TEK OVER: José Bakker tek over mange av dei oppgåvene som Synnøve Sudbø Kleppe har hatt i Bø blad.
Marta Kjøllesdal
Synnøve er veteranen i Bø blad, men no er det slutt
Ho har møtt abonnentar, annonsørar og dei som kjem innom i snart 24 år. I avishuset hender det ho går under kallenamnet mor.
Synnøve Sudbø Kleppe (67) er den som har jobba desidert lengst i Bø blad. Det manglar ein knapp månad på 24 år når ho no sluttar. Etter å ha trappa ned over eit par år, er det no heilt slutt for ho i avisverda. Når februar er over, er ho pensjonist. Siste arbeidsdag er 28. februar.