EIN GOD START: Styreleiar i Midt-Telemark Stisykling, Tommy Langseth, er glad for at dei nå kan ta første steg i prosjektet.
Unni Buverud
600 000 er i boks – nå startar prosjektarbeidet
Midt-Telemark Stisykling AS får 600 000 kroner frå Fylkestinget. – Brorparten av pengane skal brukast til å tilsette ein person som kan jobbe vidare med prosjektet, seier styreleiar Tommy Langseth.
Karin Hagen, ordførarkandidat for Midt-Telemark Ap, seier det var eit ønske om å støtte prosjektet med 600 000 slik at dei kan kome i gang. Politikarane tenkjer dette er ein spennande måte å drive reiselivsutvikling i kommunene.