Meining:

– Bur me i ein krisekommune?
I Bø blad 27. mai gjer MDG ved Helle Friis Knutzen og Espen Lydersen greie for sitt syn på dei økonomiske utfordringane i kommunen vår.
Det meste her er det brei semje om. Eg synest likevel at kommunepolitikarane i alle parti skal vere varsame med å kritisere kvarandre for at vi nå må gjere store kutt.
I det store og heile har det vore brei semje om dei fleste spørsmåla knytt til økonomiske disposisjonar som er gjort sidan samanslåinga.
Det er rett nok gjort kostnadskrevjande vedtak som vi i ettertid kanskje ser ikkje var godt nok gjennomtenkt, t.d. etablering av nytt legesenter på Gvarv.
Når det gjeld tiltak for innsparing, har det vore brei semje om det aller meste.
Eg slit med å finne gode døme på at MDG eller andre parti har gjort framlegg om innsparingstiltak som ikkje har blitt vedteke.
Derimot er det gjort vedtak om innsparing, t.d. på lønn som vi ikkje veit sikkert om er gjennomført. Og det er frå administrasjonen lagt fram ei rekkje tiltak og «arbeidspakker» som det er vanskelege å sjå effekten av, eller som ikkje er gjennomført.
Vi har t.d. i fleire år etterspurt tiltak for å redusere på utgiftene til bilhald - ei innsparing som ikkje har uheldige verknader. Men her har vi ikkje sett resultat til no.
La det vere klart. Det er heller ingen god grunn til å skulde på administrasjonen eller kommunedirektøren for at vi no har store utfordringar.
Vi har fått ny kunnskap gjennom konsulentrapporten frå PWC som viser potensiale for innsparing på mange område. Det er semje om å ta tak i dette. Det som for meg er mest oppsiktsvekkande er at ein stor del av tiltaka kan gjennomførast av administrasjonen mest utan politisk medverknad i det heile.
Det spørsmålet som er unntaket i denne samanhengen er knytt til skulestrukturen og kva som skal skje med Folkestad skule. Her har vi hatt ein grundig prosess, og kommunestyret har gjort eit klart vedtak. Likevel ser det ikkje ut til at vi er ferdige med saka.
Men, bur vi i ein krisekommune? Svaret mitt er NEI, som er det eg ga uttrykk for i Bø blad i november 2023, og som Friis Knutzen og Lydersen kritiserte i sitt innlegg.
Eg skreiv da og at kostnadsjakt og effektivisering er nødvendig , og at vi har for store kostnader på ein del område. Kommunen har levert gode tenester til innbyggarane og vil og gjere det i åra framover, sjølv om det vert innsparingar som blir følbare.
Vi har hatt for høgt forbruk innan særleg kommunehelse, sosialhjelp og barnevern, og sjukefråværet i kommunen bør ned. Vi må skjere ned på forbruket vårt med minst 4 prosent, og det vil bli merkbart på mange område. Men eg trur vi klarer det, og at tenestene likevel blir innanfor lovkrava og i samsvar med nivået i samanliknbare kommunar!
Midt-Telemark har størst vekst i folketalet av kommunane i Telemark, og er ein attraktiv kommune. Det vil den også bli etter nedskjeringane som nå må til.
Når ordet krise stadig vert brukt om den økonomiske situasjonen, føler eg at ein er for dårleg orientert om det som skjer i verda utanfor oss, og at ein har for liten innsikt i tilhøva i lokalsamfunn i andre land.
Eg vil sitere den nye kommunedirektøren Eva Rismo i Bø blad: Ho meiner Midt-Telemark er ein superattraktiv og spennande kommune, med folkevekst og god utvikling på mange felt: "Kommunen har nesten alt ein kan ønskje seg. Ein krisekommune er det absolutt ikkje."