Meining:

– Me er sjokkerte over at dei foreslår dette, og saksbehandlinga er heilt uforsvarleg
Styrk lokalskulane, gjennomfør vedtaka og bruk lovverket rett, blir det sagt i ei uttale frå Oterholt grendelag.
Me er sjokkerte over at administrasjonen har foreslått for formannskapet å greie ut skulestrukturen på nytt - utan høyringar eller nye moment sidan vedtaket vart gjort.
Endå meir oppsiktsvekkjande er det at ordføraren frå Senterpartiet, som gjekk til val på å oppretthalde strukturen, støttar dette forslaget.
Me er òg skuffa over at Arbeiderpartiet i Oppvekst- og kulturutvalet, saman med fleire andre parti, støttar ei flytting av elevane frå Folkestad til Bø, trass i åtvaringar frå Utdanningsforbundet om at det ikkje er plass til dei på Bø skule.
Dette er i røynda det same som å legge ned Folkestad skule, og er strid med eit politisk vedtak gjort berre for nokre månader sidan, og i strid med klare anbefalingar frå tilsette, grendelag, lokalmiljø og bekymra foreldre ved Bø skule.
Foreldra fryktar kaos og brakketilvere i skulekvardagen. Det kan også auke kostnadene, snarare enn å redusere dei, slik ein kanskje trur.
Dagens politikarar bør reflektere over at det er den same administrasjonen som nå foreslår ny utgreiing som har hatt hovudansvaret for budsjetta og tiltaka som har ført til at kommunen er sett under administrasjon.
Etter det me kjenner til har det heller aldri blitt gjennomført nokon heilskapleg effektiviseringsstrategi med tilhøyrande handlingsplan etter kommunesamanslåinga - noko som kunne ha sikra betre økonomisk styring og langsiktig kontroll.
Dette er etter vårt syn ei heilt amatørmessig og uforsvarleg saksbehandling, og bør ikkje få tilslutning frå politisk hald. Nå må politikarane slutte å hoppe frå sak til sak og heller vise ansvar, ikkje følgje utspel utan konsekvensanalyse og fagleg forankring.
Med ny kommunedirektør på plass bør saka leggjast i bero til ho har fremja tiltak basert på PwC-rapporten og eigne vurderingar.
1. Økonomisk ansvar og effektiv ressursbruk
PwC-rapporten viser at Bø skule kostar 12 172 kroner meir per elev enn Folkestad. Ei nedlegging av Folkestad og flytting av elevane til Bø kan potensielt auke kostnadene med over 5,5 millionar kroner årleg om det ikkje endrast kostnadsstruktur.
Dersom alle skulane hadde same kostnadsnivå som Folkestad, er potensialet å spare over 10 millionar. Det kan vere ulike årsaker til kostnadsforskjellar, men rapporten peikar på at både Bø og Gvarv har høgare kostnader enn samanliknbare skular i referansegruppa. Dette er hovudutfordringa - ikkje Folkestad.
Politikarane må setje tydelege krav om at kostnadsnivået skal ned på line med samanliknbare einingar og budsjetta skal haldast.
2. Krinsgrenser og nærskuleprinsipp
Krinsgrensene må vernast for å sikre stabile elevgrunnlag og hindre at skular vert svekka gjennom administrativ praksis.
Urettmessig bruk av målform som grunnlag for skulebyte har bidrege til å undergrave elevgrunnlaget ved Folkestad skule.
Kommunen kan og bør leggje til rette for at begge målformer blir tilbydde på alle skulane, i tråd med opplæringslova. Dette vil sikre føreseielege rammer, styrkje nærskuleprinsippet og bidra til rettferdig handsaming av alle lokalsamfunn.
Konklusjon
Oterholt Grendelag ber politikarane stå fast ved tidlegare vedtak og prioritere tiltak som gir reell innsparing, basert på faglege vurderingar og gjeldande lovverk.
Det er fullt mogleg å effektivisere innanfor dagens skulestruktur.
Me har ansvar for å sikre ei berekraftig løysing for elevane, skulane og lokalsamfunna. Det krev retning, ansvar og budsjettdisiplin - ikkje omkampar og panikkvedtak.