer no kan samanliknast med å ta opp forbrukslån for å betale mat og husleige. Jo lenger vi ventar med kutt, jo dårlegare råd får vi i framtidige år, og jo større blir kutta når dei til slutt kjem likevel.
Kommuneadministrasjonen har vore tydeleg i mange år på at Midt-Telemark har vore på feil spor økonomisk. Uheldigvis har ikkje dette alltid vore tydeleg kommunisert vidare til innbyggjarane av politikarar.
I november 2023 gjekk til dømes Einar Fagerås (SP) ut i Bø blad for å avdramatisere situasjonen. I 2023 gjekk vi altså cirka 20 millionar i minus, og kort tid etter vedtok vi eit budsjett for 2024 der resultatet vart eit meirforbruk på over 50 millionar.
Vi forstår at intensjonane bak slike utspel er gode, samtidig medverkar denne typen utspel til at politikarar, tilsette og innbyggjarar ikkje har vorte så godt førebudde på kutt som dei burde vore.
Framover treng vi at heile kommunestyret er samla i kommunikasjonen på at den økonomiske situasjonen faktisk er kritisk. Om ikkje blir det umogleg å få forståing for kutta som kjem.
For å få rekneskapen i balanse, må alle kutt som er foreslått gjennomførast, og meir til. Det betyr at om du vil behalde Folkestad som sjølvstendig skule, eller er mot kutta i kulturskulen og barnevern, så må vi kutta endå meir på til dømes lærarstillingar, institusjonsplassar eller andre gode tenester.
Alternativet er å gå med meir underskot og låne meir pengar. Då får vi eit endå større problem i 2026 og åra framover.
Mange politikarar og innbyggjarar ønskjer å flytte fokus frå konkrete kutt i tenestetilbodet til meir diffuse ønske rundt effektivisering av drift og redusert sjukefråvær.
Vi tenkjer at dette er ei form for ønskjetenking og fornekting av situasjonen. Effektivisering er viktig og det må ein sjølvsagt halde fram å jobbe med, men det har allereie hatt mykje fokus i år etter år, og er ikkje nok.
Nå som det blir omstilt og kutta stillingar på nesten alle avdelingar så skal det uansett mykje god leiarskap til berre for å klare å halde sjukefråværet på dagens nivå.
Nå har vi venta mange år med å kutte, derfor blir kutta hardare enn dei hadde trengt å vere.
I demokratiet er det ofte sånn at dei som sit med makta må ta den triste og kjedelege jobben med å vere ansvarlege, medan opposisjonen kan sanke stemmer på å vere mot kutt.
I Midt-Telemark har det vore heilt omvendt. MDG, V og SV har i fleire år innsett alvoret, teke ansvar og stemt for forslag administrasjonen har til kutt.
SP, H og FRP har derimot utsett problema, og vedteke budsjett som alle skjøna ikkje var realistiske. Kommunen vår treng at også SP, H og FRP tør å vere ansvarlege – og bli upopulære.