Får nasjonal pris for serie om sjølvmord
Bø blad er kåra til vinnar av Papagenoprisen, ein ny nasjonal pris. Bakgrunnen er artikkelserien «Kvar einaste av oss tel».
Torsdag 22. oktober kunne redaktør Hilde Eika Nesje og journalist Veronica Irmelin Ellingsen ta imot Papagenoprisen på eit stort arrangement i Pressens Hus i Oslo.
Kunstnaren Maud Angelica Behn har utforma prisen, og det var Behn sjølv som stod for overrekkinga av den gjæve prisen til Bø blad.
Papagenoprisen blir delt ut av Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), i samarbeid med Landsforeningen for etterlatte ved sjølvmord (LEVE).
Dette er ein ny nasjonal medie- og formidlingspris som skal løfte fram ansvarleg og etisk formidling om sjølvmord og livskriser.
Kvar einaste av oss tel
I sommar starta Bø blad serien «Kvar einaste av oss tel».
Gjennom fleire artiklar har journalist Veronica Irmelin Ellingsen sett søkelys på sjølvmord gjennom intervju med pårørande, menneske som har vore nær ved å ta sitt eige liv og folk i kriseteam og hjelpeapparat i Midt-Telemark.
Talmateriale til sakene har Bø blad fått frå Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.
Arbeidet har så langt ført til tolv artiklar som både er presenterte i nettavisa og på papir. Det er desse artiklane som gjer at Bø blad nå er heidra med Papagenoprisen.
– Verdig vinnar
Lokalavisa i Midt-Telemark er valt ut av ein fagjury beståande av representantar frå mediebransjen og ulike organisasjoner, leia av Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk redaktørforening.
Ifølgje prosjektleiar for Papagenoprisen og rådgivar ved RVTS, Julie Andreassen, har det blant dei nominerte vore fleire ulike nyheitsredaksjonar, forfattarar, influensarar, podkastar og organisasjonar.
Det er fagjuryen som har valt ut vinnar, men prosjektleiaren avslører at ho heiar på valet.
– Bø blad er ein kjempeflott og verdig vinnar, og eg synest fagjuryen har gjort gode vurderingar og lagt ned eit godt stykke arbeid. Sjølv om Bø blad er ein liten redaksjon, er de modige og framoverlente - og tar sats. De tør å satse på noko me veit har ein sjølvmordsførebyggande effekt, seier Andreassen.
Papagenoeffekten
Prisen har namn etter det som blir kalla papagenoeffekten. Namnet Papageno er henta frå Mozarts opera Tryllefløyten. I historia vurderer karakteren Papageno å ta sitt eige liv, men blir stoppa av andre som hjelper han til å sjå at det finst alternativ.
Papagenoeffekten er når aviser og andre medium fortel historier om menneske som har stått i krevjande og vanskelege livssituasjonar, men klart å kome seg ut av det, og viser alternative måtar å kome over det som har vore vanskeleg. Det kan ha sjølvmordsførebyggande effekt.
Fleire europeiske land har hatt Papagenoprisen i fleire år, mellom anna Danmark, men det er fyrste gongen den blir delt ut i Norge.
Glad, stolt og audmjuk
Redaktør Hilde Eika Nesje er både glad, stolt og audmjuk over at lokalavisa får den nyetablerte prisen.
– Me veit at det er mange andre dyktige formidlarar av sjølvmordsproblematikk, så dette betyr mykje for oss. Men mest av alt minner den oss på kvifor me gjer dette. Å jobbe med vanskelege, nære og tunge tema gjer jobben vår meiningsfull. Det gjer godt å sjå at det me publiserer faktisk kan bety noko for lesarane våre og kan gjere ein forskjell, seier ho.
Ho peikar på at me alle har eit ansvar for å sjå og ta vare på dei sårbare blant oss, og at openheit er eit verktøry som kan vere med og lyse opp dei mørke krokane.
– Lokalavisa sitt oppdrag er å spegle samfunnet og sette søkjelys på ulike deler av det. Sjølvmord er dessverre ein del av verkelegheita vår, og håpet er at me kan vere med og skape ein trygg arena for dei vanskelege samtalene i vårt eige nærmiljø, seier redaktøren.
Ho skryter av journalisten som har skrive artiklane med sjølvmordstema.
– Når ein set i gang slike prosjekt må ein ha folk som har lyst til å gjere det. Som redaktør har eg vore heldig å ha ein flink journalist som har gått inn i dette med medmenneskelegheit og stor respekt for dei ho har snakka med. Veronica har på ein svært god måte bidratt til ansvarleg formidling om sjølvmord, seier Eika Nesje.
Stor tillitserklæring
Fagjuryen uttalar at det å bli peika ut som den første vinnaren av ein nyetablert, nasjonal pris som har som målsetting å fremje og heidre eksempel på god, håpefull og ansvarleg formidling som kan bidra til å forebygge sjølvmord, er ei stor tillitserklæring.
– Bare det å bli nominert betyr at ein har sett spor etter seg i det førebyggande landskapet. Juryen har hatt ei positivt utfordrande oppgåve med å kåre ein vinnar, med tanke på alle dei gode nominasjonane som har blitt meldt inn. Det er rørande og inspirerande å sjå kva einskildpersonar og organisasjonar gjer for å fremje livshåpet gjennom ansvarleg formidling, og kva dette betyr for mange menneske i samfunnet, uttalar juryen vidare.
Viktige kriterium for prisen er blant anna at tiltaket skal auke bevisstheit og kunnskap om sjølvmordsførebygging gjennom ansvarleg formidling, løfte fram håp, meistring og alternative løysingar til sjølvmord og bidra til å bryte tabu og redusere stigma.