MEINING:
– Når er nok nok?
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Forslaget om rådgjevande folkerøysting om hovudmål ved Bø skule har vore debattert dei siste vekene i Bø blad. Etter mitt syn har debatten vore noko einsidig.
Eg er samd med Ellen Schrumpf i at ei folkerøysting er unødvendig, men grunngjevinga mi er ei anna.
Tala talar sitt tydelege språk, utviklinga har gått i same retning gjennom mange år, og skulen står samtidig i ein krevjande ressurs- og bemanningssituasjon. Etter mitt syn burde politikarane ha eit meir enn godt nok grunnlag for å ta denne avgjerda sjølve utan folkerøysting.
I dag er det 443 elevar ved Bø skule. Berre 25 av desse har nynorsk som hovudmål. Det betyr at under 6 prosent har nynorsk i den såkalla nynorskbygda Bø.
Dette er heller ikkje ei utvikling som har kome plutseleg. Ho har gått gradvis av seg sjølv gjennom dei siste 25 åra, med liten påverknad utanfrå. Foreldre og elevar har år for år gjort sine val, og resultatet ser vi i dag.
Eg synest faktisk det er overraskande at ikkje fleire enn 6 prosent av elevane har nynorsk som hovudmål når vi er i Bø. Målformene i kommunen skal ha like vilkår, men dersom nynorsken skal ha ein berekraftig posisjon, må nokon fleire faktisk velje å bruke han.
Sigbjørn Hjelmbrekke skriv: «Det er no det gjeld!». Men eg er redd det er for seint. Eg meiner vi må våge å stille spørsmålet på ein annan måte:
Er det no det gjeld å ta inn over seg den utviklinga som faktisk allereie har skjedd?
Johanne Flottorp skriv: «Som folkemusikar og kulturskulelærar her, har eg gjennom mine sju år som tilsett i kommunen opplevd kor positive foreldre og elevar er til å lære songar og slåttar herfrå.» Dette trass i at mest sannsynleg 98 prosent av elevane på kulturskulen har bokmål på skulen (BUS). Er det då så viktig å ha nynorsk som hovudmål på skulen for å vere interessert i lokal kultur og tradisjon?
Bø mållag har sjølv hatt ein periode med liten aktivitet, og i omtalen i avisa blir det skildra som at laget har «smuldra litt bort». Det gjer det naturleg å stille eit spørsmål, utan at det er meint provoserande:
Kor stor er eigentleg interessa for nynorsk i Bø i dag?
Det er interessant at alle som har engasjert seg i debatten, sjølve har flytta til Bø. Det er sjølvsagt positivt, men eg saknar samtidig fleire røyster frå dei som har vakse opp med nynorsken i bygda. Difor er det gledeleg at Anders Hefre no tek over som leiar i Bø mållag.
Men for meg er ikkje dette først og fremst ein diskusjon om Bø mållag, språkpolitikk eller tradisjonar.
Det viktigaste er skulen, elevane og lærarane.
Når nynorskgruppa har blitt så lita, peikar lærarane på utfordringar med å organisere undervisninga og samtidig oppnå den kvaliteten dei ønskjer.
I alle verksemder er motiverte og engasjerte tilsette den viktigaste ressursen. Lærarane står i førstelinjene kvar einaste dag. Det er dei som kjenner utfordringane, ser konsekvensane og veit kvar skoen trykkjer.
Det er lærarane vi må lytte til.
Skulekvardagen handlar til slutt om langt meir enn prinsipp. Lærarane skal få kabalen til å gå opp kvar einaste dag. Elevane skal få god undervisning, og ressursane må brukast slik at dei gir best mogleg læring.
Margit Ims skriv at «Ein ressursorientert tenkjemåte er den pedagogisk førande i ei fleirkulturell tid». Det er eit godt poeng. Men i dagens skulekvardag handlar ressursar også om noko langt meir konkret: nok lærarar, nok tid og høve til å organisere undervisninga på ein god måte. Og det er nettopp desse ressursane det blir stadig mindre av.
Midt-Telemark kommune står i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Skulen må klare seg med stadig knappare ressursar og færre stillingsheimlar. Då blir det vanskeleg å forsvare ordningar som krev ekstra organisering og ressursar dersom dei samtidig gjer det vanskelegare å oppretthalde kvaliteten på undervisninga.
Vi kan ikkje be skulen om å gjere stadig meir med stadig mindre, og samtidig la vere å lytte til lærarane når dei fortel kva utfordringar dette gir.
Nynorsk forsvinn heller ikkje frå skulen sjølv om bokmål blir hovudmål. Nynorsk vil framleis vere ein del av norskfaget. Og ungdomsrådet har også gitt sitt syn på saka: nynorsk er litt «dølt».
Men tilbake til tala:
Skal nynorsk framleis vere hovudmålet ved Bø skule når berre 25 av 443 elevar har valt det?
På ungdomsskulen er utviklinga endå tydelegare. Der har 5 av 262 elevar nynorsk som hovudmål, altså rundt 2 prosent.
Tradisjon kan ikkje vere avgjerande for korleis vi organiserer Bø skule i 2026. Vi må også ta omsyn til dagens elevar, dagens lærarar og den økonomiske røyndomen vi står i.
Og kanskje aller viktigast: Vi må erkjenne at dette er ei utvikling som har gått gradvis gjennom fleire tiår.
I eit endå lengre perspektiv kan ein kanskje seie at utviklinga starta då jernbanen kom til Bø, og fekk ytterlegare fart med etableringa av Telemark distriktshøgskule i 1970. Bø har utvikla seg, fått nye innbyggjarar og blitt påverka utanfrå. Språkutviklinga er også ein del av denne historia.
Utvikling skjer ofte sakte, heilt til det plutseleg går fort.
Derfor synest eg dei som meiner at nynorsk framleis skal vere hovudmål ved Bø skule, bør svare på eitt ganske enkelt spørsmål:
Kor få nynorskelevar skal det vere før nok er nok?
No er det 25.
Kva om det blir 15?
10?
Eller 5?
På eit tidspunkt må vi ta konsekvensen av utviklinga.
Eg meiner vi har kome dit no.