Meining:

MIDT-TELEMARK: Folkestad skule

– Kanskje det er på tide at vi tenker EIN skule i Bø, men også brukar Folkestad

Dette er eit meiningsinnlegg om Robek og sparing, og endring av skulestruktur enno ein gong.

Til alle politikarar og administrasjonen i Midt Telemark kommune!

Midt-Telemark kommune skal spare mange millionar, og barn og unge skal ta mykje av belastninga, slik det ser ut no. 

Kort tidsramme og ein svært dårleg prosess blei det sist kommunen hadde skulestrukturen i Bø oppe som sak. 

No må vi alle – politikarar, foreldre og lærarar – prøve å gjera ein betre jobb, og ha ein betre prosess. Vi skal spare pengar, men la oss sitte igjen med eit tilbod vi kan leve med, både elevar, foreldre, lærarar og politikarar. 

Vi må tenke EIN skule

Kanskje det er på tide no at vi tenker EIN skule i Bø, men som også kan bruke lokala på Folkestad vidare. Det er ein svært fin skule, der foreldra har lagt ned mykje arbeid. Vi bør bruke den vidare, men på ein ny måte. Dette vil vi lufte litt her.

Bø skule kan ikkje ta imot heile Folkestad skule, det er det ikkje plass til. Då vil skulen bli rasera. Det kan ingen godta og leve med. Alle praktiske rom må då bli bruka til klasserom. Bø skule har allereie mista naturfagrommet. 

SFO-basar må også bli bruka som klasserom, noko som fører til at elevane på småskulen mistar grupperom og leikeområde.

Bruk begge skulane

Underteikna vil bruke begge skulane. Blande lærarkollegiet på begge skulane. Få ein felles skule i Bø fordelt på to avdelingar. Det er andre kommunar som har gjort dette før oss, så det går fint an å gjennomføre.

1.-3. trinn bør gå på Bø skule, dette fordi skyssproblematikken blir for stor for denne aldersgruppa. 

To trinn skal da gå på Folkestad skule. Kva for trinn som bør flyttast over må ein drøfte nærare. Dette er trinn som kan utnytte det gode uteområdet på denne skulen på ein god og varierande måte. Dei kan nytte seg av den fine skulehagen, ha meir aktiv læring, med betre tilgang til gymsal og skog. 

Underteikna ser for seg 4. og 5. trinn som ei god løysing. 6. og 7. trinn kan vera på Bø skule. Der dei også skal ha skulekjøkken og fadderansvar for 1. trinn. Slik sett passar denne delinga bra. Gode gymsal- og garderobeforhold er viktig for dei eldste elvane. 

Dette vil også løyse tilgang til gymsal for alle elevane. Elevane vil da også begynne og slutte på same skule.

Viktig med felles leiing på skulane 

Dette er også eit ynskje frå regjeringa da det står i stortingsmelding 34 2023-2024 at Regjeringa meiner at meir praktisk, aktiv og variert læring i skulen er det viktigaste grepet for å snu den negative utviklinga i læringsresultat og trivsel. 

Motiverte elevar lærer meir. I arbeidet med meldinga har mange elevar gitt klar beskjed om at dei ønskjer ein skule der dei er meir i aktivitet og der det dei lærer opplevast meir forståeleg og relevant for deira kvardag. 

Tilbakemeldinga frå lærarar er at dei ønskjer meir tid og ressursar til utvikling av praktisk og utforskande undervisning. Meir praktisk og utforskande læring kan gjere skulen meir meiningsfull og motiverande for elevane. Det kan også stimulere til meir nysgjerrigheit og til at fleire blir inkludert i læringa. Regjeringa vil derfor ha meir praktisk læring i alle fag i skulen(Meld. St. 34 (2023–2024).

Det står også i opplæringslova § 1-3 at «opplæringa skal gi elevane kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dette inneberer at skulen skal legge til rette for praktisk læring som ein integrert del av undervisninga.

(Opplæringslova § 1-3).

Ei anna lov vi må passe på å følje er lova om tilpassa opplæring og spesialundervisning. Der opplæringslova § 11-1 fastslår at tilpassa opplæring skal sikre at elevane får realisert potensialet sitt i så stor utstrekking som mogleg innanfor fellesskapet»

Dette betyr at skulen må ha tilstrekkelege ressursar, inkludert grupperom og klasserom, for å kunne gje tilpassa opplæring og spesialundervisning til alle elevar. Dersom vi skal presse 120 elevar til inn på Bø skule, vil det gå utover stasjonsarbeid, tilpassa opplæring og spesialundervisning. Lærarane vil ikkje ha rom å gå til, og dei har det eigentleg for trongt slik situasjonen er no.

Skuleskyss

Skyssproblematikk vil det vere uansett om heile Folkestad kjem til Bø skule, eller om vi opprettheld to avdelingar på Folkestad.

Når det gjeld skuleskyss, har fylkeskommunen ansvaret for skyss når avstanden mellom heim og skule er over 4 km for elevar i 2. til 10. klasse. Dette betyr at dersom kommunen samlar to trinn lengre unna sentrum og mange elevar får ein skuleveg på over 4 km, vil fylkeskommunen vere ansvarleg for å dekke kostnadene for skuleskyssen.

På denne måten slepp kommunen utbygging på Bø skule. Det blir klasserom nok til fem trinn. SFO kan vere der dei er, med ei lita utbetring for SFO 3. og 4. trinn i Gygrestolen ev. 

Praktiske fag får behalde alle praktiske rom, elevane vil også få nytta seg av gymsal på alle trinn. 

Vi blir ein skule. Delar av kollegiet må skifte skulebygg innimellom, men det trur vi kan gå bra. Det kan kanskje vere bra med ein forandring for både små og store i løpet av sju år. Felles samarbeids- og planleggingstid blir sjølvsagt viktig.

Her blir det mykje innsparing:

  • Vi slepp utbygging på Bø skule (40 millionar) og det det vil koste av låneavdrag gjennom mange år.
  • Vi vil kunne spare inn kontaktlærarar der det framleis blir tre klasser etter ev. samanslåing.
  • Innsparing på felles administrasjon.
  • Innsparing på SFO – treng ikkje SFO på Folkestad, 4. trinn kan dra ned til Bø skule etter skuletid ev.
  • Bygningane på Folkestad skule er fine og det er nok plass. Kontorlokale er også gode nok og kvart trinn kan ha kvart sitt store kontor, i kvar sin etasjane. På Bø skule er det ikkje nok kontorplass til lærarar slik situasjonen er utan ei utbygging.
  • Vi får nytta begge skulane og alle elevane i bygda vil bli godt kjent med si aldersgruppe – ein FLOKK! Alle elevane i Bø får eit likt skuletilbod gjennom sju år. 

Kommunen viser til at innbyggartalet/ elevtalet i MT- kommune skal gå ned i framtida. Vi meiner at dette er for tidleg å seie noko klart om. Vi har skissert ei god løysing. Dersom elevtalet skulle gå drastisk ned, kan ein vurdere ein felles skule i framtida.

Er det lov å drive ulovleg skule sjølv om ein er på Robek?

Er det greitt å utradere praktiske rom i ei tid der ein ønskjer ein meir praktisk retta skule?

Dette forslaget håpar vi kan bli tatt opp til seriøse drøftingar både hos lærarar, assistentar, foreldre, FAU og sjølvsagt politikarar. Vi må starte tidleg slik at prosessen blir godt gjennomdrøfta.

Powered by Labrador CMS