HØGDEBASSENG: Ved hytteområdet Lifjelltoppen blei det i fjor bygd eit nytt høgdebasseng for drikkevatn. Slik såg det ut i august. Sidan er tankane bygd inn i ein huskropp.
Øystein Akselberg
Sikrar vassforsyninga
To nye høgdebasseng for drikkevatn, på Hørte og Lifjell, står klare i desse dagar. No står enda eitt nytt basseng for tur, om det ikkje blir for dyrt å byggje.
Både Bø og Sauherad kommunar jobba med viktige prosjekt innan vassforsyning det siste året som eigne kommunar. Det blei i fjor byggd høgdebasseng både ved Hørte og på Lifjell. Anlegget på Hørte er teke i bruk, medan Lifjell-bassenget blir køyrt i gang og testa akkurat no.