Meining:

– Eg fekk ein klump i magen da eg såg at kulturskulen kan bli halvert
Nyleg blei det gjort kjent at kulturskulen skal spare pengar og at det kan resultere i kutt av stillingar og halvere dagens tilbod.
Da eg såg dette og tenkte på kva det kan resultere i, fekk eg ein klump i magen.
Eg har sjølv vore i kulturskulen i over 10 år. Eg fekk undervisning i hardingfele og folkedans, noko som har resultert i ein livslang hobby. Det har vore lyspunkt i ein travel kvardag med skulegang og lærlingtid.
Når eg tenkjer tilbake på åra i kulturskulen, tenkjer eg på samhold og vennskap. Eg har fått venner med felles interesser og eit stort nettverk i eit positivt miljø. Dette har blitt ein stor del av min identitet og eg har funne tilhøyrsle i dette miljøet.
Midt- Telemark si framtid er barn og unge. Det er dei som skal busette seg her og drive kommunen vår vidare.
Kvifor skal me fjerne kulturtilbod og fritidsaktivitetar når me treng dei som mest?
Kva for konsekvensar kan det få å fjerne fritidstilbod og aktivitetar for barn og unge?
For mange er kulturskulen ein viktig aktivitet i kvardagen der ein kan komme som ein er, og drive med aktivitetar som gir meining og som er lystbetonte. Nokon har store ambisjonar, andre ikkje, men alle er like velkomne.
Dersom me kuttar i kulturskulen, kan det føre til at fleire og fleire kjenner på ei einsemd. Det kan òg resultere i at fleire unge sit inne, noko som kan føre til ein auke i psykiske plager.
Midt-Telemark kulturskule er så mykje meir enn berre ein kulturskule der ein har 20 minuttars speletime ein gong i veka.
Det er ein stad der unge kan utvikle og utfordre seg sjølv. Det er ein stad der alle er velkomne og blir møtt av sin lærar og andre tilsette med eit stort smil, folk som genuint bryr seg om elevane sine.
Det er ein arbeidsplass med 20 dyktige lærarar som gjer sitt beste kvar dag for elevane sine!
Dei startar samspel på tvers av instrument, og brukar av si fritid på å koma på sjokoladekappleik for å stemme feler og vera ein støttande rollemodell.
Dei står klar med ein high five og gode ord, både når du sjølv føler det har gått bra, og når du er skuffa.
Det er lærarar som på fritida si lagar ekstra øvingar før kappleik og andre arrangement slik at eleven føler ein ekstra tryggheit. Dei stiller opp på sosiale arrangement og dei «sjekkar inn» hos elevane sine når dei veit at noko plagar dei.
Midt- Telemark kommune har tre feler i gull i kommunevåpenet og har ein lang tradisjon innanfor musikk generelt, og folkemusikk spesielt. For at denne tradisjonen skal leve vidare i kulturbygda vår, treng vi å rekruttere nye talent. For å få til dette, er vi heilt avhengige av ein innhaldsrik kulturskule med engasjerte og motiverte lærarar.
Nokon vil lide uansett når det skal kuttast og sparast, men skal me gjera kommunen vår til ein mindre attraktiv stad å flytte til ved å kutte i aktivitetar for barn og unge?
Barn og unge fortener ikkje å vere taparane når det må kuttast i kommunebudsjettet!