MINNEORD:

TIL MINNE: Blomstrar blir lagt på torget i Bø til minne om Kong Harald V.

Til minne om Kong Harald V

Du les no eit minneord. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert Sist oppdatert

Det er landesorg i Noreg, og langt ut over Noregs grenser.

I går døydde vår kjære kong Harald V, og det striregner utanfor vindauga mitt. Himmelen gret i dag i likheit med kva den gjorde i går.

Dagen før, den siste dagen i kong Harald sitt liv, skein sola i absolutt heile landet vårt. Det var vergudane som visa han si siste ære. Eit sterkt symbol på kva han har hatt å seie for landet vårt, og for oss som folk.

Folk i alle aldrar har strøymt til slottsplassen med blomar og ljos og helsingar. Det starta straks etter at det torsdag morgon gjekk ut melding om at kongens helsetilstand var forverra, og at det var svært alvorleg, og det berre heldt fram. Dette i vyrdsemd og takk til ein folkekjær monark.

Og kva var det med kong Harald me alle var så glade i?

Det som vert gjenteke og gjenteke var hans evne til å inkludere alle. Han såg menneske, og ga tydeleg uttrykk for at alle var like mykje verdt, uavhengig av religion, legning, etnisitet og kvar dei kom frå.

Han var oppteken av at også hans familie var innvandrarar. Hans far frå Danmark, og hans mor frå Sverige. Røtene hans var ikkje norske.

Han heldt taler som rørde og lyfte og inkludera. Det gjaldt samefolket, som han gjekk ut og ba om ei orsaking for den uretten dei hadde vorte utsette for gjennom fornorskingspolitikk og diskriminering.

Han gav dessutan anerkjenning til partisanane, som hadde kjempa for Noreg på sovjetisk side under krigen. Dei vart offer for etterkrigstidas kalde krig. I ei tale til dei i Kiberg Finnmark anerkjende han deira kamp (1992). Det hadde gått mange år sidan krigen var slutt da dette skjedde. Mange av dei var døde, men gjenlevande og pårørande fekk no oppleve ei oppreising som hadde svært mykje å seie for dei, og tårer vart felte.

Kong Haralds empati kom til uttrykk i tunge stunder, som etter at terroren i regjeringskvartalet og på Utøya ramma 22. juli 2011.

Kong Harald gret med folket sitt. Dette eit uttrykk for at den kloke og sterke kongen vår også kunne vise seg sårbar.

Han var vår konge i 35 år. Gjennom desse åra voks han inn i våre hjarte.

Ingen er fullt så åleine når ein veit det er menneske der ute som har omsorg og omtanke, som har medkjensle og som forstår kva livet er. Som anerkjenner og som bryr seg om. Som i tillegg til å vere konge og statsoverhovud, gjev støtte i både glede og sorg, og samler oss som bur og lever i dette landet.

Han og hans familie gjennomlever også tunge og vanskelege tider, og har sine ljose og mørke dager. Det gjev visse om at også kongen ber røyndom om kva livet krev av oss.

Kong Harald kunne le saman med oss og gråte saman med oss. Han opna dører til det som mange aldri deler, som legning, einsemd, diskriminering, rasisme, sjølvmord, psykiske lidingar, og han snakka til born som bar på vonde opplevingar med vald og overgrep.

Han famna oss alle. Såleis vart han den som ga hjelp til å sette ord på, og som letta litt på børa for mange.

Me gret i dag. Me er i sorg.

Frå ein ikkje ubetinga royalist

Powered by Labrador CMS