KVAR EINASTE AV OSS TEL:
– Det er ofte møtet med dei som sit igjen me tar med oss vidare
Når døden kjem brått, blir det siste farvel ein viktig del av sorgarbeidet.
– Dersom det er familiemedlemmer der når me kjem, har me berre éin sjanse til å vise omsorg og skape tryggleik gjennom eit trygt og varmt førsteinntrykk. Den sjansen får me ikkje igjen, seier Johan Haukvik ved Telemark Begravelsesbyrå.
Han har møtt rundt tusen familiar dei siste åtte åra. Nokre dødsfall kjem etter eit langt liv, der sjukdom og alderdom har gitt dei næraste tid til å førebu seg. Andre dødsfall kjem brått, brutalt og utan forvarsel, og etterlet spørsmål som aldri får svar.
Det er i møta med familiar som har opplevd bråe dødsfall at alvoret i jobben blir tydelegast.
– Nokre gonger er det veldig sterke inntrykk, men det er ein liten del av jobben. Heldigvis. Den viktigaste delen er å passe på og hjelpe dei som framleis lever, seier Haukvik.
Når telefonen kjem
Ved ulykker med dødsfall, sjølvmord eller når ein person døyr åleine, skal politiet rykke ut for å sjekke at ikkje noko kriminelt har skjedd.
Samtidig er gravferdsbyrået plikta til å vere på staden politiet rykker ut til innan ein time.
Derfor har dei døgnvakt som rullerer mellom dei tre tilsette, slik at dei kan komme om noko skjer. Dei er alltid to tilsette som rykker ut saman.
– Politiet kan ikkje forlate ein død person, og me legg beslag på politiet dersom me bruker lang tid til staden. Må dei vente på oss, er det tid dei kunne brukt ein annan stad der dei trengst, seier Haukvik.
På veg til ein ulykkesstad prøver dei å førebu seg både praktisk og mentalt.
– Me jobbar tett med operasjonssentralen for å få mest mogleg informasjon om korleis det ser ut og om det er noko spesielt me bør vere førebudde på før me kjem fram. Så brukar me tida i bilen til å snakke gjennom det som kan møte oss. Som regel har me kanskje førestilt oss noko verre enn det det faktisk er, men nokre gonger er det også motsett, seier han.
Haukvik understrekar òg kor viktig det er å snakke saman i etterkant.
– Det er mange inntrykk ein kan la kverne. Derfor har me faste rutinar for å prate med kvarandre. Du må kunne leggje det frå deg når du går heim, seier gravferdskonsulenten.
Samarbeid og varsam kontakt
Haukvik fortel at ved brå dødsfall er han ekstra bevisst når han tar kontakt med pårørande, sidan gravferdsbyrået også sel ei teneste.
– Me er snille menneske som vil hjelpe folk, og me har stor glede av det, men me driv ei bedrift som sel tenester til familiar. Derfor har eg antennene ute for den første telefonsamtalen. Eg vil ikkje mase på folk for å få dei til å kjøpe tenestene våre, seier han.
Kriseteamet i Midt-Telemark kan vere ein mellominstans i slike situasjonar.
– Eg har jobba med dette i mange år, så me kjenner kvarandre. Då kan eg ringe ein av dei, eller dei ringer meg, og så kan dei fortelje meg: «Ok, no trur eg kanskje du kan ta ein telefon.»
Haukvik fortel at godt samspel med nødetatar og Røde Kors òg er svært viktig.
– Me bur på ein liten stad, derfor kjenner og stolar ein på mange av menneska ein skal jobbe saman med. Det gjer det mykje lettare, seier han.
Møtet med dei etterlatne
Dødsfall ved ulykker og sjølvmord skjer ikkje ofte i vårt område, ifølgje gravferdskonsulenten. Haukvik anslår at dei rykker ut til sjølvmord eit par gonger i året i Midt Telemark.
I ein slik jobb er det då naturleg at det blir ulike inntrykk som kan kverne. Likevel er det sjeldan synsinntrykka som sit lengst, men møta med menneska som er igjen.
– Uansett kva som er årsaka til at nokon er død, skal dei som møter oss kjenne at me har tid til dei, at me bryr oss og vil hjelpe. Målet er at når me går derfrå, skal dei sitje att med ei oppleving av å bli møtt med respekt og omsorg, seier han.
Ved brå dødsfall er situasjonen likevel litt annleis. Dei etterlatne har ikkje fått forvarsel, og kan sitje att i sjokk, skuld og fortviling.
– Når ein gamal mann døyr etter lang tids sjukdom, har familien ofte rukke å tenkje at han ikkje kjem til å leve evig. Når døden kjem frå eitt minutt til det neste, slik han ofte gjer ved sjølvmord, treng folk ein heilt annan type tid. Dei må ta inn over seg det som har skjedd bit for bit, og det krev at me forheld oss til dei på ein annan måte, seier Haukvik.
Ingen situasjon er lik
Gravferdskonsulenten forklarer at reaksjonane til pårørande varierer. Nokon vil ordne alt med ein gong, andre orkar ikkje ta stilling til noko som helst.
Han hugsar forholda i samband med eit sjølvmord. Ein av de etterlatne sa: «No må me berre vente, det nyttar ikkje å skunde seg».
– I slike situasjonar kan du ikkje kome inn og vere effektiv. Dersom dei etterlatne framleis lever og openbert er mest prega, blir omsorga for den eller dei viktigast. Då legg me det praktiske til side og lèt dei pårørande styre tempoet vidare, seier han.
Behovet for eit siste farvel
Ein ting opplever Haukvik likevel at er likt ved brå dødsfall: Mange ønskjer å sjå personen dei har mista etter at gravferdskonsulenten har stelt dei.
– Ved sjølvmord ønskjer nesten alle å ta eit farvel ein annan stad enn der personen blei funnen. Å få sjå den døde på ein fredfull måte betyr mykje, seier avsluttar han.
For mange blir det òg avgjerande for å ta inn over seg at dødsfallet faktisk har skjedd.