LEIAR:
Kor har du det frå - det du snakkar om?
I dag er det på dagen 40 år sidan Bø blad såg dagens lys. Me er stolte av å få jobbe i lokalavisa for heile Midt-Telemark.
Når du og dine sit rundt bordet, på venterommet, er i butikken eller i bilen, og diskuterer ei sak frå kommunestyret, ein konflikt i lokalsamfunnet, eit nytt vegprosjekt eller ein konsert – har du nokon gong stoppa opp og spurt deg sjølv: Kor har eg eigentleg det frå? Kvifor veit eg det eg veit om lokalsamfunnet vårt?
Svaret vil truleg vere: Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.
I 40 år har lokalavisa skrive om det som skjer der du bur. Bø blad starta som avis for bøheringar, men i dag skriv me for både bøheringar og sauheringar. Saman er me midt-telemarkingar, og Bø blad er lokalavisa for heile kommunen.
Me skriv om hendingane, folka og avgjerslene som er viktige for deg som er innbyggjar her, og me skriv om alt det som ingen andre skriv om herfrå.
Viss du vil halde deg oppdatert, må du følgje med hos den som dekker mest av smått og stort og ikkje bare dukkar opp av og til skrapar på overflata - eller kjem og går med dei store sensasjonane.
Det har vore ei rivande utvikling i Bø blad sidan den aller første papiravisa på fire sider kom ut 27. august 1986.
I dag leverer me eit moderne produkt med kontinuerleg digital dekning og papiravis ein gong i veka. Digitaliseringa har kome for å bli, og ho gjer oss konkurransedyktige i eit fylke med mange aviser.
Frå å vere to tilsette i starten, er me i dag åtte medarbeidarar som held koken kvar dag for å gje deg siste nytt.
Me gjer det sjølvsagt betre i dag enn for 40 år sidan, det skulle bare mangle! Det betyr langt ifrå at alt er perfekt og at me ikkje har noko å strekke oss etter. Det er mykje me kan bli betre på og ambisjonar må me ha. Så me lener oss aldri tilbake, men prøver alltid å bli betre.
Det beste med jobben i lokalavisa er å møte dei spennande menneska som speglar lokalsamfunnet vårt. Det er dessutan meiningsfylt å vise fram og grave i det som skjer på ulike samfunnsområde - og opplyse om det som blir bestemt på innbyggjarane sine vegner.
Me er òg stolte av å vere ein viktig debattarena og eit bindeledd mellom folk i kommunen, og me trur med skapar identitet gjennom journalistikken vår.
I ein uendeleg informasjonsflyt, der det blir stadig vanskelegare å skilje mellom kva som er sant og ikkje, er eit redaktørstyrt medium viktigare enn nokon gong.
Dei minste lokalavisene er sjølve berebjelken i lokaldemokratiet, og du skal vere trygg på at Bø blad sjekkar kjelder og tek ansvar for innhaldet i avisa på ein etisk og forsvarleg måte.
Vil du fortsatt ha ei lokalavis i Midt-Telemark, må du bruke ho. Bø blad treng både annonsørar og betalande lesarar for å overleve.
Me tek vårt ansvar, men du som bur i kommunen har òg eit ansvar for at lokalsamfunnet har ei eiga røyst.