MEINING:

MEINING: Per Oskar Strand på traktoren heime.

– Når blir bonden ein «hobbybonde»?

Du les nå eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

I norsk samfunnsdebatt blir ordet «hobbybonde» brukt stadig oftare. 

Ved første augeblikk kan uttrykket verke uskuldig, men bak ordet ligg både haldningar, politikk og eit syn på kva som blir rekna som «ekte» jordbruk.

Eit ord med bismak

Vi seier sjeldan «hobbysykepleiar» om ein deltidsarbeidande sjukepleiar, eller «hobbylærar» om ein lærar som arbeider redusert stilling. 

Likevel blir «hobbybonde» ofte brukt om bønder som har inntekt utanfor garden. 

For mange opplevast dette som nedsetjande. Ordet kan gi inntrykk av at drifta er mindre seriøs eller mindre viktig, sjølv om ansvaret for dyr, jord, skog og bygningar er like reelt kvar einaste dag.

Profesjonell – eller berre liten?

Gjennom store delar av norsk historie har kombinasjonsdrift vore normalen. Folk har kombinert jordbruk med fiske, skogsarbeid, industriarbeid eller sesongarbeid. Mange småbruk har halde bygdene levande og kulturlandskapet ope. 

Med dagens språkbruk kunne mange av desse blitt omtala som «hobbybønder», sjølv om arbeidsinnsatsen var enorm.

I vår tid blir profesjonalitet ofte målt i storleik, volum og effektivitet. Men også mindre driftseiningar kan vere fagleg svært godt drivne. Mange deltidsbønder har agronomutdanning, generasjonars erfaring og djup kunnskap om dyrehald, jord og beitebruk. 

Samtidig spelar små og mellomstore bruk ei viktig rolle for biologisk mangfald, kulturlandskap, beredskap og busetjing i distrikta.

Små bruk har dessutan ofte ein annan fleksibilitet enn dei største einingane. Dei kan ta vare på brattlendt jord, utmarksbeite og lokale ressursar som elles lett ville gro att. 

Mange driv også med nisjeproduksjon, foredling eller lokalmat – verdiar som i aukande grad blir etterspurde av forbrukarane.

Ulike syn i landbruket

Forskjellen mellom Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag illustrerer også ulike syn på utviklinga i norsk landbruk. 

Bondelaget har ofte lagt størst vekt på økonomi, produksjon og konkurransekraft, medan Småbrukarlaget tradisjonelt har løfta fram små og mellomstore bruk, distriktsjordbruk og desentralisert drift. 

Begge organisasjonane ønskjer eit levande landbruk, men dei vektlegg ulike sider ved utviklinga.

Jordbruksavtalen og botnfrådraget

Mitt eige engasjement i denne debatten blei aktualisert då botnfrådraget i produksjonstilskotet blei auka frå 6 000 til 11 000 kroner. 

Sidan frådraget er likt for alle, slår det relativt hardare ut for små bruk enn for store. For mange småbrukarar kan dette opplevast som eit signal om at mindre driftseiningar blir verdsette lågare enn større og meir produksjonsintensive bruk.

Andre meiner på si side at støtteordningane må prioritere aktiv og lønnsam matproduksjon. 

Då staten opphavleg foreslo eit botnfrådrag på 12 000 kroner, blei det mellom anna grunngitt med ønsket om å avgrense støtte til det som blei omtala som «hobbybruk». 

Nettopp derfor blir også språkbruken viktig. Ord formar haldningar – og haldningar påverkar politikken.

VÅRONN: Pløyinga er i gang i Midt-Telemark.

Meir enn berre økonomi

Diskusjonen handlar etter mi meining om langt meir enn tilskot og produksjonsvolum. Ho handlar om kva slags landbruk samfunnet ønskjer å ha i framtida. 

Skal jordbruket først og fremst vere effektiv matproduksjon, eller skal det også vere forvaltning av natur, kulturarv, beredskap, dyrevelferd og bygdeliv?

I ei tid med uro i verdshandelen, klimaendringar og aukande fokus på sjølvforsyning kan det vere grunn til å spørje om ikkje også dei små bruka representerer ein viktig del av den nasjonale beredskapen. 

Eit mangfaldig landbruk gir ikkje berre mat, men også kunnskap, busetjing og levande lokalsamfunn.

Kanskje er derfor ikkje det viktigaste spørsmålet kven som er «hobbybonde», men kva verdiar vi ønskjer skal få plass i framtidas norske landbruk.

 

Powered by Labrador CMS