GIR RÅD: Tryggingsdirektør Svein Scheie i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Gunstein Myre, Nkom
Mobil og internett kan ryke: – Det viktigaste er å lade alt
Årets første hauststorm er venta å treffe store delar av landet på fredag. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) åtvarar om at både mobil- og internett kan ryke.
Meteorologisk institutt varslar svært kraftig vind og flaumfare denne helga. Særleg Sør-Noreg er utsett.
– Ekomnetta i Noreg er robuste, men når det blir varsla ekstremvêr over store område, kan både straum, mobil og internett falle ut, seier tryggingsdirektør Svein Scheie i Nkom.
– Lad opp alt
Han tilrår alle å lade opp mobiltelefonar, PC-ar, powebankar og elbilar.
– Lad opp alt. Då har du alternative straumkjelder viss det skulle oppstå eit straumbrot, seier Scheie.
Han trur dei færraste tenkjer over kor sårbar ein er når verken mobil eller internett fungerer.
– Plutseleg får me ikkje tak i familie, naboar eller hjelp. Ha derfor ein plan for korleis de får tak i kvarandre. Avtal faste kontaktpunkt, er rådet tryggingsdirektøren.
Dette bør du gjere
Nkom har utarbeidd fem eigenberedskapsråd som tryggingsdirektøren tilrår alle å setje seg inn i.
– Dersom du ikkje kjem i kontakt med 110, 112 eller 113, er det greitt å vite på førehand kvar din kommune har nauddekning. Går du inn på Nkom sine nettsider finn du ei oversikt over kvar i landet det er etablert forsterka ekom, seier Scheie.
– Ved straumbrot vil mobilkommunikasjon vere mogleg med naudstraum i opptil 72 timar, dersom du er kopla på ei mobilmast som er med i program for forsterka ekom, held han fram.
Han oppmodar òg til å ha ein batteridriven DAB-radio for myndigheitsinformasjon klar i tilfelle mobil og internett skulle bli borte.
– Aktiver òg Wifi tale på mobil, tilrår Scheie.
Fem råd når mobil- og internett fell bort:
Hald mobilen og anna utstyr lada. Sørg for å lade mobiltelefon, PC, nettbrett, powerbank og elbil. Har du bil som går på bensin eller diesel, bør du fylle tanken. Då har du alternative straumkjelder og kan kome deg dit du treng – også ved straumbrot.
Vel mobilabonnement frå ulike operatørar. Vurder abonnement hos ulike mobiloperatørar – så mistar ikkje alle i husstanden dekninga dersom det oppstår ein feil i eitt av mobilnetta. Mange mobiltelefonar har også moglegheit for å ha to eller fleire SIM-kort/eSIM. Nødnummer vil fungere så lenge minst éin operatør har dekning, uavhengig av abonnement. Har du ikkje dekning sjølv, kan du sjekke med naboen som kanskje har ein annan operatør som ikkje er råka.
Skaff ein batteridriven DAB-radio. Sørg for å ha ein DAB-radio som går på batteri tilgjengeleg heime. DAB-radio kan gi deg viktig informasjon viss mobilnettet er nede. Har du DAB-radio i bilen, kan den også vere ei nyttig informasjonskjelde dersom du må evakuere eller opphalde deg utanfor heimen.
Bruk wifi og naudstraum for å halde kontakt. Hugs at du kan bruke wifi på mobil til å ringe viss til dømes mobilnettet er nede. Dersom straumen er slått ut, men fibernettet framleis er oppe og går, kan du kople ruteren og modemet ditt på ein UPS-eining slik at internett framleis fungerer.
Orienter deg om nauddekning i kommunen. Mange kommunar har basestasjonar med reservestraum i opptil tre døgn – ofte i nærleiken av kommunehus eller rådhus. Viss du mistar mobildekninga heime, kan du dra dit (viss det er trygt) for å få kontakt med omverda. Sjekk på førehand kvar desse stadene finst i din kommune – du finn oversikt på nkom.no.
Les meir på nkom.no