MEINING:
– Må vurdere konsekvensane for eldre før ein privatiserer vegar
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Eg ønskjer med dette å kome med nokre merknader til framlegget om privatisering av kommunale vegar.
Eg har forståing for at kommunen må vurdere økonomi, drift og prioriteringar. Samstundes er vegen ein heilt sentral del av kvardagen vår.
Vegen er nødvendig for trygg og praktisk tilkomst til bustadane, og for at tenester som heimetenester, ambulanse, brannvesen, handverkarar, varelevering og avfallshenting skal kunne kome fram når det trengst.
Vegen er òg nødvendig for kontakt med familie og naboar.
For mange vil ei privatisering føre til meir ansvar, meir uvisse og nye kostnader i ei livsfase der ein ønskjer ro, tryggleik og føreseielege rammer.
Vedlikehald, brøyting og praktisk organisering kan vera krevjande, særleg når helsa eller funksjonsevna ikkje er som før. Det er ikkje alle som har høve til å ta del i praktisk arbeid eller å følgje opp eit veglag.
Eg er særleg oppteken av at vegane også framover må vera trygge og framkommelege heile året.
God vinterdrift er viktig for at eldre, og andre, skal kunne bu heime lengst mogleg, og for at nødvendige tenester skal kunne kome fram utan forseinking.
Eg ber difor kommunen om å vurdere konsekvensane for dei eldre fastbuande nøye før det blir gjort vedtak.
Ingen ønskjer å vera til hinder for nødvendig utvikling, men eg håpar kommunen tek omsyn til at trygg tilkomst til eigen bustad er ein viktig føresetnad for å kunne leve eit godt og sjølvstendig liv, også på eldre dagar.