MEINING:
– Det er no det gjeld!
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Meir enn noko anna er det språket som knyter oss saman som felleskap. Det gjeld på eit kvart tidspunkt, samt mellom generasjonane. Om ein vil ta vare på norsk kultur, så må ein ta vare på norsk språk. Dialektane er sjølvsagt ein del av dette, og det nynorske skriftspråket er eit standardisert uttrykk for alle dialektane og er den felles beraren av den norske språklege arven. Bokmål åleine er eit veldig snevert utsnitt av det norske språket.
Nynorsk språk er også ein berar av nedarva lokal kultur. Det nynorske språket inviterer på ein heilt annan måte enn bokmål til å ta i bruk nedarva lokale talemålsvariantar. I 118 år har nynorsk vore skulemålet i Bø.
Fleirtalet i formannskapet opna 12. oktober for at me kan koma til å gå over til bokmål som skulemål for skulane i Bø og med det bryta denne lange tradisjonen. Det håpar eg me får snudd i kommunestyret!
Alle skal lære både nynorsk og bokmål, og det å starte med nynorsk som første opplæringsspråk gir ein fordel. Då lærer ein i praksis bokmål òg. Denne fordelen har ein med seg også dersom ein seinare skiftar til bokmål. Å lære litt nynorsk er betre enn ikkje å lære noko.
Det er mange som har valt bokmål for borna sine i Bø. Og det er mange som skiftar over til bokmål i løpet av barneskulen eller ungdomsskulen. Det er heilt greitt. For kvar enkeltperson finst det mange grunnar til å velja slik. Men når så mange vel bokmål framfor nynorsk, då er det likevel eit strukturelt problem. Dersom det er så vanskeleg å vera nynorskelev, er det uttrykk for at me som skuleeigarar ikkje gjer jobben vår etter språklova eller etter opplæringslova.
Etter språklova har offentlege organ ansvar for å fremje og styrkje nynorsk språk som ein heilt sentral del av norsk kulturarv og skriftkultur. Me har blitt eksplisitt pålagt «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk».
Når me ser utfordringar knytt til å lære nynorsk bør me prøve positive tiltak for å ta vare på lokal og nasjonal språkleg arv. Det skuldar me alle bøheringane som kom før oss og alle som kjem etter oss. Det er feil å kapitulere på dei språkpolitiske målsettingane heilt utan å ha gjort eit forsøk på å nå dei.
Me treng eit krafttak for det nedarva norske språket, både i form av dialektane og i form av det nynorske skriftspråket. Alle som bryr seg om dette bør la politikarane sine høyre det. Det er no det gjeld!