MEINING:

ORDFØRAR: Siri Blichfeldt Dyrland i Midt-Telemark kommune.

– Ja til både skeiser og sykling ved Gullbring

Publisert

Eg viser til lesarinnlegget «Nei til mindre skeisebane i Gullbring».

Forfattaren er bekymra for at den planlagde sykkelbana, ein såkalla pumptrack, skal føre til at skeisebana ved Gullbring blir for mykje redusert.

Det er ei bekymring eg har forståing for. Skeisebana er ein viktig møteplass vinterstid og eit flott lågterskeltilbod for born, ungdom og vaksne. Mange av oss har gode minne frå aktivitet og fellesskap på isen ved Gullbring.

Pumptracken er første del av ein større sykkelpark som det har vore arbeidd med i fleire år. Undervegs har fleire område vore vurderte. Gullbring har peika seg ut som det beste alternativet da området ligg sentralt til og ligg tett på andre aktivitetstilbod.

Heile vegen har det vore viktig å ta vare på mest mogleg av skeisebana.

Pumptracken er både flytta og redusert for å gi størst mogleg isflate. Bana blir noko mindre enn i dag. Samstundes får området nytt dekke, noko som kan gi betre isforhold og gjere islegginga enklare.

Alle aktivitetane som finst på området i dag, blir vidareførte.

Det som kanskje har fått mindre merksemd, er kva sykkelparken vil tilføre.

Dette blir eit gratis lågterskeltilbod for born, ungdom og vaksne store delar av året. USN, Sagavoll og vidaregåande skule får også fleire moglegheiter til undervisning.

Dette er eit prosjekt som har vakse fram gjennom samarbeid mellom frivillige, utdanningsinstitusjonar, grunneigarar og kommunen.

Målet har heile tida vore å gjere Gullbring til ein endå betre møteplass med plass til fleire aktivitetar. Derfor meiner vi at dette er ei satsing som både tek vare på det vi har og gir nye moglegheiter for framtida.

 

Powered by Labrador CMS