MEINING:
Er det på tide at fleire slår ring om dei små lokalavisene?
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Har dei globale tech-gigantane blitt så store at det er på tide at fleire slår ring om dei små lokalavisene?
I så fall bør endå fleire lokale og nasjonale annonsørar snart kome tilbake til oss i lokalavisene. Slik kan vi framleis bidra til eit sunt demokrati og levande lokalsamfunn.
Når julefreden snart senker seg, er det mange som kan ønskje sin næraste familie velkomen heim til jul.
Det same seier vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) til små og store bedrifter, organisasjonar, kommunar, fylkeskommunar og staten; de er alle hjarteleg velkomne heim igjen til lokalavisa og andre norske, redaktørstyrte media.
Annonseinntektene til lokalavisene er framleis med på å finansiere meiningsfylt og uavhengig journalistikk landet rundt.
Gjennom heile 2026 har vi i LLA og 130 lokalaviser landet rundt markert jubileet vårt gjennom «Lokalavisåret».
Vi starta med ein digital lokalavisstafett på kryss og tvers av Noreg.
På slutten av året tok vi imot stortingspresident Masud Gharahkhani i Rikssalen på Eidsvoll – i det same rommet der ytringsfridomen vart grunnlovsfesta i mai 1814. Dagens stortingspresident er brennande oppteken av å ta godt vare på denne ytringsfridomen, lokalavisene og øvrige norske redaktørstyrte media.
Kvifor kastar norske bedrifter og offentlege etatar milliardar av annonsekroner etter amerikanske eller kinesiske tech-gigantar?
«Lokalavisene er svært viktige for demokratiet vårt. Dei sørgjer for opplyste samtalar og diskusjonar om saker som angår folk der dei bur», sa Masud Gharahkhani på Eidsvoll.
Deretter la stortingspresidenten til:
«Rolla media har i demokratiet handlar også om tryggleik og beredskap. Lokale medium har ei viktig rolle som formidlar av kritisk viktig informasjon».
Mykje av dette har heldigvis også norske annonsørar forstått. Dei som driv ein liten butikk eller ei mellomstor industribedrift – eller som kan ta øvste avgjersle i ein organisasjon, kommune, fylkeskommune eller staten – bur jo som oftast sjølve i eit lite lokalsamfunn eller ein bydel. Derfor ser mange at lokalavisene dekkjer det som betyr noko for folk i kvardagen.
Men gitt at dei fleste av oss er glade for å ha ei lokalavis, kvifor kastar norske bedrifter og offentlege etatar milliardar av annonsekroner etter amerikanske eller kinesiske tech-gigantar? I staden for å bruke litt meir av reklameinvesteringane i lokalavisene og andre norske redaktørstyrte medium?
Medietilsynet og Institutt for reklame og medier (IRM) anslår at globale aktørar henta 13,5 milliardar kroner i den norske annonsemarknaden i fjor.
Annonseinntektene til avisene på nett og papir var ca. 3,7 milliardar. Resten gjekk altså til Meta, Google og andre gigantar som bryr seg lite om norske lokalsamfunn.
Det er dessverre for lite som tyder på at denne urovekkjande utviklinga snur fort nok.
I mellomtida kan vi i det minste gle oss over at annonsørane sine haldningar til norske medium er positive.
70 prosent meiner det er lokale og regionale annonsørar si oppgåve å støtte norske redaktørstyrte medium
I ANFO Annonsørforeningen sin ferskaste «Den store annonsørrapporten» står det at nesten 60 prosent av marknadsførarane meiner det er deira jobb å støtte norske redaktørstyrte medium. Nesten 75 prosent er uroa for at økonomien til mediehusa blir svekt. Norske annonsørar heiar på norske medium.
Dessverre er det mindre lystig lesnad lengre nede i rapporten: Trass i dei positive haldningane til annonsørane hamnar tre av fire nye kroner hos dei som driv med søkjemotorar eller sosiale nettverk.
I eit debattinnlegg nyleg omtalte prosjektdirektør i ANFO, Jan Morten Drange, dette sjølv som eit «investeringsparadoks». Drange skriv at «vi meiner éin ting, og gjer ofte noko anna».
Til liks med oss i Landslaget for lokalaviser minner ANFO om at «redaktørstyrte medium er ein del av infrastrukturen i eit demokrati» og spør derfor om «vi har tenkt godt nok gjennom kva våre innkjøpsavgjersler betyr for den mediefloraen vi faktisk ønskjer å ha i framtida».
