MEINING:

MEINING: Niri Andreas Kvammen Forberg.

– Nei til mindre skeisebane i Gullbring

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

Bø blad kan i nettutgåva fredag 14. august melde at «Kommunen seier ja til sykkelbaner», og at det er teknisk eining som har gjort vedtak i saka.

Planane inneber at det skal bli etablert sykkelbaner over arealet til sandhandballbanen og asfaltflata i Gullbring som på vinteren utgjer skeiseflata i bygda.

Det er fint at prosjektet legg opp til asfaltfornying på eksisterande asfaltflate. Samstundes er det ikkje til å kome frå at sykkelbanen legg beslag på 1/3 av eksisterande asfaltflate – som vil seie ein drastisk reduksjon i tilgjengeleg skeiseflate vinterstid. Ny asfalt veg ikkje opp for at skeisebanen krympar.

Det verkar som eit paradoks at nye aktivitetstilbod blir etablert ved å bygge ned eksisterande og godt nytta aktivitetsflater.

Unytta areal i området (men som kanskje kostar meir å bygge på?) burde bli vurdert før ein bygger ned eksisterande tilbod. Eit nytt aktivitetstilbod er ikkje eit reelt løft, dersom rekninga blir betalt av dei som nyttar området i dag.

Skeisebanen i Gullbring er ei av dei mest nytta aktivitetsflatene i Bø vinterstid, og er ein av Bø sine fremste vinterkvalitetar. Ofte er det så mange brukarar på banen, at kapasiteten allereie er pressa.

Banen blir nytta av born, ungdom, vaksne og barnefamiliar til gratis, lågterskel og uorganisert aktivitet. Skeiseaktivitet er dessutan ei av dei billegaste aktivitetane familiar kan ta del i. Det å ha ein stor og samanhengande isflate har ein stor eigenverdi for aktiviteten.

Skeiser gir fysisk aktivitet, læring, meistring og er ein sosial arena vinterstid for alle. I over 20 år har Gullbringbanen vore full av skeiseaktivitet, og er heller eit tilbod kommunen burde bevart og utvikla.

Ein reduksjon i isflata rammar nettopp dei kommunen skal ha som sin hovudprioritet – eigne innbyggarar. Dette er ikkje eit tomt areal som ventar på innhald, men eit veletablert aktivitetstilbod som allereie fungerer godt.

Arealet er også undervisningsrom for fleire av skulane i Midt-Telemark og omegn, der fleire kan måtte nytte same arealet samstundes.

Kor mange er det som sjølv har lært seg å gå på skeiser her, og kor mange tusen elevar har hatt undervisning her gjennom åra? Korleis skal tapt undervisningsareal bli erstatta? Korleis er eksisterande bruk vurdert? Har kommunen forstått kor omfattande nytteverdi skeisebanen faktisk har?

Det held ikkje å spørje kor mykje asfalt som står att. Ein må spørje kva aktivitet som går tapt.

Eg etterlyser kva meining dei politiske partia har i denne saka.

Kvifor er dette konkrete inngrepet, som i høgste grad må kunne seiast å vere av idretts-, aktivitets- og utdanningspolitisk karakter, ikkje behandla politisk? Kva krav, vurderingar og innspel har partia hatt til arealendringa? Kvar er idrettsrådet?

Når kommunen prioriterer mellom aktivitetstilbodet til innbyggarane, då er det meir enn ei teknisk byggesak.

Pumptracken bør kome i tillegg til skeisebanen, ikkje i staden for delar av den. Kommunen bør vektlegge eigenverdien av å bevare eksisterande, populære aktivitetsområde for eigne innbyggarar.

Storleiken på asfaltflata bør skjermast, og pumptrack og andre nye aktivitetstilbod bør bli plassert slik at dei ikkje tek av andre aktivitetar sine areal.

Dette er ei sak som fortener meir merksemd av alle i bygda som har glede av skeisebanen i Gullbring.

Eg er redd det er ein typisk sak som går dei faktiske brukarane «hus forbi», og så er det for seint.

Powered by Labrador CMS