MEINING:
– Go-Ahead og Entur: Forbetringspotesialet er stort
Tidenes dårlegaste reform - høgresida si privatisering av jernbanen i Norge - får stadig nye håplause utslag.
No nyleg har eg kome meg til Bergen frå Bø med tog, og vidare frå Voss til Oslo att med tog, og tilbakars til Bø, men det har jammen kosta meg mykje arbeid og frustrasjon!
DEL 1:
Fyrste etappe frå Bø til Drammen var det (sjølvsagt) buss for tog med Go-Ahead, og me fekk beskjed om å møte til normal tid for toget, 10.23, men ingen buss dukka opp, heller ingen informasjon på tavla om kvar bussen var eller når bussen skulle dukke opp.
Det gjekk ein halvtime, og eg begynte å bli nervøs fordi eg skulle ha eit tog vidare frå Drammen til Bergen, med i utgangspunktet cirka 1 times klaring.
Då var det berre éin moglegheit: Eg ringde Entur, men der var det telefonkø, eg sat i cirka tre kvarter og venta på svar, og framleis ingen informasjon på tavla på Bø stasjon (eller i høgtalaren på stasjonen) når tid bussen frå Kristiansund skulle koma.
Då eg endeleg fekk svar, fekk eg greie på at bussen frå Kristiansand var ventande cirka klokka 12.00, halvannan time forsinka.
Dei to andre hadde då i mellomtida funne ut at dei måtte ta ein buss til Skien for å ta toget vidare derifrå til Oslo. Medan det gjekk opp for meg at eg ikkje ville rekkje bergenstoget i Drammen.
Men eg skulle få ny billett til neste tog, 3 timar etter, og med det gjekk eg glipp av ein festmiddag i Bergen, men skitt au, eg kom fram til Bergen, og 3 timar for seint var ikkje meir å gråte over.
Og Vy skal ha skryt, for dei var heilt i rute framme i Bergen.
Go-Ahead skuldar på at dei har store problem med alt teknisk knytt til toga sine, og det kan ein ha forståing for, men at dei sviktar òg når det gjeld informasjon til kundane som sit og ventar, det finst det berre eitt ord for: utilgjeveleg uduglegheit!
Einaste trøyst er at dei ikkje får fornya kontrakten sin etter denne perioden.
Og alt må vel bli betre når nytt selskap tek over, for botnen må vel snart vera nådd når det gjeld kva Go-Ahead (ikkje) greier å få til.
DEL 2 - heimreisa:
Så skulle eg bestille billett tilbake frå Voss til Oslo nokre dagar etterpå, og då møter eg fylgjande problem på appen Entur: Avgangen min frå Voss til Oslo sundag morgon er utseld, eller som eit alternativ, ein billettpris på 3999 kr, på denne strekninga!
Eg var i Hardanger og tenkte då at då må eg berre koma meg til Bergen og ta eit fly, det er berre ein fjerdedel av prisen.
Men så tenkte eg at der er éin metode som er verdt å sjekke ut: Finne ut om det er mogleg å splitte opp reisa mi med Vy-toget austover.
Så etter litt strev fann eg ut at om eg fyrst bestiller billett til Nesbyen, så gjeng dette kanskje, og ja, det gjekk fint, men frå Nesbyen og vidare til Oslo var det framleis utseld.
Men neste strekning til Hønefoss var det ledige plassar, så med det var eg komen til Hønefoss. Men eg måtte bestille min tredje billett på denne reisa med det same toget mellom Voss og Oslo!
Og alt dette tok sjølvsagt tid. Er det slik den miljøvenlege jernbanen i Norge skal få fleire passasjerar?
Det er vel heller det motsette som skjer når Entur har slike tulleordningar når det gjeld å skaffe seg billettar?
Så Entur får òg dessverre berre terningkast 1 av meg denne gongen.
Og med informasjonsfallitten til Go-Ahead friskt i minnet, må til og med ein togentusiast som meg oftare vurdere andre framkomstmiddel enn toget, dersom ting ikkje endrar seg.