Dei same observasjonane som Annonsørforeningen har gjort blant nasjonale annonsørar, la vi i LLA merke til blant lokale annonsørar før jubileumslandsmøtet vårt på Voss i vår. Då gjorde vi ei lita temperaturmåling blant bedrifter og kommunar i Hardanger.
I LLAs «Den vesle annonsørrapporten» ser vi heldigvis at lokalavisene blir brukte som marknadsføringskanal fordi det gjev effekt. Samtidig bruker minst like mange lokalavisa fordi dei er opptekne av å ha levedyktige lokalaviser.
Og nesten like mange støttar utsegna om at dei bruker lokalavisene til marknadsføring fordi dei vil støtte norsk, redaktørstyrt journalistikk. Noko er endå tydelegare; nesten 9 av 10 har langt større tillit til norske medium enn dei utanlandske. 70 prosent meiner det er lokale og regionale annonsørar si oppgåve å støtte norske redaktørstyrte medium.
Med andre ord; haldningane til lokalavisene, og norske redaktørstyrte medium, er svært positive, men dessverre gjev ikkje dei velmeinte orda like stort utslag i kroner og øre. Pengestraumen går framleis i strie straumar til dei internasjonale tech-gigantane.
Kanskje kan vi til neste år håpe og tru at kommunedirektørane landet rundt kan bruke lokalavisene endå meir til kunngjeringar og nyttig innbyggjarinformasjon?
Når vi snart legg bak oss 2026, kan vi då håpe og tru at lokale, regionale og nasjonale bedrifter og offentlege etatar ser heilskapen? Altså at marknadsføring gjennom norske redaktørstyrte medium ikkje berre gjev effekt her og no for det annonsøren vil oppnå på kort sikt – men at annonsering i norske medium også bidrar til sterkare lokalaviser og lokalsamfunn?
Noko er kanskje på gang. Fleire og fleire snakkar om paradokset – og vi ser flotte døme på endring: KLP, Noregs største pensjonsselskap, veljer bort dei store globale teknologiplattformene til fordel for norske mediehus. Det same gjer Kommunalbanken (KBN). Harald Jacobsen, kommunikasjons- og berekraftssjef i KBN, skreiv tidlegare i år ein svært treffande analyse:
«Etter innsetjingsseremonien i Det kvite hus i fjor, der eigarane av dei store amerikanske tek-selskapa bøygde nakken for Trump, er det ikkje lenger ukontroversielt å sende norske annonsekroner ut av landet og til selskap som til dels aktivt prøver å påverke andre land sine demokratiske prosessar. Motsatsen til denne ekstreme konsentrasjonen av informasjonskontroll, der nokre få tek-oligarkar bestemmer nyheitsstraumane til fleire hundre millionar menneske, er lokalavisene», skreiv Harald Jacobsen – og la til at Kommunalbanken, som snart fyller 100 år, har inngått annonseavtalar både med Amedia, Polaris og oss i LLA fordi banken «slik kan fortelje lokalsamfunna om barnehagane, skulane, vegane og eldreomsorga vi finansierer, samstundes som vi bidreg litt til at lokalavisene kan gjere den viktige jobben dei gjer», uttalte Jacobsen.
Og når valkampen er i gang i 2027; kan vi då håpe på at lokale politikarar og sentrale partikontor bruker norske lokalaviser i staden for Facebook?
Det er nok av andre gode døme også; dei tre store matvaregrupperingane i Noreg er viktige og trufaste annonsørar i lokalavisene.
Distriktssenteret og Merkur-programmet brukte også ei rekkje lokale aviser for å marknadsføre Handle lokalt-dagen i haust. Kanskje tenkte Distriktssenteret akkurat slik dei ofte sjølve marknadsfører nærbutikkane; «Dersom du vil ha oss her i morgon, må du bruke oss i dag».
Kanskje kan vi til neste år håpe og tru at kommunedirektørane landet rundt kan bruke lokalavisene endå meir til kunngjeringar og nyttig innbyggjarinformasjon?
Det same kan fylkeskommunane og staten gjere. Det er nok av viktig offentleg informasjon som med fordel kan formidlast gjennom norske medium.
Til dømes dumpa det nyleg ein fin og nyttig brosjyre om beredskap i postkassane våre. Kanskje kan staten neste år bruke alle norske aviser til å minne om dei viktigaste beredskapstiltaka?
Og når valkampen er i gang i 2027; kan vi då håpe på at lokale politikarar og sentrale partikontor bruker norske lokalaviser i staden for Facebook?
Kjære offentlege og private annonsørar; velkomen heim att!