
Varslar ekstremt mykje regn og vind i Midt-Telemark
Ekstremvêret "Amy" er på veg, med kraftige vindkast og veldig mykje regn. Farevarsel er sett til raudt, og folk blir bedt om å førebu seg.
Torsdag 2. oktober melder Meteorologisk institutt om ekstremvêret "Amy" som er på veg til Noreg, og mange stader er det nå sett farevarsel på raudt nivå.
– Me ventar ekstremt kraftige vindkast langs Skagerrakkysten laurdag 4. oktober. I tillegg vil det kome ekstremt mykje regn i delar av Telemark og Vestfold. Dette gir farevarsel på raudt nivå, opplyser Meteorologisk institutt.
I delar av Telemark og Vestfold er det venta lokalt 80-100 mm nedbør på tolv timar, og dette vil mange stader vere blant det kraftigaste ein har opplevd dei siste 25 åra.
Dei ekstreme vindkasta som er venta vil liggje på mellom 35 og 40 m/s og kome frå søraust, ifølgje Meterologisk institutt.
På kysten blir det full storm. Vinden aukar først langs kysten i Agder, og vil minke sist i Oslofjorden.

Heftig i Midt-Telemark
Heile Sør-Noreg vil ifølgje meteorologane vere dekt av farevarsel om vindkast, og i tillegg til svært mykje regn på delar av Austlandet laurdag er det dessutan fare for høg vasstand søndag.
Det er òg sendt ut farevarsel om regn på gult og oransje nivå. I delar av Agder, Telemark og Vestfold ventar ein svært mykje regn på oransje nivå.
I Midt-Telemark er det Nordagutu som har det kraftigaste vêrvarselet i helga.
Her er det meldt 77 millimeter regn i løpet av laurdag, og regnvarselet er på raudt nivå. I tillegg er det varsel om flaum på oransje nivå. Vind og jordskredfare ligg på gult nivå både fredag og laurdag
I Gvarvområdet er det varsla 74 millimeter regn i løpet av laurdag, og flaumvarselet er på oransjenivå. Jordskredfare og vindvarsel er på gult nivå både fredag og laurdag.
I Bø er det òg gult farevarsel på jordskred og regn både fredag og laurdag. Laurdag har varsel om vind på gult nivå og flaumfare på oransje nivå.
I alle delar av kommunen er det oransje nivå på flaumfare også søndag.

Ber folk unngå vegane
Det blir vurdert å sende ut vasstandsvarsel frå Meteorologisk institutt, som melder at det er størst risiko for farevarsel ved høgvatn natt til søndag og søndag ettermiddag
Medan ekstremvêret pågår vil det òg vere fare for snøfokk i høgfjellet.
Statens vegvesen førebur seg nå på ekstremveret, og melder at det ikkje vil vere så lurt å ferdast på vegane i delar av Sør-Noreg komande helg.
Vinden kan føre til trefall i låglandet og snøfokk på fjellet. Nedbøren kan føre til jord- og flaumskred. Vegar kan bli stengde og ferjer innstilte. Varselet gjeld frå fredag kveld til utpå dagen laurdag.

Vegar og bruer kan bli stengde
Uvêret vil råke heile Sør-Noreg. Den kraftigaste vinden (raudt farevarsel) vil treffe kysten av Skagerrak. Den kraftigaste nedbøren (raudt farevarsel) vil råke delar av Vestfold og Telemark.
Vinden gjer at mange vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen. Mange reiser kan derfor få mykje lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengde.
– Det vil i nokre område bli vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vassplaning. Det er stor fare for stengde vegar. Ein del stader kan miste vegsambandet mellombels. Ver førebudd på at reisa kan ta lengre tid enn ho pleier, heiter det frå vegvesenet.
Fare for snø på fjellet
Også på fjellet i Sør-Noreg blir det kraftig vind, og det kan komme snø. For dei som skal over fjellet, er det viktig å vere godt førebudd.
– Folk må vere førebudd på vêret som kjem. Skal du over fjellet, er det viktig å sko køyretøyet rett. Køyr med vinterdekk, ha med mat og varme klede og pass på at bilen er fullada eller har nok drivstoff, oppmodar avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.
– Om det kjem snø, er entreprenørane våre allereie førebudde på vinter og står klare med både mannskap og maskinar for å rydde fjellovergangane i helga om nødvendig, legg han til.
Må du ut og reise?
Haustferien er ein periode med auka trafikk på mange vegstrekningar, spesielt mot fjellområde og populære hyttekommunar.
– Vurder nøye om reisa bør og kan gjennomførast, seier Finden.
Han oppmodar folk til å følgje med på vêrvarselet og på vegvesen.no/trafikk eller i appen Vegvesen trafikk for å få ei fullstendig oversikt over situasjonen på vegane.
Sjå også: Yr – Farevarsler i Noreg