MEINING:
– Er det ikkje verdt å prøve mindre drastiske og meir konstruktive måtar å lytte på?
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Midt-Telemark kommune er ein tospråkleg kommune. Og målformene skal ha like vilkår for bruk og utvikling.
Dette er frå den vedtatte politikken i Midt-Telemark kommune. På bakgrunn av det verkar forslaget om skulemålsrøysting ved Bø skule heilt bakvendt. Kva skjedde med like vilkår?
Demokratisk?
Det ser ut til at argumentasjon om demokrati stod sterkt da formannskapet landa på å gå for skulemålsrøysting ved alle skulane i Bø.
Å lytte til folk er sjølvsagt bra, men politikarar som vil lytte har ikkje for vane å bruke folkeavstemming som høyreapparat.
Skulemålsrøysting ved Bø skule er splittande ved at ein set nynorskelevar opp mot bokmålselevar i ei konstruert motsetning mellom dei. Det er potensielt belastande og kan verke negativt på elevane i mindretal.
Er det ikkje verdt å prøve mindre drastiske og meir konstruktive måtar å lytte på først?
Ved Bø skule er også det demokratiske allereie ivaretatt. Ein kan velja opplæringsspråk ved skulen slik det er no.
Om ein går over til å bli bokmålsskule og gjer det vanskelegare å velja nynorsk, korleis blir det meir demokratisk?
Litt historikk
Det er lett å skjønne at det kan vera tungvint med to opplæringsspråk i klasserommet. Det er heller ikkje nytt at lærarar opplever det slik.
I 2015 skreiv eg og ein kollega ei forskings- og utviklingsoppgåve om språkblanda klasser ved Bø skule som del av lektorutdanninga vår.
Vi arbeidde på vidaregåande skule og underviste bokmål- og nynorskelevar i same klasse der og ville undersøkje korleis andre lærarar praktiserte det. Vi ville òg vita meir om praksisen ved Bø skule, fordi det å ha språkblanda klasser på barnetrinnet var uvanleg og omstridt.
Bø skule starta med språkblanda klasser skuleåret 2003/2004 etter at ein hadde hatt eigen bokmålsklasse nokre år.
Bakgrunnen for å gå over til språkblanda klasser den gongen var at det var vanskeleg å organisere gruppene og ein opplevde det som uheldig å la språk styre klasseinndelinga.
Etter kvart blei det ein sedvane med språkblanda klasser, mange tenkte «slik gjer vi det her». Men det var ein praksis Bø skule var aleine om å prøve seg på. Og lærarane i klasserommet stod aleine i det å finne ut korleis ein skulle gjera dette på ein god måte.
Den gongen som no peika lærarar på meirarbeid og dårleg samvit for å ikkje kunne følge opp mindretalet tilstrekkeleg. Det dei etterlyste i 2015 var «praktiske tips til organisering, planlegging og undervisning». Om dei ikkje har fått det til no, er det på høg tid.
I kva grad har eigentleg kommunen følgt opp denne praksisen som liknar eit eksperiment? Spørsmål ein kunne sett på er korleis praksisen står seg opp mot opplæringslova og om det finst moglegheiter for tilskot for å møte utfordringar med språkblanda klasser som gjer det lettare for både lærarar og elevar.
Mangfald som ressurs eller problem?
Frå hausten 2015 og til i dag har eg hatt ungar som har hatt nynorsk opplæringsspråk ved skulen.
Som foreldre har vi enkelte gonger stilt spørsmål ved oppfølginga og praksisen med språkblanda klasser, ikkje minst med at dei spreier nynorskelevane i ulike klasser når dei byter om klassane.
Vi har blitt forsikra om at nynorskelevane får oppfølginga dei skal ha, og at det er eit positivt bidrag til alle klassane med tanke på språkleg mangfald at nynorskelevane blir fordelt.
På bakgrunn av det er det ganske skuffande å lesa kva skulen no har uttala. Det opplevest mest som å ha blitt lurt, eigentleg.
Eg observerer eit tydeleg skifte frå den ressursorienterte tenkjemåten skuleleiinga hadde i 2015 til ein problemorientert tenkjemåte i dag.
Ein ressursorientert tenkjemåte er den pedagogisk førande i ei fleirkulturell tid. Burde ein ikkje ha ambisjonar om ein slik tankegang også når det gjeld den felleskulturelle språksituasjonen?
Eg ønskjer ein diskusjon om språkpraksisen ved Bø skule velkommen, men håpar utfallet er at ein tar tak i korleis ein best kan få til gode vilkår for både elevar som har bokmål og nynorsk som opplæringsspråk framover.