MEINING: 

BYGGJESTART: Bygging av sykkelbaner i Gullbring er allereie i gang.

– Fine ord om sykkel gir ikkje meir plass til skeiser

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

I Bø blad si nettutgåve 26. august svarar ordførar Siri Blichfeldt Dyrland på lesarinnlegget mitt, der eg uttrykker bekymring for at pumptracken skal bli bygd på arealet til dagens skeisebane.

Eg takkar for svaret, men registrerer at ordføraren ikkje svarer på spørsmåla. Svaret ber heller preg av stråmannsargumentasjon og svar på spørsmål ingen har stilt.

«Ja til både skeiser og sykling ved Gullbring» blir det skrive – men kven har eigentleg sagt nei til sykling?

«Alle aktivitetane som finst på området i dag, blir vidareførte» blir det òg skrive – men kven har sagt at det ikkje blir det?

Riktig nok vidareført i sterkt redusert tilstand, sidan både skeisebanen blir redusert med éin tredjedel og sandvolleyballbanane blir halvera frå fire til to.

Eg stiller spørsmål til prosessen og konsekvensen for bygda sine born, unge, elevar, studentar og barnefamiliar. Ordføraren svarar «Det som kanskje har fått mindre merksemd, er kva sykkelparken vil tilføre».

Er det noko som har fått merksemd, særleg av sykkelprosjektet sjølv, er kva sykkelparken vil tilføre Midt-Telemark.

Alt treng ikkje alltid vere berre positivt, sjølv om nokon omtalar det slik. Av og til vil nye initiativ og interesser gå på kostnaden av det eksisterande, kanskje utan at ein skjønar det sjølv.

Når kommunen prioriterer mellom eksisterande aktivitetstilbod, fortener det politisk handtering.

Slik eg ser det står dei fleste spørsmåla usvart:

Korleis skal tapt undervisningsareal bli erstatta?

På kva måte har kommunen vurdert dagens bruk og den samla nytteverdien av skeisebanen, før ein tredjedel av arealet blir ofra?

MEINING: Niri Andreas Kvammen Forberg.

Kvifor er dette konkrete inngrepet, som er ei idretts-, aktivitets- og utdanningspolitisk vurdering, berre handtera som ei teknisk byggesak? Kva vurderingar har dei einskilde politiske partia gjort om arealendringa, og kva seier kommunen sitt idrettsråd? Kommunen byter vekk skeiseareal; det er det vanskeleg å kome frå.

Ny asfalt kan «gjere islegginga enklare». Da er det freistande å spørje om kommunen no, i vidareutviklinga av Gullbringområdet og til forskjell frå tidlegare, skal bidra med nettopp denne islegginga? Har kommunen snakka med nokon av dei som faktisk sprøyter banen? Ny asfalt gir ikkje meir is.

I dag blir islegginga av skeisebanen i stor grad drive på dugnad – utan involvering frå kommunen.

Det reiser spørsmål om kommunen eigentleg har fått med seg kor mykje arbeid som blir lagt ned her og kor mange som nyttar isflata. Det er leitt at dette blir oversett i møte med eit stort prosjekt med midlar og fine skisser.

Kven skal realisere at det faktisk blir betre skeiseis i framtida?

Ordføraren skriv at «pumptracken er både flytta og redusert for å gi størst mogleg isflate».

Det les eg som at det opphavleg var planlagt at pumptracken skulle ete opp enda meir av skeisebanen.

Om du fyrst tek to eple før du gir eitt tilbake – har du likevel teke eit eple. Om det har vore så viktig å bevare skeisebanen, kvifor vert ein tredjedel av banen ofra?

Det er kommunen sitt areal, og det er kommunen som bestemmer kva for aktivitet den vil prioritere for innbyggarane sine.

Det viktigaste spørsmålet står seg difor like fullt: Kva aktivitet går no tapt, no som arbeidet alt er i gang og skeisearealet blir bygd ned?

Powered by Labrador CMS