
– Me held noko av andre sitt liv i våre hender
Kvart år gjennomfører me på Sagavoll folkehøgskule eit stort og spennande eksperiment: Me lar over 100 ungdommar frå heile landet - og nokre frå utlandet - bu saman døgnet rundt i ni intense månader. Det er inga sjølvfølgje at det vil gå bra.
Alle som har sett Farmen veit at det fort kan gå gale når folk skal bu tett saman over ein periode, og ni månader er lenge. Ein stor forskjell er likevel at ingen skal bli stemt ut på folkehøgskulen. Tvert imot, det gjeld å få alle til å bli heile tida.
Mange som berre ser folkehøgskulane utanfrå, kan nok lett tenkje at me berre driv med leik og moro.
Og for all del, det gjer me også mykje av. Læring kan vere moro når du vel kva du vil lære og ikkje treng å prestere for karakterer eller eksamen.
Men midt i all moroa har me eit oppdrag frå myndigheitene. Me skal drive med allmenndanning og folkeopplysning, så tørt som det fort kan høyrest ut som.
Men å lære å leve i eit fellesskap er svært samfunnsnyttig.
Spesielt utfordrande i eit fellesskap er det hvis nokon meiner at kvar og ein berre har ansvaret for seg sjølv og bør få gjere som hen vil. Det gjeld i like stor grad i samfunnet som på ein folkehøgskule.
Ulike personlegdomar kan fort utfordre kvarandre. Friksjon er normalt. På eit internat har me jamnlege samtalar om kva som fungerer, og kva me må jobbe med for at alle skal ha det bra.
Den danske teologen og filosofen K.E. Løgstrup har skrive følgjande geniale setning: «Vi har aldri med et annet menneske å gjøre uten at vi holder noe av dets liv i vår hånd.»
Når eg underviser om Løgstrup, pleier eg å halde fram personalet på Kiwi Gvarv som gode døme på noko viktig.
Dersom kvart møte mellom menneske inneber eit ansvar for den andre, vil det bety at me må møte alle på ein god måte, uansett kor godt me kjenner dei eller kor kort møtet er.
Her er personalet på Kiwi Gvarv gode. Ved å seie «Hei» med eit smil, vil kvart menneske for ein augneblink føle seg sett og respektert.
Og jo meir me har med kvarandre å gjere, jo viktigare er det at me strekkjer oss for den andre si skuld. Slikt kan det bli eit godt samfunn av.